Den Hirschsprungske Samling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den Hirschsprungske Samling
Den Hirschsprungske Samling - DSC07321.JPG
StadKøbenhavn
Skipa1902
Opna8. juli 1911
MuseumstypeKunstmuseum
DirektørGertrud Oelsner[1]
Nettstadhttp://www.hirschsprung.dk/

Den Hirschsprungske Samling er eit kunstmuseum i København. Museet opna i 1911 og inneheld dansk kunst frå 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.[2] Det er særleg lagt vekt på dansk gullalderkunst frå 1800–1850, men òg Skagensmålarane og andre representantar for det moderne gjennombrotet er representerte. Kunstverka er stilt ut saman med interiører og møblar frå heimane til den enkelte kunstnar.

Samlinga vart skipa av tobakkfabrikant Heinrich Hirschsprung og kona Pauline, som donerte si private kunstsamling til den danske stat i 1902.[2]

Museet stiller ut meir enn 700 kunstverk og alle dei store målarane frå den danske gullalderen er representerte, som C.W. Eckersberg, Christen Købke, Wilhelm Bendz, Wilhelm Marstrand, J. Th. Lundbye, Dankvart Dreyer og Martinus Rørbye med fleire.

Av Skagensmålarane og andre representanter for det moderne gjennombrot finst mellom anna P.S. Krøyer, Michael og Anna Ancher og Theodor Philipsen i tillegg til fleire av kunstnarane frå Fyn.

Bygninga[endre | endre wikiteksten]

Bygninga til museet er teikna av den danske arkitekten H.B. Storck og stod ferdig i 1911. Den blei freda i 1995.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Den Hirschsprungske Samling / Administration» (dansk). Den Hirschsprungske Samling. Henta 21. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Den Hirschsprungske Samling / Samlingen» (dansk). Den Hirschsprungske Samling. Henta 21. mars 2017. 
  3. «Den Hirschsprungske Samling / Museumsbygningen» (dansk). Den Hirschsprungske Samling. Henta 21. mars 2017.