Hopp til innhald

Den angelsaksiske fuþorcen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den angelsaksiske fuþorcen (abecedarium anguliscum) synt fram i Codex Sangallensis frå år 878.

Den angelsaksiske fuþorcen (eller futhorc), au kjend som angelfrisiske runer, er runer som var nytta av angelsaksarane og mellomalderske frisarar (saman kalla angelfrisarar) til å skriva ned måla sine. I dag er runene kjende som fuþorc (f-u-th-o-r-c) frå dei seks fyrste runene og ljodane deira (ᚠᚢᚦᚩᚱᚳ, fuþorc). Fuþorc greina seg ut frå dei 24 fellesgermanske runene, i dag kjende som den eldre fuþarken, og voks til 28 runer i den eldre forma og opp til 34 runer i den yngre forma før det engelsklatinske alfabetet vart einrådug. Samstundes i Skandinavia vart den eldre fuþarken stytt til 16 runer, som vi i dag kallar den yngre fuþarken.

Bruken av dei angelfrisiske runene skal ha byrja i det 5. hundreåret og ha halde fram inn i høgmellomalderen. På 800-talet vart dei etter kvart bytt ut med det engelsklatinske alfabetet som misjonærar introduserte til England ved utgangen av 600-talet. I det 11. hundreåret skal ikkje fuþorc ha vore vanleg lenger, men folk skal ha forstått runene heilt til det 12. hundreåret.

Runerekkja

[endre | endre wikiteksten]

I all hovudsak har fuþorcen dei same runene som den eldre fuþarken, men den gamle ᚨ *anzus-runa vart delt opp i tre på grunn av angelfrisiske vokalbrigde: ᚩ ós (ås) heldt plassen hennar i runerekkja, og dei nye runene ᚪ ác (eik) og ᚫ æsċ (ask) vart sette heilt attarst.[1]éar-runa kom seinast i det 9. hundreåret, medan ᚣ ýr-runa vart til av å teikna ei loddrett line mellom stavane i ᚢ *ūruz-runa – liksom punktet i den stungne ᚤ úr-runa i den yngre fuþarken.

Eldre fuþark

f

u

þ

a

r

k

g

w

h

n

i

j

ï

p

z

s

t

b

e

m

l

ŋ

o

d

Angelsaksisk fuþorc

f

u

þ

o

r

c

g

w

ᚻ / ᚺ

h

n

i

ᛡ / ᛄ

j

ï

p

x

ᛋ / ᚴ

s

t

b

e

m

l

ŋ

œ

d

a

æ

ea

y

  1. Bammersberger, Alfred (1994). «The development of the runic script and its relationship to Germanic phonological history». I Swan, Toril; Mørck, Endre; Jansen, Olaaf. Language Change and Language Structure: Older Germanic Languages in a Comparative Perspective. De Gruyter.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Den angelsaksiske fuþorcen