Den norske filmfestivalen i Haugesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den Norske Filmfestivalen)

Den norske filmfestivalen i Haugesund blir arrangert i byen kvar haust. Festivalen er eit aksjeselskap som har Film & Kino, Rogaland fylkeskommune og Haugesund kommune som eigarar. Kronprins Haakon er høg beskyttar for festivalen og Liv Ullmann er ærespresident.[1] Det blir vist filmar frå mange ulike land og Amandaprisen blir utdelt i tilknyting til festivalen.

Den fyrste filmfestivalen vart halden i Drøbak i 1973. Festivalen heldt fram i åra som fylgte, men flytte no rundt frå by til by i Noreg. Amandaprisen vart utdelt fyrste gongen i 1985, og filmfestivalen vart arrangert fast i Haugesund frå og med 1987.[2] Dei seinare åra har også New Nordic Films vorte arrangert under festivalen. Dette er eit forum for auka internasjonal lansering av nye, nordiske filmar.[3]

Andre prisar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Amandautdelinga blir det delt ut fleire prisar under festivalen. Desse er:

  • Den norske filmkritikarprisen
  • Gledessprederen
  • Publikumsprisen
  • Viaplay Nordiske Filmpris Haugesund
  • The Norwegian International Film Festival and Liv Ullmann's Honorary Award
  • Haugesund bys faun
  • Andreasprisen
  • Arne Hestenes' journalistpris[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]