Den amanske porten
| Den amanske porten | |||
| Bahçepasset | |||
| fjellovergang | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | provinsen Osmaniye | ||
| Fjellkjede | Amanusfjella | ||
| Koordinatar | 37°11′2″N 36°33′23″E / 37.18389°N 36.55639°E | ||
| Gjennomfartsåre | O52, E90 | ||
![]() Den amanske porten 37°11′02″N 36°33′23″E / 37.18388889°N 36.55638889°E | |||
Den amanske porten (latinsk Amani Portae) eller Bahçepasset (tyrkisk Bahçe Geçidi) er ein fjellovergang i provinsen Osmaniye sør i det sentrale Tyrkia. Overgangen kryssar dei nordlege Amanusfjella mellom Cilicia og det sørlege Anatolia og det nordlege Syria. Det er ein av to fjellovergangar over Amanusfjella i lag med Den syriske porten lenger sør. Den amanske porten vart nemnd i antikken i Nabonidus-krønika.[1]
Passet spelte ei viktig rolle fram mot slaget ved Issus. Etter at ein del av armeen til Aleksander den store okkuperte Den syriske porten, valde Darius III av Persia å føre armeen sin gjennom Den amanske porten og sette armeen sin mellom dei to makedonske armeane ved byen Issus.[2] Dei makedonske styrkane slo seg saman før dei gjekk til åtak mot Darius, og utfallet vart tap for persarane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amanian Gate» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Amanus Mountains». livius.org. Henta 7. august 2012.
- ↑ «The Slaget ved Issus». livius.org. Henta 7. august 2012.


