Den andre Tsjetsjenia-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjetsjeniakrigane

Ein tsjetsjensk soldat under kampane om Groznyj i januar 1995 under den første Tsjetsjenia-krigen.
Dato Slagfase: 26. august 1999 - mai 2000
Opprørsfase: Juni 2000-15. april 2009 (offisielt)
Fortsett opprør i deler av Nord-Kaukasus
Stad Tsjetsjenia, Dagestan, andre delar av Nord-Kaukasus, Russland
Resultat Russisk seier; den russiske staten fekk igjen kontroll over området; fortsett geriljakrig i enkelte område.
Partar
Flagget til Russland Den russiske føderasjon
Tsjetsjenske lojalistar
Den tsjetsjenske republikken Itsjkeria
Kaukasus-emiratet (fra 2007)
Arabiske mujahidin
Ukrainske frivillige frå UNA-UNSO
Kommandantar
Boris Jeltsin
Vladimir Putin
Dmitrij Medvedev
Flagget til Russland Gennadij Trosjev
Flagget til Russland Aleksandr Baranov
Flagget til Russland Valentin Korabelnikov
Flagget til Russland Viktor Kazantsev
Flagget til Russland Vladimir Sjamanov
Flagget til Russland Anatolij Kvasjnin
Flagget til Russland Vladimir Moltenskoi
Akhmad Kadyrov
Ramzan Kadyrov
Ruslan Jamadajev
Sulim Jamadajev
Said-Magomed Kakijev
Dzjabrail Jamadajev
Aslan Maskhadov
Abdul-Khalim Saidulajev
Ruslan Gelayev
Sjamil Basajev
Vakha Arsanov
Arbi Barajev
Movsar Barajev
Akhmed Zakajev
Abdul-Malik Mezjidov
Hunkar Pasja Israpilov
Salman Radujev
Rappani Khalilov
Aslambek Abdulhadzjiev
Aslanbek Ismailov
Hussein Gakajev
Dokka Umarov
Akhmed Jevlojev
Supyan Abdullajev
Aslambek Vadalov
Ibn al-Khattab
Abu Hafs al-Urdani
Abu al-Walid
Muhannad
Styrkar
Minst ~93.000 soldatar i Tsjetsjenia i 1999
~40-70.000 føderale og republikanske soldatar i Tsjetsjenia i 2006, fleire i tilgrensande regionar
~22.000 soldatar i 1999 (russisk estimat)
~1200 geriljasoldater i 2010
Tap
~6-11.000+ soldatar og politimenn
259+ soldatar sidan april 2009
14.113 soldater fram til slutten av 2002
2186 soldater (2003-2009)
479+ soldater siden april 2009

Sivile:
~25-50.000+ døde og 5000 forsvunnet i Tsjetsjenia, flere i tilgrensende regioner
Eller ~30-40.000 tsjetsjenere og ~100.000 russere i begge krigene
~600 drept i angrep utenfor Kaukasus
200+ siden april 2009


Den andre Tsjetsjenia-krigen (russisk Втора́я чече́нская война́, Vtoraja tsjetsjenskaja vojna), offisielt kalla Kontraterroristoperasjonen (контртеррористической операцией; Kontrterroristntsjeskoj operatsijej; КТО) og i dei seinare fasane betre kjent som Krigen i Nord-Kaukasus, var ein konflikt mellom Den russiske føderasjonen og tsjetsjenske og andre nordkaukasiske separatistar støtta av muslimske frivillige mujahedin-krigarar. Krigen varte frå 7. august 1999 og heilt til fredsavtalen 16. april 2009, men den aktive krigsfasen slutta i april 2000.

Den tidlegare presidenten av Itsjkeria, Aslan Alivitsj Maskhadov i 1999. I 2005 vart han myrda av russiske spesialstyrker.
Den russiske presidenten Dmitrij Medvedev møter sjefen for den føderale tryggingstenesta Aleksandr Bortnikov for å diskutera slutten på antiterroristoperasjonar i Tsjetsjenia, 27. mars 2009.
Fotografi av offera frå gisseldramaet i Beslan 1. september 2004.
Separatiststaten Kaukasus-emiratet sitt potensielle område.

Etter at Sovjetunionen fall i 1991 hadde Tsjetsjenia erklært seg sjølvstendig som republikken Itsjkeria, som hadde oppnådd de facto sjølvstende etter den russiske tilbaketrekkinga i 1996 i den første Tsjetsjenia-krigen, og som sidan 2000 hadde eksistert gjennom ei eksilregjering. I 2007 vart det såkalla Kaukasus-emiratet erklært som ein uavhengig stat i Nord-Kaukasus, og Tsjetsjenia, Vilajat Noxçiyçö, som ein del av dette emiratet, sjølv om fleire itsjkeriske militære og politiske leiarar har nekta å anerkjenna denne nye staten, og framleis går inn for eit uavhengig Itsjkeria.

Krigen byrja som ein reaksjon på den radikale tsjetsjenske organisasjonen den internasjonale muslimske brigaden ain invasjon av Dagestan 5. august 1999. 1. oktober rykte russiske soldatar inn i Tsjetsjenia i eit felttog som gjorde slutt på Itsjkeria sitt sjølvstende og førte området attende under russisk føderal kontroll. Sjølv om krigen ofte vert rekna som ein indre konflikt i Russland, kjempa mange utlendingar som frivillige i konflikten, og då særleg muslimar frå diverse arabiske land på tsjetsjensk side.

Under det innleiande felttoget kjempa russiske soldatar støtta av pro-russiske tsjetsjenske paramilitære styrkar mot tsjetsjenske separatistar i open krig, og tok den tsjetsjenske hovudstaden etter ei vinterkringsetjing som varte frå slutten av desember 1999 til februar 2000. I mai 2000 fekk russarane direkte kontroll over republikken etter ein storoffensiv, men tsjetsjensk militant motstand ulike stadar i Nord-Kaukasus heldt fram å påføra russarane store tap og å utfordra den russiske kontrollen over Tsjetsjenia i fleire år. Enkelte tsjetsjenske separatistar utførte òg terroristangrep mot sivile i andre delar av Russland. Desse terroristhandlingane, som terrorangrepet mot Dubrovka-teateret i Moskva og bombeangrepet ved T-banen i Moskva 2010, saman med omfattande russiske brot på menneskerettane førte til at konflikten vart internasjonalt fordømt.

Fram til 2009 klarte Russland å nesten øydeleggja dei kaukasiske separatistrørslene, slik at den større krigføringa har stansa. Russiske hær- og innenriksministeriesoldater okkuperer ikkje lenger gatene i tsjetsjenske byar. Den ein gong øydelagde byen Groznyj har nyleg gått gjennom omfattande reparasjonar, og mykje av området rundt byen har vorte bygd opp att. Til trass for dette finst det framleis sporadiske angrep i Nord-Kaukasus, og bombe- og bakholdsangrep mot føderale soldatar og styrkar frå dei regionale regjeringane skjer framleis. Sidan 2009 har det i Nord-Kaukasus vore ein auke av valdsnivået, og denne konflikten vert opprøret kalla i Nord-Kaukasus, og kan reknast som ein fortsettelse tsjetsjeniakonflikten.

16. april 2009 slutta offisielt kontraterroristoperasjonen i Tsjetsjenia. Sidan størsteparten av hæren vart trekt ut måtte dei lokale politityrkane no ta seg av det pågåande lavintensitetsopprøret. Tre månader seinare oppfordra separatistleiaren Akhmed Zakajev til å stoppa valden mot dei tsjetsjenske politistyrkane frå og med første august, og sa at han håpte at «frå og med denne dagen vil aldri tjsetsjenarar skyta på kvarandre.»

Det er ukjent kor mange som døydde i tjsetsjeniakonflikten. Uoffisielle estimat hevdar mellom 25 og 50 000 falne og sakna, hovudsakleg tsjetsjenske sivile i den første krigen. Russiske offisielle kjelder stadfestar at over 5500 soldatar og politimenn har vorte drepne, medan menneskerettsorganisasjonen Unionen av komiteane for soldatmødrer i Russland hevdar at omtrent 11 000 russiske soldatar vart drepne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]