Den Socialdemokratiske Forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den Socialdemokratiske Forening er rekna som forlauparen til grunnlegginga av Arbeiderpartiet, og det er mogeleg å sjå på 1. mars 1885 som den «eigentlege» stiftingsdatoen for partiet til arbeidarrørsla i Noreg. Denne dagen snarare enn grunnlegginga i Arendal 21-22. august 1887.[1] Christian Holtermann Knudsen inviterte til stiftinga av «en socialdemokratisk forening for Norge».[1] Han var to år seinare ein av foreininga sine sju utsendingar til stiftingsmøtet for Arbeiderpartiet. I 2017 var foreininga leia av Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Venstre-mannen Jon Hol fekk arbeidarane ved Akers mekaniske verksted til å starta ei «borgarleg» arbeidarforeining og utgi ei ikkje-sosialistisk arbeidaravis, «Arbeideren», i desember 1884. Det norske Arbeiderforbund under leiing av Jon Hol hadde brodd mot «Vort Arbeide», og støytte saman med den sosialistiske Fagforeningenes Centralkomite på møta i De forenede norske Arbeidersamfund. Kampen om fagbevegelsen var då for alvor byrja. Knudsen såg seg nøydd til å få fagforeningane sin sentralkomite til å overta drifta av avisa då kampen tilspissa seg. Då dei ikkje vart samde om å støtta avisdrifta, vart det avgjerande for Knudsen sitt initiativ til å starte eit «arbeiderparti».[3]

På eit folkemøte i Kasino ved Youngstorget den 27. januar 1885 tala Knudsen til 300 frammøtte, og stempla Johan Sverdrups arbeiderkommisjonar som «aldeles utilstrækkelige». Dei er tufta på Bismarck sitt Forslag - som er forkasta av Arbeiderne der».[4] Samanstillinga mellom Sverdrup og Bismarck sin borgerlige arbeiderpolitikk var bevisst. I ein artikkel i «Vort Arbeide» 3. februar innbaud han til «Stiftelse af en Socialdemokratisk Forening». Medlemmene i typografforeninga var ikkje eintydig begeistra for at deira fremste tillitsvalgde tona politisk flagg på denne måten.[5] Den første som melde seg var advokat Ludvig Meyer, og då 100 interesserte hadde meld seg 1. mars 1885, vart foreininga starta.

Foreininga overtok avisdrifta, og starta lokale foreiningslag på Grorud, Lysaker, Høvik, Porsgrunn og Skien. Den vart møtestad for sosialistane som kjempa om makta i arbeidarsamfunna, fagforeiningane og på dei nasjonale arbeidarmøta, og Den Socialdemokratiske Forening gikk inn i Arbeidersamfundenes fellesorganisasjon.[6] Sommaren 1885 agiterte Knudsen og Sophus Phil i Bergen, og same år deltok Knudsen ved det nasjonale arbeidarmøtet for arbeidarsamfunn, i Kristiansand. Han fekk her gjennomslag for krav om 10 timars normalarbeidsdag og ålmenn stemmerett for menn, men forslaget hans om kvinneleg stemmerett vart forkasta med 58 mot 11 stemmer. Snart vart splittinga i arbeidarsamfunna meir tydeleg, særleg etter at regjeringa Sverdrup sin Arbeiderkommisjon skuffa arbeidarane med lite kraftfulle forslag i 1886. Arbeidarrørsla vart radikalisert, avisa tok det ideologiske namnet «Social-Demokraten» under sosialisten Carl Jeppesen si leing, medan Holtermann Knudsen vart sosialismen sin klare førar i arbeiderbevegelsen.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Egil Helle (red.), 1985, side 5.
  2. https://densocialdemokratiskeforening.arbeiderpartiet.no/om/
  3. Egil Helle (red.), 1985, side 24-25.
  4. Halvard M. Lange, «Den socialdemokratiske forening 50 år», i : Pionerene – Den socialdemokratiske forening og Christian Holtermann Knudsen, 1985, side 61.
  5. Arbeiderpartiet Arkivert 2010-09-19 ved Wayback Machine. . Christian Holtermann Knudsen.
  6. Håkon Meyer, 1931, side 32.
  7. Håkon Meyer, 1931, side 32-33.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

https://www.facebook.com/DenSocialdemokratiskeForening/
https://www.regnskapstall.no/informasjon-om-den-socialdemokratiske-forening-100767533S0
https://densocialdemokratiskeforening.arbeiderpartiet.no/om/