Den antarktiske konvergensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den antarktiske konvergensen markert med grøn linje.

Den antarktiske konvergensen er den antarktiske polare frontsonen, det vil seie polarfronten på den sørlege halvkula. Ved den antarktiske konvergensen møter kalde antarktiske vassmasser dei varmare subantarktiske vassmassene. Fenomenet finst langs ei linje rundt Antarktika, i Atlanterhavet og Indiahavet kring 50 ºS og i Stillehavet noko lenger sør, kring 60 ºS, men posisjonen til frontsonen varierer både gjennom året og frå år til år.

Kaldt overflatevatn frå Sørishavet søkk under det varmare og dermed lettare vatnet frå dei sørlege delane av Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet. Denne sonen er 32 til 48 km brei, og blandinga av vassmassane fører til stor marin produktivitet, spesielt for antarktisk krill. Når vatnet søkk spreiar det seg nordover i ei djupne på kring 1000 meter. I Atlanterhavet kan ein spore dette vatnet heilt nord for ekvator sidan det har lågt saltinnhald.

Polarfronten på den nordlege halvkula skapar ikkje dette fenomenet på grunn av landmassane som omkranser den polaren regionen.

Den antarktiske konvergensen er ikkje berre eit skilje mellom to hydrologiske regionar, men han separerer òg område med særeige marint liv og ulike klima.

Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, Bouvetøya, Heard- og McDonaldøyane ligg sør for den antarktiske konvergensen.

Kerguelen ligg omtrent på konvergensen, medan Falklandsøyane, Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Île Amsterdam, Île Saint-Paul, Tierra del Fuego og Macquarieøya ligg nord for konvergensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]