Den arktiske oscillasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tidsserie av den arktiske oscillasjonen for vinteren (DJFM) 1899–2011.
Temperaturmønster for ein positiv fase av AO-indeksen i DJFM.
Nedbørsmønster for ein positiv fase av AO-indeksen i DJFM.

Den arktiske oscillasjonen (AO) er ein indeks (som varierer med tida utan ein jamn periode) for dei dominerande, kortare trykkvariasjonane ved havnivå i områda nord for 20 ºN, og er karakterisert av ein trykkanomali med eitt forteikn i Arktis, og ein trykkanomali med motsett forteikn i områda kring 37–45 ºN.[1] Klimatologar trur at AO-indeksen er årsakssamanhengande til, og derfor delvis føreseiande for vêrmønster som ligg fleire tusen kilometer unna Arktis, som Nord-Amerika og Europa. NASA-forskaren James E. Hansen har forklart mekanismen der AO påverkar vêret på stader så langt unna Arktis som følgjer:

Positiv og negative fasar av den arktiske oscillasjonen.
«I kor stor grad den arktiske lufta trengjer inn i midlare breiddegrader er knytt til AO-indeksen, som er definert av lufttrykkmønster ved overflata. Når AO-indeksen er positiv, er overflatetrykket lågt i polarområda. Dette gjer at jetstraumen på mildare breiddegrader bles kraftigare og i rettare linjer frå vest til aust, og held dermed den kalde, arktiske lufta låst inne i polarområda. Når AO-indeksen er negativ, er det auka tendens til å få høgtrykk i polarområda, svakare sonale vindar, og større rørsle av iskald polarluft sørover til midlare breiddegrader.» [2]

Denne sonale, symmetriske svinginga mellom havnivåtrykket i polare og tempererte breiddegrader vart først identifisert av Edward Lorenz [3] og namnsett i 1998 av David W.J. Thompson og John Michael Wallace.[4]

Den nordatlantiske oscillasjonen (NAO) er nært knytt til AO og det finst diskusjonar om den eine eller den andre er meir grunnleggjande representativ for dynamikken i atmosfæren. Ambaum et al. hevdar at NAO kan identifiserast på ein meir fysisk meiningsfull måte.[5]

Gjennom det meste av førre hundreåret har den arktiske oscillasjonen svinga mellom positive og negative fasar. Frå og med 1970-åra har oscillasjonen vorte oftare positiv når han vert midla over ein 60-dagars løpande periode, men tendensen er at AO har blitt meir nøytral det siste tiåret. Oscillasjonen svingar framleis stokastisk mellom negative og positive verdiar på dagleg, månadleg, sesongbaserte og årlege tidsskalaer, men trass i den tilfeldige karakteren har ein i nyare tid klart å varsle AO-indeksen temmeleg nøyaktig for dei neste 5-10 dagane. Korrelasjonen mellom faktiske observasjonar og eit sjudagarsmiddel hos GFS-ensemblet av AO-indeksen er kring 0,9, eit høgt tal for denne typen statistikk.[6]

National Snow and Ice Data Center skildrar effekten av AO-indeksen:

«I den positive fasen driv høgtrykk på midlare breiddegrader havstormane lenger nord, og endringar i sirkulasjonsmønsteret fører til våtare vêr i Alaska, Skottland og Skandinavia, og samstundes tørrare forhold vest i USA og i Middelhavet. I den positive fasen trengjer ikkje den iskalde vinterlufta like langt inn i sentrale område av Nord-Amerika som ho gjer i negative fasar av oscillasjonen. Dette gjer at det emste av USA aust for Rocky Mountains vert varmare enn normalt, men gjer Grønland og Newfoundland kaldare enn normalt. Vêrmønter i den negative fasen er generelt «motsette» til dei i den positive fasen.»

Klimatologar nyttar ofte den arktiske oscillasjonen i dei offentlege forklaringane sine av ekstremvêr. Den følgjande meldinga frå National Oceanic and Atmospheric Administration sitt National Climatic Data Center: Klimatilstanden desember 2010 nytta uttrykket «negativ arktisk oscillasjon» fire gonger og er talande for denne aukande tendensen:

«Kald arktisk luft sette seg over det vestlege Europa dei første tre vekene i desember. To store snøstormar, isete tilhøve og særs låge temperaturar herja i det meste av regionen. Det harde vintervêret vart tilskrive den negative arktiske oscillasjonen, som er eit klimamønster som påverkar vêret på den nordlege halvkula. Ein særs vedvarande, kraftig høgtrykksrygg, eller blokkerande høgtrykk, nær Grønland let den kalde, arktiske lufta strøyme sørover til Europa. Europa var ikkje den einaste regionen på den nordlege halvkula som vart påverka av den arktiske oscillasjonen. Ein kraftig snøstorm og særs låge temperaturar råka det meste av Midtvesten i USA 10.-13. desember.»[7]

I februar 2010 nådde den arktiske oscillasjonen den lågaste målte middelverdien ein har målt sidan 1950-åra, då målingane starta, med ein verdi på −4,266.[8] Denne månaden var prega av tre forskjellige og særs kraftige snøstormar på austkysten av USA. Den første gav 63,5 cm med snø i Baltimore den 5-6. februar, medan eit nytt kraftig snøfall berre fire dagar seinare gav 50 cm til. I New York City gav ein snøstorm den 25.-27. februar 53 cm med snø. Ni av dei ti kaldaste januarmånadane i denne delen av USA har skjedd samstundes med kraftig negative AO-indeksar.[9]

Men samsvaret mellom negativ AO-indeks og kald og snørikt vintervær er ikkje ein-til-ein, og ein kan få mildt og vått vêr i perioder med kraftig negativ AO.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arctic Oscillation (AO) time series, 1899 – June 2002
  2. Hansen, James; Reto Ruedy; Makiko Sato; Ken Lo (2009). «If It’s That Warm, How Come It’s So Damned Cold?» (PDF). Henta 2013-07-17. 
  3. Lorenz, Edward N. (1951). «SEASONAL AND IRREGULAR VARIATIONS OF THE NORTHERN HEMISPHERE SEA-LEVEL PRESSURE PROFILE». Journal of Meteorology 8 (1): 52–59. Bibcode:1951JAtS....8...52L. ISSN 1520-0469. doi:10.1175/1520-0469(1951)008<0052:SAIVOT>2.0.CO;2. Henta 2010-08-28. 
  4. Thompson, David W. J.; John Michael Wallace (1998). «The Arctic oscillation signature in the wintertime geopotential height and temperature fields». Geophysical Research Letters 25 (9): 1297–1300. Bibcode:1998GeoRL..25.1297T. doi:10.1029/98GL00950. Henta 2010-08-28. 
  5. Ambaum et al. "Arctic Oscillation or North Atlantic Oscillation?"
  6. «CPC – Monitoring & Data: Daily Arctic Oscillation Index». http://www.cpc.noaa.gov/products/precip/CWlink/daily_ao_index/ao_index.html. Henta 20. oktober 2016. 
  7. «State of the Climate | December 2010». http://www.ncdc.noaa.gov/sotc/2010/12. Henta 20. oktober 2016. 
  8. Ripesi, Patrizio; et al. (2012). «The February 2010 Artcic Oscillation Index and its stratospheric connection» (PDF). Quarterly Journal of the Royal Meteorological Society 138: 1961–1969. Bibcode:2012QJRMS.138.1961R. doi:10.1002/qj.1935. 
  9. National Weather Service Climate Prediction Center and NWS Forecast Office, as of 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]