Demping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Demping syner til eit effekttap i ein elektrisk krins, ein kabel eller ei transmisjonslinje, ein akustisk krins, eit mekanisk oscillerande system, etc. Demping tyder at systemet taper energi, som vert omforma til termisk energi og absorbert. Di større dempinga er, di større er effekttapet (energitap per tidseining) og di fortare døyr svingningane ut.

I elektriske krinsar fungerer Ohmsk motstand til demping, i akustiske- og hydrodynamisk krinsar er det viskosit som gjev opphav til demping og i mekaniske system er det friksjon. Ein støytdempar på ein bil har som oppgåve å dempa dei mekaniske svingningane som oppstår når ein køyrer på ujamt underlag.

Dempinga til eit system kan verta oppgjeven som absolutt demping, relativ demping, eller som ein Q-veridi, Inna telekommunikasjon, akustikk og audioteknologi nyttar ein som oftast Q-verdie, medan relativ demping er mest nytta innan reguleringsteknikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]