Den Norske Industribank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den Norske Industribank var ein kombinert offentleg og privateigd kapitalinstitusjon som var verksam frå 1936 til 1993.

Den Norske Industribank vart stifta etter Lov av 10. juli 1936. Målsettinga for banken var å yte lån til industribedrifter, kraftverk og hotell. Aksjekapitalen vart sett til 40 millionar kroner. Vel halvparten av aksjane, 52%, høyrde til staten og var A-aksjar. Resten, B-aksjane, var fordelt på ei rad offentlege og private institusjonar og eigarar.

Regjeringa Nygaardsvold utnemnde den seinare Arbeidarparti-statsråden Anders Frihagen til den første administrerande direktøren.

I 1993 vart Den Norske Industribank saman med Distriktenes Utbyggingsfond, Industrifondet og Småbedriftsfondet slått i hop til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972