Den alpine fjellkjedefoldinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den alpine orogenesen)
Tektonisk kart over Sør-Europa og Midtausten, med dei tektoniske strukturane vest i Det alpide beltet.

Den alpine fjellkjedefolding er ei fjellkjedefolding som fann stad i tertiærtida for om lag 60-80 millionar år sidan, og som mellom anna skapte fjellkjeda Alpane, ved sida av ei rekkje andre fjellkjeder som ligg i ein boge nord for Afrika og India.

Desse fjella omfattar (frå vest til aust) Atlasfjella, Pyreneane, Alpane, Dei dinariske Alpane, Hellenidane, Balkanfjella, Taurusfjella, Kaukasus, Alborz, Zagros, Hindu Kush, Pamir, Karakoram og Himalaya. Einskilde gonger finst andre namn for å skildre danning av separate fjellkjeder: til dømes den karpatiske orogenesen for Karpatane, den helleniske orogenesen for Hellenidane eller den himalayiske orogenesen for Himalaya.

Den alpine fjellkjedefoldinga føregjekk då kontinenta Afrika og India og den vesle kimmeriske plata kolliderte (frå sør) med Eurasia i nord. Motgåande rørsle mellom dei tektoniske platene byrja alt tidleg i krittida, men hovudfasane av fjellkjededanninga byrja i paleocen til eocen og han er endå ikkje heilt avslutta.

Den alpine fjellkjedefoldinga er rekna som ein av tre orogeneser som definerer geologien i Europa:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]