Den Danske Ordbog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den Danske Ordbog er ei ordbok i seks band over dansk i perioden frå ca. 1950 og fungerer som eit framhald av Ordbog over det danske Sprog. Ordboka blir gjeven ut av Det Danske Sprog- og Litteraturselskab, og det siste bandet kom ut i november 2005 (første bandet kom ut i november 2003). Boka inneheld rundt 100 000 oppslagsord.

Den Dansken Ordbog byggjer på eit særs omfattande, elektronisk tekstkorpus på ca. 40 millionar ord. Tekstane som var med i korpuset stamma frå vidt ulike kjelder som spenna frå dagboksoppteikningar frå forskingsprosjekt som Nationalmuseet sitt prosjekt «Vi skriver dagbog» over tekster frå Folketinget og Københavns borgerrepresentasjon til skjønnlitterære tekstar frå ulike forlag. På dette punktet skil Den Danske Ordbog seg markant frå «forgjengaren» Ordbog over det danske Sprog, som hovudsakleg er basert på tekstar frå forfattarar og andre profesjonelle språkbrukarar og såleis ikkje dekker same spreiing i høve til sjangar, stil og dialektar som den moderne etterfølgjaren.

I november 2009 blei ein digital versjon av ordboka tilgjengeleg på internett via ordnet.dk. I 2013 blei det lansert ein app med ordboka. Denne vann i kategorien «Nyheder & Reference» ved Danish App Awards 2013. Appen er gratis å bruka, utvikla både for Google Android og Apple IOS.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]