Dené-jenisejiske språk
Dené-jenisejiske språk | ||
Vidare inndeling: | ||
Tala i: | ![]() ![]() ![]() ![]() | |
Dené-jenisejiske språk er ein foreslått språkfamilie som består av dei jenisejiske språka i sentrale Sibir og na-dené-språka i nordvestlege Nord-Amerika.
Mottakinga blant fagfolk har i mange tilfelle vore positiv. Dené-jenisejisk har av tilhengarane vorte kalla «den første demonstrasjonen av ein genetisk slektskap mellom språkfamiliar frå den gamle og den nye verda som lever opp til standardane i tradisjonell komparativ-historisk lingvistikk».[1] Skeptikarar har peikt på mangelen på både eit felles ordforråd og eit rekonstruert lydsystem, mens tilhengarane (som Vadja 2013) hevdar at releksikalifisering har fjerna det gamle ordforrådet.
Tidleg arbeid
[endre | endre wikiteksten]Både amatørar og profesjonelle forskarar innan historisk språkvitskap har lenge søkt å koble saman språkfamiliane i verda inn i større makrofamiliar. Den moglege slektskapen mellom jenisejiske språk og na-dené-språk vart først foreslått av Alfredo Tombretti i 1923. Mykje av den tidlege bevisføringa var typologisk; mellom anna har begge familiane ein agglutinerande prefiksverbstruktur, noko som er sjeldan mellom anna språk i Asia. Typologisk slektskap blir i regelen ikkje sett på som eit godt nok argument for språkslektskap.
Dei siste åra har det vorte gjort fleire forsøk på å kopla saman ulike språkfamiliar og isolerte språk med prefiksverbstrukturar, blant jenisejiske språk, na-dené-språk, pontiske språk (nordvestkaukasiske språk), dagestanske språk (nordaustkaukasiske språk), og dessutan dei isolerte språka burushaski og sumerisk, inn i ein vidstrekt dené-kaukasisk språkfamilie av dei som støttar ei genetisk kopling.
Den første fagfellevurderte utgivinga som foreslo eksistensen av ein eigen dené-jenisejisk språkfamilie vart skrive av makrofamilietilhengjaren Merritt Ruhlen (1998) i Proceedings of the National Academy of the Sciences, USA.[2] Edward Vajda seier likevel at 26 av dei 34 ordsetta til Ruhlen er ord som berre tilfeldigvis liknar, medan åtte av ordsetta følgjer Vajdas reglar for lydkorrespondanse. Uavhengig av dette foreslo Michael Fortescue den moglege eksistensen av ein dené-jenisejisk språkfamilie i boka Language Relations Across the Bering Strait frå 1998.[3] Han skriv: «Eg har gjennomgåande prøvd å finna ein mellomveg mellom den lettvinte optimismen til ‘lumpers’ og pessimismen til ortodokse ‘splitters’ når det gjeld djup genetisk slektskap på tvers av kontinent».
Kommentaren til Fortescue hentyder til det faktumet at vitskapleg forsking på vidstrekkande språkleg slektskap er komplisert på grunn av ideologisk usemje mellom «lumpers» og «splitters», der «lumpers» blir karikerte som klønete amatørar som er villige til å gruppera språkfamiliar saman basert på tilfeldige likskapar, medan «splitters» blir karikerte som rigide handhevarar av ortodoksi som er villige til å overdøyva forskarar som er usamde i deira tru på at vidstrekte koplingar er umoglege å etablera.[4][5]
Det er likevel ikkje nok å vere usamd, det må også argument til. Den avgjerande faktoren for å etablere språkslektskap er ikkje berre å finne "vidstrekte koplingar" men å setje desse framlegga inn i eit sett av lydhistoriske endringar attende til eit felles rekonstruert urspråk.
Edward Vajdas forslag
[endre | endre wikiteksten]På ein konferanse i Alaska i 2008 summerte Edward Vajda frå Western Washington University opp ti års forsking, basert på verbalmorfologi og ein rekonstruksjon av eit sams jenisejisk-na-dene-urspråk, som indikerer at jenisejiske språk og na-dené-språk kan vera i slekt. Oppsummeringa av Vajda si forsking vart gitt ut i juni 2010 i The Dene-Yeniseian Connection i Anthropological Papers of the University of Alaska. Artikkelsamlinga, som er redigert av James Kari og Ben Potter, inneheld artiklar frå ein konferanse 26.–29 februar 2008, og fleire andre artiklar. I tillegg til hovudartikkelen av Vajda er det ei handsaming av den historiske fonologien til na-dené-språk av Jeff Leer, og dessutan kritikkar frå fleire språkspesialistar og artiklar om ei rekkje emne (arkeologi, forhistorie, etnogeografi, genetikk, slektskap og folkeminne) av ekspertar på desse felta.
Bevisa som Vajda kjem med inkluderer over 110 morfemkognatar og rundt ti homologe verbprefiks og -suffiks. Vajda samanlikna dei eksisterande rekonstruerte urspråka for jenisejisk og na-dené, tilpassa rekonstruksjonen basert på det moglege slektskapstilhøvet mellom dei to, og foreslo lydforskyvingar som koplar dei saman til eit hypotetisk dené-jenisejisk urspråk. Han foreslo at toneforskjellane i jenisejisk oppstod med nærværet eller fråværet av glottaliserte konsonantar i kodaen til stavinga, som framleis er til stades i na-dené-språkene. Dessverre var det færre framlegg til leksikalsk samsvar språka i mellom i artikkelen hans.
Vajda og andre merkar seg også at det ikkje er nokon overtydande bevis på at haida er i slekt med verken na-dené-språka eller jenisejiske språk. Om den større dené-kaukasiske hypotesen fann ikkje Vajda same slags morfologiske samsvar med desse andre språkfamiliane som han fann mellom na-dené og jenisejisk, men såg heller ikkje bort frå at dette kunne finnast, og oppmoda til at det blir gjort meir forsking på dette. Haida har ein heilt annan morfologisk struktur enn både ketisk og na-dene-språka, så her vil det vere vanskeleg å finne morfologisk samsvar, i tillegg til vanskane med å finne leksikalsk samsvar.
I 2011 gav ut Vajda ein kort annotert bibliografi over dené-jenisejiske språk. 24 mars 2012 heldt Alaska Native Language Center eit seminar om dené-jenisejiske språk ved University of Alaska Fairbanks. Det var ni artiklar, dei første nye artiklane sidan utgivinga i 2010. Ein video frå seminaret ligg på YouTube, men ingenting er publisert.
I Vajda sine presentasjonar under seminaret i 2012 la han til fleire språkvitskaplege og ikkje-språkvitskaplege bevis.[6] Han diskuterte ein studie han hadde gjort med Johanna Nichols der dei undersøkte historia til komplekse prefiksverbstrukturar i diverse språkfamiliar som har denne typen morfologi. Konklusjonen hans var at slike strukturar, i strid med rådande oppfatning, ofte blir bevarte intakt med lite endring over fleire tusen år, og at det dermed kan vera ein sterkare indikator på slektskap enn dei leksikalske sambanda som vanlegvis blir søkte. Han var samd i at leksikale bevis på genetisk slektskap vil vera nærast umogleg å oppdaga etter 8 000–10 000 år med åtskiljing, men foreslo at visse typar kompleks morfologi kan halda seg stabile utover denne tidsperioden. Vidare evidens for dené-jenisejisk finst i Vajdas artikkel «Vestigial possessive morphology in Na-Dene and Yeniseian» frå 2013 Vajda viser samanlikningar som er argument eit felles dené-jenisejisk possessivt prefiks (kanskje ŋ) som dukkar opp i substantiv, postposisjonar, retningsord og demonstrativer i athabaskiske språk, eyak, tlingit og jenisejiske språk. Vajda foreslår også éin ny leksikal kognat: Retningsanviseren *ñəs-d «framover», «ut på ope vatn» frå urathabaskisk, mot den jenisejiske rota es «ope område».[7] I ein annan artikkel frå 2013 diskuterer Vajda trekk i ketisk som har oppstått på grunn av langvarig geografisk kontakt med suffiksbrukande agglutinerande språk.
I presentasjonen sin i 2012 tek Vajda også opp ikkje-språkvitskaplege bevis, inkludert analysar av haplogrupper av Y-kromosom og mitokondrielt DNA, som blir bevart uendra i respektivt mannlege og kvinnelege ledd, utanom ved mutasjonar. Hans mest overbevisande bevis her er den Y-kromosomielle haplogruppa Q1, som oppstod rundt 15 000 og finst hos nesten alle amerikanske urfolk og nesten alle jenisejiske ketere (90 %), men nesten ingen andre stader i Eurasia utonm hos selkupere (65 %), som i hundreår har gifta seg med ketere. På grunn av dette og andre bevis foreslår Vajda eit urdené-jenisejisk heimland i nærleiken av elvane Amur og Aldan. Dette folket ville ha vore jegerar og samlarar, til liks med dei moderne jenisejerne og i motsetning til nesten alle andre sibirske folkeslag (utanom nokon paleosibirske folkeslag ved stillehavet i Sibir, som ikkje ser ut til å vera genetisk i slekt med jenisejerne). Etter kvart vart alle etterkommarane i Eurasia utrydda av spreiinga av reingjetande pastoralister (altså dei som snakkar dei såkalla altaiske språka), utanom dei moderne jenisejerne, som var i stand til å overleva i myrområder langt vest langs elva Jenisej fordi det er for mykje myggar der til at rein enkelt kan overleva. Karibuane vart derimot aldri tamde, så forfedrane til dei moderne na-dené-folka fekk aldri same trussel.[6]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Då teorien hans vart gitt ut vart forslaget til Vajda teke godt imot – men av og til med atterhald – av ekspertar på både na-dené-språk og jenisejiske språk, blant dei Michael Krauss, James Kari og Heinrich Werner, og dessutan fleire andre respekterte språkforskarar, som Bernard Comrie, Johanna Nichols, Victor Golla, Michael Fortescue, Eric Hamp og Bill Poser.[8] Eit prominent unntak er ein kritikk av artiklane av Lyle Campbell, med eit tilsvar frå Vajda publisert i 2011 som tilseier at saka enno ikkje er fastsett.[9][10] Andre gjennomgangar og notisar dukka opp i 2011 og 2012 av Keren Rice, Jared Diamond[11] og Michael Dunn[12][13] Sicoli og Hilton (2014) brukte bayesiansk analyse på typologiske data frå na-dené-språk og jenisejiske språk som tyder på at den dené-jenjiseiske sambandet «meir sannsynleg representerer ein radiasjon ut frå Beringsundet med ein tilbakemigrasjon til Sentral-Asia enn ein migrasjon frå Vest- eller Sentral-Asia til Nord-Amerika».[14][15][16] Språkforskaren Paul Kiparsky godkjende teorien i 2015, og skreiv at «den morfologiske parallellismen og dei fonologiske likskapane blant korresponderande affiks er svært tankevekkjande, men dei mest overbevisande bevisa for ein faktisk slektskap kjem frå lydkorrespondansane som kan gjerast greie for med uavhengig motiverte regelrette lydendringar».[17]
Det svake punktet i hypotesen er mangelen på leksikalsk samsvar og mangelen på eit felles rekonstrukert urspråk det er mogleg å vise at delar av ordforrådet i ketisk og denespråka eller i det minste eyak er henta frå. Samsvaret *ñəs-d ~ *es i seg sjølv er nok, ei rot *VK er ikkje mykje og må bli sett inn i eit større system for å vere overtydande.
Framlegg til klassifisering
[endre | endre wikiteksten]Framlegget er eitt urspråk på amerikansk side med to forgreiningar, ei binær forgreining før dette og ei forgreining i tilingit, eyak og ur-athabaskisk.
Dené-jenisejiske språk |
| ||||||||||||||||||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bernard Comrie (2008). «Why the Dene-Yeniseic Hypothesis Is Exciting». Dene-Yeniseic Symposium (på engelsk).
- ↑ Merritt Ruhlen (1998). «The origin of Na-Dene» (PDF). Proceedings of the National Academy of the Sciences (på engelsk).
- ↑ Michael D. Fortescue. Language Relations Across the Bering Strait (på engelsk). Bloomsbury Academic. ISBN 0304703303.
- ↑ Lyle Campbell (2004). Historical Linguistics: An Introduction (på engelsk) (2 utg.). Edinburgh University Press. ISBN 0748619054.
- ↑ Merritt Ruhlen (1994). The Origin of Language: Tracing the Evolution of the Mother Tongue (på engelsk). Wiley. ISBN 0471584266.
- ↑ 6,0 6,1 Edward Vajda (2012). Georgaphy, Demography and Time Depth: Explaining how Dene-Yeniseian is possible. 2012 Dene-Yeniseian Workshop (Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks). Henta 17. mars 2017.
- ↑ Vajda 2013a.
- ↑ Bill Poser (25. august 2008). «The languages of the Caucasus» (på engelsk). Henta 17. mars 2017.
- ↑ Lyle Campbell (2011). «Review of The Dene-Yeniseian Connection (Kari and Potter)». International Journal of American Linguistics (på engelsk) (77): 445–451.
- ↑ Edward Vajda (2011). «A Response to Campbell». International Journal of American Linguistics (på engelsk) (77): 445–451.
- ↑ Jared Diamond (2011). «Linguistics: Deep relationships between languages». Nature (på engelsk) (476 (7360)): 291–292.
- ↑ Michael Dunn (2012). «Review of the Dene-Yeniseian Connection (Kari and Potter, eds.)». Language (på engelsk) (88(2)).
- ↑ Keren Rice (2011). «Review of The Dene-Yeniseian Connection, ed. by James Kari and Ben A. Potter». Diachronica (på engelsk) (28:2): 255–271.
- ↑ Mark A. Sicoli og Gary Holton (2014). «Linguistic Phylogenies Support Back-Migration from Beringia to Asia». PLoS ONE (på engelsk). doi:10.1371/journal.pone.0091722.
- ↑ Nicholas Wade (12. mars 2014). «Pause Is Seen in a Continent's Peopling». The New York Times (på engelsk). Henta 17. mars 2017.
- ↑ Joseph Stromberg (12. mars 2014). «Ancient Migration Patterns to North America Are Hidden in Languages Spoken Today». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta 17. mars 2017.
- ↑ Paul Kiparsky (2015). C. Bowern; B. Evans, red. «New perspectives in historical linguistics». The Routledge Handbook of Historical Linguistics (på engelsk): 65–67.
- Denne artikkelen bygger på «Dené-jenisejiske språk» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2025.
- Bibliografi
- «The Dene-Yeniseian Connection, Bridging Asia and North America» (på engelsk). Fairbanks: University of Alaska Fairbanks, Department of Anthropology: 1–24.
- «A Siberian Link with Na-Dene Languages» (på engelsk). Fairbanks: University of Alaska Fairbanks, Department of Anthropology: 33–99.
- «Yeniseian, Na-Dene, and Historical Linguistics» (på engelsk). Fairbanks: University of Alaska Fairbanks, Department of Anthropology: 100–118.
- «Dene-Yeniseian» (på engelsk). Oxford Bibliographies. doi:10.1093/OBO/9780199772810-0064.
- «Vestigial possessive morphology in Na-Dene and Yeniseian» (PDF) (på engelsk). Henta 17. mars 2017.
- «Metathesis and Reanalysis in Ket» (på engelsk). Western Washington University.