Den arabisk-israelske krigen i 1948

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den arabisk-israelske krigen 1948
Del av Palestinakrigen 1948
Raising the Ink Flag at Umm Rashrash (Eilat).jpg
Kaptein Avraham «Bren» Adan reiser Blekkflagget ved Umm Rashrash (som i dag ligg i Eilat), og markerte slutten på krigen.
Dato 15. mai 1948 – 10. mars 1949
(9 månader, 3 veker og 2 dagar)
Endeleg våpenkvileavtale underskriven 20. juli 1949
Stad Tidlegare Det britiske Palestinamandatet, Sinaihalvøya, Sør-Libanon
Resultat Israelsk siger;
Palestinsk-arabisk nederlag;
Den arabiske ligaen mislukkast strategisk;[1]
Våpenkvileavtalar
Partar
Flag of Israel.svg Israel

Før 26. mai 1948:
Yishuv:


Etter 26. mai 1948:
Badge of the Israel Defense Forces.svg Israel Defense Forces


Utanlandske frivillige:
Mahal


Irregulære:
Flagget til Den all-palestinske regjeringa Heilag krig-hæren
Arab Liberation Army (bw).svg Den arabiske frigjeringshæren


Utanlandske frivillige:
Muslimsk brorskap
Flag of the Mutawakkilite Kingdom of Yemen.svg Kongedømet Jemen
Flag of Pakistan.svg Pakistan
Sudan[5]

Kommandantar
Politikarar:

Flagget til Israel David Ben-Gurion
Kommandantar:
Flagget til Israel Yisrael Galili
Flagget til Israel Yaakov Dori
Flagget til Israel Yigael Yadin
Flagget til Israel Mickey Marcus  
Flagget til Israel Yigal Allon
Flagget til Israel Yitzhak Rabin
Flagget til Israel David Shaltiel
Flagget til Israel Moshe Dayan
Flagget til Israel Shimon Avidan

Politikarar:

Flagget til Den arabiske ligaenFlagget til Egypt Azzam Pasha
Flagget til Egypt Kong Farouk I
Flagget til Jordan Kong Abdallah
Flagget til Irak Muzahim al-Pachachi
Flagget til Syria Husni al-Za'im
Flagget til Den all-palestinske regjeringa Haj Amin al-Husseini
Kommandantar:
Flagget til Egypt Ahmed Ali al-Mwawi
Flagget til Egypt Muhammad Naguib
Flagget til Jordan John Bagot Glubb
Flagget til Jordan Habis al-Majali
Flag of Hejaz 1917.svg Hasan Salama  
Arab Liberation Army (bw).svg Fawzi al-Qawuqji

Styrkar
Israel: 29 677 (i starten)
117 500 (til slutt)[a]
Egypt: 10 000 først, sidan 20 000[treng kjelde]
Irak: 3 000 først, sidan 15 000–18 000[treng kjelde]
Syria: 2 500–5 000[treng kjelde]
Transjordan: 8 000–12 000[treng kjelde]
Libanon: 1 000[7]
Saudi Arabia: 800–1 200 (egyptisk kommando)
Jemen: 300[treng kjelde]
Den arabiske frigjeringshæren: 3 500–6 000.
Totalt:
13 000 (i starten)
51 100 (minst)
63 500 (maks)[b]
Tap
6 373 drepne (kring 4 000 soldatar og 2 400 sivile)[8] Arabiske armear:
3 700-7 000 drepne
Palestinske arabarar:
3 000-13 000 drepne (både soldatar og sivile)[9][10]
Delingsplanen til SN.

Den arabisk-israelske krigen 1948 (arabisk النكبة, «al-Nakba», hebraisk מלחמת השחרור, kalla sjølvstendekrigen eller fridomskrigen) er namnet på den første av ei rekkje væpna konfliktar mellom Israel, palestinarar og dei arabiske nabolanda. Av palestinarane blir krigen omtalt som katastrofen, al-Nakba.[11] Han var den første av ei lang rekkje konfliktar og krigar mellom arabarar og jødar i det som seinare er kjend som Midtausten-konflikten.

SN føreslo 14. mai 1948 å dele det britiske Palestinamandatet i to område, eit jødisk og eit arabisk. Dei arabiske landa avviste planen. Same dag erklærte David Ben-Gurion Israel for ein jødisk uavhengig og sjølvstendig stat.[12] Dette vart ikkje respektert av nabolanda Syria, Egypt, Transjordan, Libanon og Irak, som gjekk til åtak på den nyoppretta staten. Kampane gjekk hovudsakleg føre seg på landområdet til det tidlegare britiske territoriet som var blitt til staten Israel, og seinare i krigen til ein viss grad på Sinaihalvøya. Krigen slutta med våpenkvilen i 1949, men dette innebar ikkje slutten på den arabisk-israelske konflikten.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Palestinamandatet.

Bakgrunnen for krigen var den aukande jødiske immigrasjonen til Palestina på grunn av stadig aukande antisemittisme både i Aust- og Vest-Europa. Alt på slutten av 1800-talet viste Dreyfus-saka i Frankrike omfattande anti-jødiske haldningar, noko som førte til at Theodor Herzl, som dekka Dreyfus-saka som journalist, skrev og gav ut boka Der Judenstaat, der han tok til orde for ein eigen jødisk stat med eige språk, hebraisk. I 1897 tok han initiativet og oppretta World Zionist Organization, og han vart såleis grunnleggjaren av sionismen.[13][14] Òg frå Russland hadde det vore utflytting av jødar heilt frå 1880-åra, dei fleste til USA, men òg mange til Palestina eller Eretz Israel, som landet vart kalla. Eliezer Ben-Yehuda, grunnleggjaren av det moderne hebraiske språket, høyrte til denne gruppa frå Aust-Europa.[15]

Konfrontasjonane akselererte då palestina-arabarane på 1930-talet i aukande grad vart klar over at mange av dei nykomne jødane hadde planar om å opprette ein jødisk stat i området.[16] Dobbeltrolla til britane i Midtausten under den første verdskrigen medverka òg til dei aukande motsetnadane, som etter kvart førte til krigen.[17] Den arabiske oppstanden frå 1936 til 1939 førte til auka friksjon mellom jødar og arabarar. Arabarane meinte at jødane ville ta landet frå dei og auka mengda valdshandlingar. Haganah meinte at hemn ikkje var vegen å gå, og denne ikkje-valdshaldninga førte til at meir ytterleggåande jødar danna nok eit forsvarsforbund, Irgun Zvei Leumi, som hadde til oppgåve å forsvare dei enkelte jødiske busetjingane mot åtak frå arabarar og som hemna arabiske åtak mot jødiske busetjingar.[18] I 1941 vart Palmach danna, det første jødiske militære eliteforbandet, eller spydspissen til Haganah om ein vil. Desse jødiske styrkane arbeidde nokre gonger saman med britane, andre gonger på eiga hand, alt avhengig av kva dei på lang sikt meinte ville tene ein framtidig sionistisk statsdanning best.

Òg lovnadene til britane frå ein konferanse i London i 1939, gjorde det klart at Palestina ikkje ville bli ein jødisk stat. Jødane var under konferansen representert ved Jewish Agency, medan arabarane hadde delegasjonar frå Egypt, Irak, Saudi-Arabia, Jemen og Transjordan, som snart skulle bli eit sjølvstendig Jordan. Under konferansen vart britane konfrontert med lovnadene sine frå 1918, som no var litt kjent gjennom boka The Arab Awakening av historikaren Georg Antonius. Britane måtte innrømme at Storbritannia ikkje hadde lova jødane ein eigen stat og at påstandane i The Arab Awakening var korrekte.[19] Men verda og britane fekk like etter anna å tenke på då den andre verdskrigen braut ut.

Verdskrigen førte i Europa til masseutrydding av europeiske jødar, Holocaust, og etter 1945 auka derfor behovet for ein eigen jødisk nasjonalstat som ivaretok sionistiske verdiar og som kunne forsvare jødane mot nye forfølgingar.[20] Men britane hadde bunde seg til ein politikk som var i strid med dei jødiske ønskjene om å etablere ein jødisk stat. Britane avgrensa den jødiske innvandringa til Palestina til 1 500 menneske i månaden[21] og hindra jødisk oppkjøp av landområde.[22] Dei innvandrande jødane var avhengige av å danne kibbutzar for å produsere mat og ha eit forsvar mot fiendtlege arabiske naboar. Dei britiske styresmaktene vart slik på kollisjonskurs med jødane i Palestina.[23] 18. februar 1947 erklærte derfor den britiske utanriksministeren Ernest Bevin at britane ville trekkje seg ut av Palestina og tilbakelevere ansvaret for mandatområdet til Dei sameinte nasjonane.[24]

Under andre verdskrigen stilte den jødiske folkesetnaden i Palestina seg på britisk side, og det vart danna jødiske avdelingar. Irgun Haganah (Forsvarsorganisasjonen) som var blitt danna på 1920 talet for å forsvare jødiske kibbutzar mot åtak frå arabarane, vart trente av britane. Dei deltok i felttoget mot dei franske Vichy-styrkane i Libanon i juni 1941,[25] og frå 1944 deltok ei rein jødisk brigadegruppe på alliert side i kampane mot tyskarane i Italia. I alt deltok 30 000 jødar på britisk side under andre verdskrigen. Jødane skaffa seg på denne måten ein militært godt utdanna styrke og eit militært leiingsappart som var vant med å leie større militære einingar, noko som var av stor verdi då dei seinare stod mot dei samla arabiske styrkane.[26] I midten av 1947 byrja David Ben-Gurion å førebu Haganah på det venta oppgjeret med arabarane. Han danna forsvarsområde og la planar for forsvaret gjennom å fordele territorielt ansvar til dei enkelte avdelingane i Haganah.[27]

Samtidig hardna konflikten mellom britar, arabarar og jødar til. Avraham Stern hadde alt i 1940 danna Lohamey Heruth Israel (Soldater for Israels fridom), kjent som Lehi,[28] ei gruppe som av britane vart kalla Stern-gjengen og som vart rekna som terroristar, då dei tok i bruk særs valdelege metodar for å nå måla sine. Gruppa bestod berre av nokre få hundre medlemmar, men dei sprengde politistasjonar, jernbanespor og restaurantar. Dei drap arabarar, britar og til og med jødar, dersom dei meinte det ville tene saka. Dei kidnappa britiske soldatar, mishandla dei og sprengde hotell og britiske tilhaldsstader. Den 6. november 1944 drap dei Lord Moyne i Kairo.[29] Han var den øvste representanten til britane i regionen.[30] Drapsmennene, Eliahu Hakim og Eliahu Bet-Zouri, vart arresterte og avretta av britane 23. mars 1945 i Kairo.[31] Saka hadde store negative konsekvensar for jødane, då den britiske regjeringa under Winston Churchill gjekk frå å vere positiv til å bli sterkt negativ til opprettinga av ein eigen jødisk stat.[32] Etter at Avraham Stern vart drepen av britisk politi i 1941,[33] overtok Yitzhak Shamir leiinga av Stern-gjengen. Ei anna ytterleggåande gruppe var Irgun Zvai Leumi[34], som 22. juli 1946 sprengde hotellet King David Hotel, det britiske hovudkvarteret i Jerusalem, og drap 91 menneske og såra 46, mellom andre fleire jødar.[35] Britane svara med å innføre dødsstraff for oppbevaring av ulovlege våpen, og medlemmer av den jødiske undergrunnsrørsla vart hengde på grunn av dette. Irgun svarte med å kidnappe og henge to britiske sersjantar.[27] Irgun vart frå 1942 leia av Menachem Begin.[36] Det er grunn til å merke seg at leiarane for Lehi og Irgun, Shamir og Begin, begge seinare vart statsministrar i Israel.

I august 1947 forskrekka britane ein heil verd då dei nekta eit illegalt emigrantskip, S/S «Exodus», tilkomst til Palestina med jødiske flyktningar frå eit krigsherja Tyskland.[37] Som følgje av eit stadig meir tilspissa forhold nedsette Generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane ein kommisjon som skulle sjå på situasjonen. Denne tilrådde ei deling av landområdet i ein arabisk og ein jødisk del. Avslaga frå arabisk side og at dette ville føre til krig, var føresett og venta av den jødiske leiinga, og førebuingar var gjort.[38]

Ze'ev Jabotinsky var øvste leiar av Irgun og formulerte ideologien til gruppa.

Kamphandlingane startar[endre | endre wikiteksten]

Kampane starta som ei rekkje opptøyar og valdshandlingar, som resulterte i døde og såra, både militære og sivile, på begge sider. Arabarane gjorde forsøk på å kutte kommunikasjonslinjene mellom dei forskjellige jødiske busetjingane og oråda. Militær logikk ville tilsei at jødane flytta frå dei mest fjerntliggande busetjingane, men oppfatninga til Haganah var at det ville fysisk nærvær i eit område som til sist ville avgjere om området skulle bli arabisk eller jødisk. Trass i harde arabiske åtak, òg frå regulære arabiske styrkar, forlet ikkje jødane ein einaste av busetjingane sine under heile krigen.[39]

Den første alvorlege samanstøyten mellom arabiske og jødiske styrkar kom i januar 1948, då Den arabiske frigjeringshæren gjekk til åtak på [[Kfar Szold]], ein landsby i den austlege delen av Galilea, nokre hundre meter frå den syriske grensa. Same månad gjekk Abd el Kader el Husseini til åtak på Kfar Etzion, ei gruppe landsbyer rett sør for Jerusalem. Området vart avskoren, og det var ikkje mogeleg å få forsyningar inn til landsbyane. Dei jødiske styrkane stod i mot åtaket, men ei avdeling av Palmach, den operative delen av Haganah, som vart sendt til unnsetjing, gjekk i eit bakhald ved byen Hebron og vart utsletta. Det alvorligaste problemet for Haganah var at dei jødiske busetjingane i Jerusalem var kringsett, og at dei ikkje var i stand til å bringe inn livsnødvendige og militære forsyningar.

Hovudføremålet med åtak på dei jødiske kommunikasjonslinjane var i mars 1948 å avskjere dei jødiske busetjingane i Jerusalem og Negev. I midten av mars vart busetjingane i Negev fullstendig avskorne, og jødane vart tvungne til å kjøre i konvoiar med heimelaga pansra kjøretøy til Jerusalem. Kontakten med busetjingane i Negev vart opprettheldt med to Piper Cub-fly. I slutten av mars 1948 var såleis Negev, Jerusalem og den vestlege delen av Galilea fullstendig avskoren frå dei øvrige jødiske busetjingane i Palestina.[40]

Kampane om vegen til Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

Pansra israelsk kjøretøy frå 1948.

Problemet til Hagganah var no det faktumet at den jødiske busetjinga i Jerusalem var avskoren og at det ikkje lenger gjekk å etterforsyne dei med pansra konvoiar. Etter at eit arabisk forsøk på å avskjere Haifa med eit åtak mot kystvegen var slått tilbake vart den hittil største operasjonen frå Haganah sett i verk.

Situasjonen i Jerusalem var blitt desperat. Ben-Gurion innsågg at i ein desperat situasjon går ein til desperate handlingar og gav ordre om eit åtak av brigadestorleik for å bryte kringsetjinga av Jerusalem. Hagganah sette i verk operasjon Nachshon. Denne operasjonen gjekk ut på å opne ein korridor mellom Tel Aviv og Jerusalem. Korridoren skulle vere kring 9 km brei på slettene ved kysten og kring 3 km brei i fjellpassa opp mot Jerusalem. Tre bataljonar vart danna og oppdraget var å ta og halde høgt lande og arabiske landsbyer i tilknyting til forsyningsruta. Ein bataljon var ansvarleg for området Hulda og Latrun på kystsletta, ein annan frå Latrun til Kiryat Anavim, omtrent 10 km frå Jerusalem. Ein tredje bataljon vart halde i reserve. Sjef for Givati-brigaden, Shimon Avidan vart sett til å leie operasjonen.

To viktige hendingar skjdde før for starten av operasjon Nachshon. Den første var at ein Hagganah kommando-avdeling lukkast i å sprenge hovudkvarteret til Den arabiske frigjeringshæren i Ramle. Fleire leiande arabarar vart drepen i åtaket som gjorde det vanskeleg for dei arabiske styrkane å koordinere og hindre jødane i å gjennomføre planane sine. Det andre var at ein arabisk landsby Kastel, mellom Kiryat Anavim og Jerusalem vart teken av Haganah. Operasjon Nachshon byrja den 5. april ved at jødiske styrkar gjekk til åtak på og blokkerte vegane frå dei arabiske landsbyane Ramle og Latrun. Samtidig gjekk dei jødiske elitestyrkane Palmach til åtak på Beit Machsir, ein arabisk landsby som låg ved inngangen til fjellpasset som fører til Jerusalem. Ved midnatt forlet så ein konvoi på 60 kjøretøyer fullasta med forsyningar Hulda og kom etter 10 timars kjøring fram til Jerusalem. Dei arabiske styrkane gjekk til motåtak 7 og 8. april og gjekk til åtak på Kastel. Etter seks dagars harde kampar der byen skifta hender fleire gonger, var dei jødiske styrkane i ferd med å tape striden. Men Abd el Kader el-Husseini vart drepen då han gjekk mot ei stilling han trudde var teken av eigne arabiske styrkar. Demoralisert på grunn av harde kampar og tap av leiaren sin, trekte arabarane seg tilbake og ein Palmach-styrke sett saman for å gjenerobre Kastel fant byen tom. Fleire forsyningskonvoiar vart dei neste dagane sendt inn til Jerusalem.

Operasjon Nachshon var viktig. Først og fremst fordi den hadde gjeve høve til å etterforsyne Jerusalem slik at byen heldt ut i ytterlegare to månader. Men òg fordi han viste at Haganah var istand til å gjennomføre omfattande og kompliserte operasjonar med store styrkar. Slik hadde operasjonen ein positiv psykologisk effekt på dei jødiske styrkane og ein tilsvarande negativ effekt på dei arabiske. Men først og fremst var Nachshon viktig fordi han bana veg for Plan D.[41]

Plan D[endre | endre wikiteksten]

Den arabiske strategien gjekk i april og byrjinga av mai månad ut på å halde seg unna avgjerande kamphandlingar og avvente den britiske tilbaketrekkinga då regulære arabiske styrkar stod klare og ville rykke inn i Palestina så snart britane hadde trekt seg ut. Haganah på si side nytta høvet ved den britiske tilbaketrekkinga til å ta så mykje land som mogeleg å forbetre stillinga si i høve det nye synet sitt om at den parten som stod på området ved då krigen var slutt, ville avgjere kven området tilhøyrte. Plan D gjekk i korte trekk ut på at dei jødiske styrkane skulle ta og halde alle områda som i delingsplanen til SN var føresett å skulle tilfalle jødane, i tillegg til å halde jødiske busetjingar som fall utanom området som i høve til planen skulle tilfalle arabarane. Område som ville hindre eller vanskeleggjere ein arabisk innmarsj var svært viktige og Haganah kom meir og meir over i ei offensiv rolle. På denne måten vart fleire og fleire område reint jødiske, som området mellom Petach Tikvah og Tel Aviv, eller reint arabiske som Hebron og NablusVestbreidda. I midten av april erobra så delar av Golani-brigaden byen Tiberias i Galilea. Ein operasjon som avskar den arabiske folkesetnaden i området og var årsak til ein av dei største menneskeforflyttingane i krigen då dei arabiske innbyggjarane flykta frå heimane sine til flyktningleirar i Jordan.[42]

Ei anna hending av åtaket til Irgun på landsbyen Deir Yassin i dei vestlege delane av Jerusalem der meir enn 200 sivile arabarar vart drepen under åtaket.[43][44] Medlemmar av Irgun hevdar dei vart angripne og at dette utløyste massakren.[44] Ikkje mindre vert det hevda frå israelsk hald at Haganah tok sterk avstand frå handlinga. Andre kjelder hevdar det var 107 drepne, at aksjonen vart beordra av Haganah, men at Irgun og Stein-gruppa gjorde den skitne jobben og at det var folkemord og eit krigslovbrot.[45]

Gjennom siste halvdel av april kjempa Haganah om forskjellige stillingar, spesielt i Galilea og i Haifa der dei skaffa seg sterke stillinger. Etter kvart kontrollerte dei Carmelområdet og store deler av Galilea. I Tel Aviv-området var Jaffa meint å skulle vere ein del av det arabiske landområdet. Arabiske snikskyttarar plaga jødiske styrkar og innbyggjarar i Tel Aviv og den 25. april samla Irgun 600 mann og gjekk til åtak langs strandlinja frå Tel Aviv og sørover mot Jaffa. Sterk arabisk motstand tvang til slutt Irgun-leiinga til å kontakte Haganah og be om støtte. Haganah sette som vilkår at Irgun-styrkane stilte seg under kommando av Haganah-leiinga i området. Dei måtte òg love å ikkje sette i gang nye operasjonar utan i samråd med Haganah. Med støtte frå Haganah fornya så Irgun åtaket sitt, men britiske styrkar greip inn og stoppa kampane.Haganah-styrkar og britiske styrkar stod så opp mot kvarandre i dei to vekene som det britiske mandatet hadde igjen i Palestina. Etter at britane hadde trekt seg ut, reinsa Haganah-styrkar området og berre nokre få arabiske innbyggjarar vart verande att i Jaffa.[46] Då krigen var over budde det kring 150 000 arabarar igjen i Israel og som i 1982 hadde auka til 550 000 israelske borgarar. Kring 750 000 hadde flykta frå heimane sine.[47]

Kampane om Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

Operasjon Nachshon sørgde for at Haganah fekk inn forsyningar og forsterkingar til Jerusalem. Mellom anna den nye brigaden deira, Harel – brigaden under leiing av Yitzhak Rabin. Dei jødiske områda låg i nord, vest og sørvest for byen, medan dei arabiske var i nordaust og aust, mellom anna i bydelen Sheik Jarrach som var viktig for britane fordi evakueringsvegen til flyplassen i Jerusalem gjekk gjennom området. Denne var òg viktig for arabarane som hadde budd der i lange tider og for jødane som ønskte full kontroll over Jerusalem.[48]

Tre dagar etter katastrofen i Deir Yassin gjekk arabarane til åtak på ein jødisk kolonne med sjuke og såra, som prøvde å ta seg fram til Hadassah sjukehus som låg i Sheik Jarrach. Britane nekta å gripe inn og dei hindra òg Haganah i å gripe inn og kampane fortsette derfor i sju timar før jødane klarte å rive seg laus i ly av mørket med mange døde og såra.[49][50]

I resten av perioden fram til dei britiske styrkane trakk seg ut frå Palestina, pågjekk det harde kampar mellom Haganah, Irgun og Lehi på den eine sida og arabiske styrkar på den andre. Britane var i slutten av april og byrjinga av mai generelt ute av stand til å oppretthalde ro og orden. Dei var opptekne av å trekkj seg ut av operasjonsområda sine, til oppsamlingsområdet i Haifa, der dei heldt hamneområdet til tilbaketrekkinga var fullført. Etterkvart som dei britiske styrkane trakk seg ut, etterlet dei seg eit vakuum då dei ikkje var i stand til å overlate autoritet til nokre av partane, og det kom derfor til aukande kamphandlingar om kontroll med dei tomme territoria. Den 14. mai kl 16.37 uttalte Ben-Grion i ein radiotale frå Tel Aviv orda: «Med dette vert det proklamert at den jødiske staten i Palestina skal heite Medinat Jisrael[...] og den skal bli kjent under namnet Israel.»(sic)[51] Staten Israel var formelt erklært danna. Natta mellom 14. og 15. mai 1948 kryssa dei arabiske hærstyrkane grensae til det tidlegare britiske mandatområdet og gjekk til åtak på den nyetablerte staten Israel.[52]

Styrkane til Israel[endre | endre wikiteksten]

Israel var ikkje uførebudd. Dei forskjellige jødiske forsvarsforbunda, som no var samla under namnet Israel Defence Forces (IDF), offisielt danna den 28. mai 1948, og som berre seks månader tidlegare berre hadde hatt opp mot 4 000 mann, hadde no vokse til 40 000. Dei var derimot særs dårleg utrusta, og hadde i starten verken tunge våpen, stridsvogner eller fly.[53] IDF bestod av 9 sjølvstendige brigadar, kvar med eit territorielt ansvar:

  • Yiftach-brigaden i dei øvste delane av Galilea
  • Harel-brigaden i Jerusalem-korridoren
  • Negev-brigaden i Sør-Israel, Negev
  • Golani-brigaden i Sør-Galilea
  • Carmeli-brigaden i Vest-Galilea
  • Alexandroni-brigaden på kystvegen mellom Tel-Aviv og Haifa
  • Kiryati-brigaden nordaust for Tel-Aviv
  • Givati-brigaden sør for Tel-Aviv
  • Etzioni-brigaden i Jerusalem

Under oppsetjing var:

  • 7. brigade under oberst Shlomo Shamir i korridoren til Jerusalem
  • 8. pansra brigade under Yitzhak Sadeh
  • 9. Oded-brigadeen i Nord-Israel

Mangelen på våpen, særskild tunge støttevåpen var påtakeleg.[54]

Britane opna dei jødiske flyktningleiarane på Kypros, der det jødiske forsvarsforbundet Haganah, fram til sjølvstendet hadde trent mange hundre menn og kvinner til soldatar, og desse vart no raskt overført til slagmarkene i Israel. Ytterlegare 5 000-6 000 frivillige Machal frå heile verda melde seg dei neste månadene til soldatteneste på israelsk side.

Arabiske styrkar[endre | endre wikiteksten]

I april 1949 vart kong Abdullah av Transjordan utnemnd til øvstkommanerande for dei samla arabiske styrkane. Utnemninga skapte sterke mistanker blant arabarane om at kong Abdullah ville nytte den militære styrken sin til å skape eit større Jordan, gjennom å samle aust- og vestbreidda i Jordandalen. I det heiel tatt var den arabiske leiinga sterkt prega av mistenksamheit overfor kvarandre, usemje og diskusjonar.[55]

  • Transjordan: Den arabiske legion delvis plassert på vestbreidda av Jordanelva. Over 10 000 mann fordelt på tre brigadegrupper med støtte av panser og artilleri. Denne avdelinga vart rekna som den militært beste arabiske avdelinga og var under leiing av britiske offiserar.
  • Syria: Ein infanteribrigade, ca. 8 000 mann støtta av eit stridsvognkompani, ein bataljon pansra kjøretøyer og artilleri.[56]
  • Egypt: Ein brigade, ca. 5 000 mann.
  • Libanon: Ca 2 000 mann i fire bataljonsgrupper støtta av artilleri.
  • Irak: Ca 10 000 mann i fire brigadegrupper ein pansra bataljon og støttetroppar.
  • Blanda: Den arabiske frigjeringshæren i Galilea, trudd å vere kring 4 000 mann

Styrken hadde eit mindre tal fly til disposisjon.[57]

Forløp 15. mai til 11. juni 1948[endre | endre wikiteksten]

Åtaka mellom 14. mai og 11. juni 1948

Syriske styrkar gjekk til åtak nord i Galilea, med mål om å bryte gjennom dei israelske forsvarslinjene, nå fram til dei arabiske landsbyane i områda kring byen Nasaret, for derfrå å angripe Haifa som hadde moderne hamnefasilitetar og var endepunkt for oljeleidninga frå Irak. Mellom 15 og 21. mai 1948 var det harde kampar, særskild i området like sør for Genesaretsjøen. Syriske styrkar pressa hardt for å opne inngangen til Jordandalen, men israelarane klarte å få nytt artilleri i stilling og den 23. mai 1948 trekte dei syriske styrkane seg tilbake og prøvde ikkje å ta åtaket rett sør for Genesaretsjøen på ny. Den seinare legendariske general og forsvarsminister Moshe Dayan, hadde fått og utført ordren: «Hold Jordandalen».[58]

Irakiske troppar kryssa Jordanelva den 15. mai, og same dag sørgde israelske ingeniørsoldatar for at bruene oppe på den libanesiske grensa vart sprengt, slik at libanesiske stridsvogner vart hindra i å rykke sørover. På sørfronten rykka dei egytiske styrkane mot Tel Aviv, men eit overraskande israelsk luftåtak, som elles var ein teknisk fiasko, hadde ein psykologisk innverknad på dei egyptiske styrkane, som gjorde at offensiven stoppa. Samstundes vart eit irakisk forsøk på å dele landet i to slått tilbake på same måte som den egyptiske offensiven mot Tel Aviv, sidan ingen hadde venta å sjå israelske fly. Etterkvart vart òg dei jordanske styrkane slått på grensa til Vestbreidda, og frontlinja vart pressa djupare inn i landet. Israel lukkast derimot aldri i å erobre Gamlebyen i Jerusalem. I nord vart dei libanesiske styrkane slått tilbake ved landsbyen Al-Malkiyya, og Israel okkuperte deler av Sør-Libanon.[59] Etter dei arabiske tilbakeslaga endra krigen karakter, og intensiteten fall. Den 11. juni 1948 signerte alle arabarlanda, med unntak av Irak, våpenkvile med Israel.

Den første våpenkvilen[endre | endre wikiteksten]

Altalena på stranda i Tel Aviv.

Våpenstillstanden som vart signert den 11. juni 1948 var kjærkomen for dei utslitne styrkane til Israel. De gav dei høvet til å etterforsyne den hardt pressa, israelske kolonien i Jerusalem, som på dette tidspunktet berre hadde tre dagar med forsyningar att. Det gav òg evna til å ta i mot forsyningar av våpen, særskild frå Tsjekkoslovakia, som kom inn i landet sjøvegen. IDF fekk tilført artilleri og ein ny pansra avdeling, den 8. panserbrigaden vart etablert med panserkøyretøy av forskjellig art frå dei fleste hjørne av verda.[53]

Ein tragisk episode skjedde så. Ben-Gurion var redd for at enkelte grupperingar ville prøve å danne private hærar. Dette var bakgrunnen for danninga av IDF den 28. mai 1948. Våpenmakta skulle under kontroll. Irgun hadde samla 900 frivillige og ei mengd våpen i Europa som no segla mot Israel i eit skip med namn Altalena. Skispnamnet var dekknamnet til Ze'ev Jabotinsky, som hadde danna og la ideologien til Irgun.[60] Ben-Gurion kravde at våpna skulle overleverast til IDF og at mennene skulle stille seg under IDF sin kommando. Irgun nekta og skipet gjekk til slutt på grunn på stranda sentralt i Tel Aviv. Det braut ut kampar mellom styrkar frå IDF og Irgun og 15 menneske vart drepen. Altalena vart til slutt søkkt av artillerield. Den 28. juni 1948 vart det krav ein truskapseid til Israel for alle dei væpna styrkane og Irgun opphøyrte å eksistere.[53]

Dei sameinte nasjonane hadde utnemnt den svenske greven Folke Bernadotte, kjent frå innsatsen for å frigjere norske og danske fangar i operasjonen med Dei kvite bussane frå tyske konsentrasjonsleirar i 1945, som meklar i konflikten. Bernadotte presenterte ein plan der heile Galilea vart israelsk, medan heile Negev vart arabisk. Jerusalem skulle bli verande under vern av Dei sameinte nasjonane, og den arabiske delen av Palestina skulle styrast av Jordan. Forslaga vart blankt avvist av begge partar, som fortsette å førebu seg på neste samanstøyt, som dei visste ville kome når våpenkvileavtalen gjekk ut den 9. juli 1948.[61]

Nye krigshandlingar - Nordfronten[endre | endre wikiteksten]

Den arabiske frigjeringshæren låg i stillingar i sentrale Galilea. Syriske styrkar okkuperte austbreidda av Jordanelva, medan libanesiske styrkar låg langs dagens grense frå Rosh Hanikra på Middelhavskysten og austover til Bint Jbeil. Hovudmålet for IDF var no å få kontroll på Galilea og nordre delen av Israel. Dei hadde brukt våpenkvilen til å forsterke stillingane sine og Alexandroni-, Golani-, Carmeli-, Oded- og den 7. brigaden var tilført Galilea. Den israelske planen var å rette eit åtak mot Den arabiske frigjeringshæren, som dei rekna som den svakaste arabiske avdelinga for så å kaste syrarane ut av austbreidda av Jordanelva. Åtaket starta om kvelden 9. juli. IDF mislukkast i forsøket sitt på å avskjere dei syriske styrkane og syrarane gjekk til åtak om morgonen 10. juli. Ingen av partane gjorde nemneverdig framgang og då den andre våpenstilstanden vart innført etter harde kampar var stillingane omtrent som då dei byrja ni dagar tidlegare.[62]

Lenger vest gjekk IDF til åtak med føremål å ta områda rundt byen Nasaret som var heldt av Den arabiske frigjeringshæren. Så snart som det vart klart at libanesarane ikkj hadde til føremål å blande seg inn i kampane, frigjorde IDF alle styrkane sine i eit konsentrert åtak og den 16. juli overgav byen Nasaret seg til IDF. Den arabiske frigjeringshæren trekte seg tilbake i nordaustleg retning og då den andre våpenkvilen kom i stand var det berre ein liten enklave med ryggen mot den libanesiske grensa som var besett av arabiske styrkar i Galilea.[63]

Nye krigshandlingar - Sentrale Israel og Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

Det største problemet til israelarane i sentrale Israel var Den arabiske legionen, som var rekna som den beste arabiske militære avdelinga. Han stod under leiing av eit britisk offiserskorps og kringsette Jerusalem. Frå byane Ramle og Lod som dei heldt, utgjorde dei òg ein direkte trugsel mot Tel Aviv, det største israelske befolkningssentret. I tillegg befant den eneste internasjonale flyplassen i området samt det største jernbaneknutepunktet i Israel seg i Lod.

IDF hadde som føremål å angripe i to fasar. Fase éin gjekk ut på å ta og halde Lod og Ramle på den sentrale kystsletta. Fase to gjekk ut på å erobre Latrun og Ramallah for slik å heve kringsetjinga av Jerusalem. 9. juli starta åtaket der IDF for første gang sette inn stridsvogner. Etter mykje problem fordi IDF var uvant med å nytte pansra kjøretøy og etter ein usedvanleg dristig aksjon frå Moshe Dayan-bataljonen, lukkast Yiftach-brigaden i å ta Ramle og Lod, og den arabiske folkesetnaden flykta «en masse».[64]På grunn av suksessen til IDF fall sjefen for Den arabiske legionen John Bagot Glubb ut med kong Abdulla og fleire arabiske leiarar, som såg på tapet av Lod og Ramle som eit svik frå Glubb si side. Glubb valte å halde Latrun og hadde ikkje styrkar nok til å hindre at Lod og Ramle fall. Då det vart klart for israelarane at Dei sameinte nasjonane ganske snart ville tvinge gjennom nok ein våpenkvile, la dei planen om åtak på Ramallah på hylla og konsentrerte seg om Latrun. Angrepet starta natta mellom 15. og 16. juli og fortsette til den nye våpenkvilen kom i kraft. Kampane om Latrun vart nokre av dei hardaste under heile krigen og IDF klare ikkje å ta Latrun. Byen vart verande på arabisk hender i enda 19 år og vart først erobra av israelske styrkar i seksdagarskrigen i 1967.[65]

Nye krigshandlingar på sørfronten[endre | endre wikiteksten]

Dei egyptiske styrkane bestod av fire brigadar som heldt ei linje frå Asdod via Hebron til Betlehem og derfrå til Jerusalem. Natta mellom 9. og 10. juli gjekk IDF til åtak med føremål å bryte gjennom dei egyptiske linjene og heve blokaden av dei israelske busetjingane i Negev. Etter harde kampar lukkast det israelarane og då neste våpenkvile sette inn den 18. juli hadde IDF opna ein smal korridor til Negev og såleis brote vest-aust-kontakten og frontlinja til egyptarane.[66]

Den andre våpenkvilen - Drapet på grev Folke Bernadotte[endre | endre wikiteksten]

Folke Bernadotte

Israelarane nytta tida godt og fekk inn nye og betre våpen, blant disse tidlegare tyske Messerschmitt jagarfly og tre B-17 bombefly med hjelp frå Tsjekkoslovakia. Med bombeflya bomba israelarane både Kairo og Damaskus. Gradvis lærte også IDF seg korleis dei nye våpna som artilleri, bombekastarar og stridsvogner skulle nyttast og samvirke mellom infanteri og dei nye støttevåpna.

Grev Bernadotte pressa samtidig på med sin plan som ville gjeve arabisk kontroll over Negev og Ramle-Lod-området og late Israel få Galilea. Flyplassen i Lod skulle under kontroll av Dei sameinte nasjonane. For den unge israelske regjeringa var ikkje dette mogeleg å gå med på. Den 17. september 1948, etter at ein ny rapport var sendt Dei sameinte nasjonane, kjørte grev Bernadotte gjennom Jerusalem mot Regjeringshuset saman med SN-observatøren André Serot. Bilen vart stansa av fire menn og Bernadotte og Serot vart myrda. Årsaka var at den ytterleggåande gruppa Lehi ville hindre Bernadotte-planen som mellom anna gav dei arabiske flyktningane rett til å returnere til heimane sine. Drapa vart leia av Yehoshua Zetler og utført av ei gruppe på fire menn leia av Meshulam Markover. Yehoshua Cohen avfyrte skota. Lehi-leiarane Nathan Yellin-Mor og Matitiahu Schmulevitz vart arrestert to månader etter drapet. Alle mistenkte fekk derimot amnesti etter krigen, av Israel i 1949. Drapet sjokkerte ei heil verd og gav David Ben-Gurion høve til å tvinge Irgun inn under kontroll av IDF og å legge ned Lehi, slik at israelarane fekk kontroll med gruppa. Israelske styresmakter arresterte kring 200 medlemmer av Lehi. Reaksjonen på drapet var internasjonalt særs sterk og plasserte Israel i ein vanskeleg politisk situasjon. Bernadotte sitt forslag, som var avvist av både israelarar og arabarar var ikkje lenger berre eit forslag, det var blitt eit politisk testamente over den nye statens umedgjerlegheit. Egyptarane innsåg derimot ikkje kor delikat situasjonen var blitt for Israel. Ein del av våpenkvileavtalen gjekk ut på at israelske styrkar skulle ha rett til å etterforsyne busetjingane i Negev. Dette punktet motsette egyptarane seg og det gav Israel påskot til å heve våpenkvilen og angripe på nytt.[67]

Avgjersla[endre | endre wikiteksten]

På nordfronten i Galilea var den arabiske frigjeringshæren trengt opp mot den libanesiske grensa. Styrken var redusert til kring 3-4 000 mann. IDF hadde til føremål å øydeleggje styrken ein gang for alle og sette inn Oded-, Golani- og Carmeli-brigaden samt den 7. brigaden. Kampane starta 28. oktober 1948 og dei arabiske styrkane vart angripne frå fleire kantar samstundes og seinare i dei etterfølgjande dagane. Den 31. oktober stilna kamphandlingane av i Galilea. IDF fortsette over grensa til Libanon og tok landområdet i Sør-Libanon fram til elva Litani. Dette landområdet vart så brukt aktivt i våpenkvileforhandlingane som følgde i 1949. Dei syriske styrkane heldt bruhovudet sitt på Golanhøgdene og IDF fekk ikkje syrarane bort derfrå før i seksdagarskrigen i 1967. Heile Galilea var på israelske hender.[68]

Stillingane i desember 1948 og januar 1949 på sørfronten
Situasjonen etter krigen

På sørfronten starta ei forvirrande rekkje av kampar. Intensjonen til IDF var å angripe og skape korridorar i dei egyptiske frontlinjene for å avskjere egyptarane. Dei israelske åtaka var dårleg koordinerte og førte fleire gangar berre til store tap for israelarane. Berre gjensidig mistillit og fullstendig mangel på samarbeid mellom dei arabiske styrkane og mellom den arabiske leiinga hindra israelarane i å få eit større tap. Først 20. oktober, etter at Givati-brigaden var flytta frå Galilea til Negev klarte IDF å få noko rørsle i striden og den 21. oktober tok IDF Beersheba, den største byen i Negev. Dei egyptiske styrkane lukkast i all hovudsak å trekkje seg inn i områda rundt Gaza og Faluja.

Skulle Israel sikre seg at Negev vart israelsk måtte dei derfor sikre seg området og slå dei egyptiske styrkane. Planen til grev Bernadotte der Negev skulle tilhøyre arabarane var framleis levande blant medlemmer av Dei sameinte nasjonane. IDF samla derfor alle tilgjengelege styrkar, 8. panserbrigade, Negev-, Golani-, Harel-, og Alexandroni-brigaden. Planen var at IDF skulle bryte sambanda mellom dei egyptiske styrkane i Gaza i vest og styrkane i aust som var inneslutta i Faluja. Deretter skulle dei israelske styrkane angripe inn i Sinai, svinge nordover mot kystbyen El-Arish på egyptisk side av grensa og på den måten sperre dei egyptiske styrkane inne i Gaza. Operasjonen starta 22. desember 1948 og gjekk føre seg til 8. januar 1949. Måla vart nådd, men 1. januar 1949 kom ei overrasking. USA sin ambassadør til Israel leverte ei melding frå den britiske regjeringa som stilte som ultimatum at dersom IDF ikkje trakk seg ut av Sinai, ville britane vere forplikta til å overhalde den egyptisk-britiske pakta frå 1936 og kome Egypt til hjelp. For å vere varsam gav derfor Ben-Gurion IDF ordre om å utsette det avgjerande åtaket på El-Arish og trekkje seg ut av Sinai 2. januar 1949. IDF fortsette så åtaket mot egyptarane frå Negev, på eiga side av grensa. Dei gjekk til åtak på Rafah på grensa mellom Egypt og Gaza som dei tok, og tvang slik den egyptiske leiinga til å innsjå at det berre var kort tid før dei egyptiske styrkane ville vere nedkjempa. Egypt bad derfor om å starte våpenkvileforhandlingar.

Det internasjonal presset mot Israel var aukande. Britane sendte jagarfly til Sinai for å sjå at alle israelske soldatar var trekt ut av egyptisk område og det kom til kampar mellom israelske Messeschmitt og britiske Spitfire jagarfly. Disse kampane resulterte i at fem britiske fly vart skotne ned. Fire i luftkampar og eitt av luftvernartilleri. Seinare same dag kom eit Mosquito med eskorte av to Hawker Tempest jagarfly for å leite etter dei nedskotne britiske flya. Det enda med at eit av Tempest flya vart skotne ned. Britane var rasande og stilt overfor konkrete trugslar gjekk israelarane med på våpenkvile med effekt frå 7. januar 1949.[69]

Israelarane hadde ikkje full kontroll over Negev. Jordan kontrollerte dei aller sørlegaste områda. Israel rekna det gunstigaste tidspunktet for å sikre kontroll å vere tidspunktet rett etter at våpenkvile avtalen med Egypt var underskriven, men før forhandlingane med Jordan tok til. I ein operasjon som gjekk føre seg frå 6 til 10. mars 1949 tok Israel slik full kontroll over Negev.[70]

Då krigen slutta i juni 1949 i ein endeleg våpenkvile, hadde Israel teke nye område, slik at dei hadde eit samanhengande land. Nabolandet Transjordan hadde erobra Vestbreidda og halvdelen av Jerusalem, og Egypt heldt Gazastripa. Ein særs stor del av arabarane flykta som følgje av krigen. I ei bok av historikaren Benny Morris vert det hevda det at dette var dirigert av den israelske hæren, ovanfrå.[71][72] Benny Morris har seinare meint at rundt 5 % av arabarane flykta etter oppfordring frå sine eigne arabiske leiarar.[73]

Krigsslutt[endre | endre wikiteksten]

Våpenstillstand med Egypt vart underskriven på Rodos 24. februar 1949. Grensene mellom Egypt og Israel gjekk langs frontlinjene og Gaza kom derfor under egyptisk kontroll. Dei kringsette egyptiske styrkane ved Faluja marsjerte heim og kryssa grensa til full militær honnør frå IDF. Israel hadde kontroll over Negev. Så følgde våpenkvileavtale med Libanon den 23. mars 1949 og IDF trekte seg ut av dei okkuperte områda i Sør-Libanon. Transjordan og Israel skreiv våpenkvileavtale 3. april 1949 og Syria skreiv til slutt under 20. juli 1949. Den første midtausten-krigen var over.[74]

17. juli 1949 delte Israel ut den militære utmerkinga si Hero of Israel for innsats under krigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette omfattar alt militært personell både i strid og logistikk.[6]
  2. På det meste ikkje halvparten av styrkane til Israel, men desse tala gjeld berre dei som var i strid i det tidlegare Palestinamandatet, ikkje den samla militærstyrken.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

På norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Tveit, Odd Karsten: Annas Hus – En beretning frå Stavanger til Jerusalem; J W Cappelens Forlag as, Gjøvik 2000; ISBN 82-02-18591-2
  • Morris, Benny 1948: Den første arabisk-israelske krigen, 2014 ISBN 9788282651110

På engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • Herzog, Chaim: The Arab-Israelli Wars – War and peace in the Middle East from the War of Independence through Lebanon; Vintage Books, a division of Random House, New York 1984; ISBN 0-394-71746-5 (pbk)
  • Smith, Collin: England's last war against France – Fighting Vichy 1939-1942; Orion Books Ltd, London 2010; ISBN 978-0-7538-2705-5
  • Bell, J Bowyer: Terror out of Zion – Irgun Zvai Leumi, Lehi and the Palestine Underground 1928-1949; Avon Books, 959 Eight Avenue, New York 1978; ISBN 0-380-39396-4
  • Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, MA: Cambridge University Press, 2004.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, 2008, pp. 400, 419
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Oren 2003, p. 5.
  3. Morris (2008), s.260.
  4. Gelber, pp. 55, 200, 239
  5. Morris, 2008, s. 332.
  6. 6,0 6,1 Gelber (2006), s.12.
  7. Pollack, 2004; Sadeh, 1997
  8. Politics and society in modern Israel: myths and realities. Google Books. 2000. ISBN 9780765605146. Henta 28 March 2011. 
  9. Laurens 2007 s.194
  10. Morris 2008, s. 404–406.
  11. Tveit side 463
  12. Herzog side 46
  13. Dagbladet 13. januar 2010. Sist besøkt 30. juli 2010.
  14. Bell side 15
  15. Tveit, side 67.
  16. Tveit, side 12.
  17. Promises & Betrayals: Britain and the Struggle for the Holy Land nrk.no. filmakers.com
  18. Bell side 11-75
  19. Tveit, side 400.
  20. Tveit, side 411-413.
  21. Tveit, side 404.
  22. Tveit, side 402.
  23. Tveit, side 400. Britenes Whitepaper etter Londonkonferansen i 1939.
  24. Herzog, side 12. Tveit, side 421.
  25. Smith, side 191, War on land, sea and air.
  26. Herzog, side 12.
  27. 27,0 27,1 Tveit, side 420.
  28. Bell side 77
  29. Bell side 118
  30. Dagbladet, 13. januar 2010. Sist besøkt 30. juli 2010.
  31. Bell side 115-126
  32. Tveit, side 405.
  33. Bell side 91
  34. Bell i forord side vii
  35. Dagbladet, 13. januar 2010. Vitja 5. august 2010.
  36. Bell side 73
  37. Herzog, side 13.
  38. Herzog, side 19.
  39. Herzog, side 24.
  40. Herzog, side 26. Tveit, side 433.
  41. Herzog side 29, 30, 31
  42. Herzog side 33
  43. Dagbladet 13 januar 2010. Sist besøkt 5. august 2010
  44. 44,0 44,1 Herzog side 31
  45. Tveit side 450
  46. Herzog side 36
  47. Herzog side 37
  48. Herzog side 38-40
  49. Herog side 38-40, som hevdar at dette var eit feigt arabisk åtak på forsvarslause jøder
  50. Tveit side 450 som hevdar dette var eit hemnåtak for massakren i Deir Yassin tre dagar tidlegare
  51. Tveit side 462
  52. Herzog side 46
  53. 53,0 53,1 53,2 Herzog side 75
  54. Herog side 48
  55. Herzog side 22
  56. Herog side 51
  57. Herzog side 23
  58. Herog side 49-54
  59. Lebanon-The 1948 Arab-Israeli War THE LEBANESE POLITICAL-MILITARY SITUATION: INDEPENDENCE TO
  60. Bell side 19
  61. Herzog side 76
  62. Herzog side 77
  63. Herzog side 79
  64. Hezog side 80
  65. Herzog side 84
  66. Herzog side 84-87
  67. Herzog side 88
  68. Herzog side 89-91
  69. Herog side 102-104
  70. Herzog side 89-104
  71. «Massakrerte palestinere i -48». Aftenposten. 13. januar 2004. Henta 24. januar 2009. «Og i den nye boken later han til å støtte tanken om at det hele var dirigert ovenfra. Dette var det budskap Ben Gurion signaliserte helt fra april 1948» 
  72. «Snur på Israels historie». Aftenposten. 19. februar 2007. Henta 24. januar 2009. «Han påviser hvordan Israels første leder, David Ben-Gurion, og hans kolleger allerede fra 1930-tallet besluttet at araberne i Palestina "må vekk, men vi trenger et passande øyeblikk for å få det til, som en krig", slik Ben-Gurion skrev i eit brev til sin sønn i 1937.» 
  73. Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, MA: Cambridge University Press, 2004, s. 590
  74. Herzog side 105

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den arabisk-israelske krigen i 1948