Den Norske Turistforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Varden og den raude T-en som turistforeininga merkjer rutene sine med.
Foto: Kjetil Lenes
Turstiar i til dømes Nordmarka i Oslo vert òg merka og vedlikehalde av turistforeininga

Den Norske Turistforening (DNT) er ei foreining for vandrarar og anna friluftsfolk, og den største friluftsorganisasjonen i Noreg, med over 240 000 medlemmar. Til saman er 57 lokale turistforeinigar og turistlag tilslutta Den Norske Turistforening, som er ein «paraplyorganisasjon» og landsforeining for desse lokale turistforeiningane. Dei lokale foreiningane driv hytter på fjellet og i skogane, merkjer og legg til rette turstiar og arrangerar turar i kvar sine eigne geografiske område, medan Den Norske Turistforening tek seg av dei sentrale oppgåvene, som mellom anna går ut på å gje ut medlemsbladet Fjell og Vidde og årboka, drive organisasjonsarbeid, naturvernarbeid, medlemsteneste og informasjons- og marknadsføringsarbeid. Lokalforeiningane driv til saman 411 hytter, merkjer 19 000 km sommarruter (turstiar) og 5 000 km vinterruter (skiløyper). Foreiningane held årleg 2 500 turar og kurs, både i inn- og utland. Kristin Krohn Devold er generalsekretær (2011).

Historie[endre | endre wikiteksten]

DNTs lokale i Oslo sentrum

Foreininga blei grunnlagd den 21. januar 1868 etter pådriv frå konsul Thomas Johannes Heftye og kaptein Hans Hagerup Krag. I tillegg til desse to sat oberst Fredrik Næser, professor Halvor Rasch, og assessor W. Erichsen i den første direksjonen. Turistforeininga hadde som føremål «at lette og udvikle Turistlivet her i Landet». Den første medlemsforeininga blei Oslo og omland, grunnlagd same året som hovudforeininga, i og med at Den Norske Turistforening og lokalforeininga var den eine og same foreininga fram til Den Norske Turistforening byrja å fungere som nasjonal foreining.

Medlemsforeninger[endre | endre wikiteksten]

Det særprega gardshuset på Fuglesteg var restaurert og blir disponert av Luster turlag.

Dei 57 medlemsforeningane med lokallag er:

A[endre | endre wikiteksten]

B[endre | endre wikiteksten]

D[endre | endre wikiteksten]

E[endre | endre wikiteksten]

F[endre | endre wikiteksten]

H[endre | endre wikiteksten]

K[endre | endre wikiteksten]

L[endre | endre wikiteksten]

M[endre | endre wikiteksten]

N[endre | endre wikiteksten]

R[endre | endre wikiteksten]

S[endre | endre wikiteksten]

Blåfjellenden tilhøyrer Stavanger turistforening

T[endre | endre wikiteksten]

V[endre | endre wikiteksten]

Å[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]