Den Norske Klub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokala til Den Norske Klub ved St James's Square i bygningen til høgre på bildet.

Den Norske Klub er ein sosial klubb i London. Han vart stifta 17. mai 1887.[1] Medlemmer av klubben er nordmenn busette i London eller britar med tilknyting til eller interesse for Noreg. Klubben er den eldste av sitt slag i Storbritannia, og er framleis ein viktig møteplass for det norske samfunnet i London.

I dag[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Norway House selt, og etter eit par år då klubben delte lokale med den danske klubben i London, flytta Den Norske Klub til Naval & Military Club, også kjent som The In and Out i 2000.

Dei noverende lokala til klubben ligg ved St James's Square, mellom Piccadilly Circus og Pall Mall. Han deler bygning, og har nært samarbeid, med The Naval and Military Club.

Kongeleg beskyttelse[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon VII vart den fyrste beskyttaren for klubben. Kong Olav V var ærespresident frå 1957 til han døydde i 1991. Kong Harald V og dottera, prinsesse Märtha Louise, er æresmedlemmer i dag.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gabriel Conradi: Den norske klub i London 17. mai 1887 - 17. mai 1937

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Norske Klub – The Norwegian Club in London (på engelsk), henta 8. desember 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]