Den assyriske kyrkja i Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den assyriske kyrkja i Austen
GrunnleggjarTomas, Thaddeus, Mari
HovudkontorArbil
LeiarMar Gewargis III
Medlemmer400 000[1][2]

Den assyriske kyrkja i Austen er eit kristent autokefalt kyrkjesamfunn som berre anerkjenner dei to første økumeniske kyrkjemøta (Nikea i 325 og Konstantinopel i 381). Ho erklærte seg sjølvstendig i 424 og forkasta konsilet i Efesos i 431. Kyrkja er difor ikkje i kommunion med noko anna kyrkje. Kyrkja er leia av katolikos-patriarken av kyrkja i Austen.

Den assyriske kyrkja går attende på det oldkyrkjelege katolikatet Selevkia-Ktesifon, dvs. på dei kristne forsamlingane som låg austom (Aust-)Romarriket. Ho hadde hovudtyngda si i Persarriket, men fekk medlemmar heilt inn i Aust-Asia. Dermed var ho i mellomalderen den kristne kyrkja med størst geografisk utbreiing.

I dag har kyrkja derimot berre rundt 400 000 medlemmar. Rundt halvparten av desse lever i det opphavlege utbreiingsområdet til kyrkja (Iran, Irak, Syria og dessutan den indiske Malabarkysten) og resten i ein verdsomspennande diaspora (hovudsakleg i USA). Kyrkja har sidan 1964 vore splitta i to greiner:

Domkyrkja til patriarken i Chicago

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja kallar seg sjølv Kyrkja i Austen, noko som lett kan forvekslast med det mykje vidare begripe Austkyrkja. Adjektivet austkyrkjeleg må difor ikkje brukast for å omtala kyrkja i Austen. Omgrepa assyrisk, gammalorientalsk, kaldeisk, nestoriansk, persisk og austsyrisk har ofte blitt brukt om kyrkja, endå hovudsakleg som framandnemningar:

  • Assyrisk er det mest brukte adjektivet for kyrkja i Austen (og inngår òg i eigennemninga til éi av dei to noverande greinene).
  • Gammalorientalsk er eit upresist omgrep som visert til at kyrkja er den orientalske kyrkja som oppstod i den første (eldste) splittinga av oldkyrkja.
  • Med kaldeisk meiner ein i dag hovudsakleg den kaldeisk-katolske kyrkja, som løyste seg frå kyrkja i Austen i løpet av mellomalderen.
  • Nestoriansk er ei villeiande nemning fordi kyrkja aldri har akseptert nestorianisme-læra.
  • Persisk er ikkje lenger i utstrakt bruk, bortsett frå i historiske samanhengar.
  • Austsyrisk blir mest brukt som ei samlenemning for kyrkjene som følgjer den austsyriske riten, som ved sida av kyrkja i Austen òg er den kaldeisk-katolske og den syro-malabariske kyrkja.

Kyrkja i Austen omtalar seg offisielt som «apostolisk» og «katolsk». Katolsk uttrykkjer her ikkje noko band til den katolske kyrkja, men tyder 'universell'. Apostolisk visar til at kyrkja er sett på som grunnlagt gjennom apostlane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mar Elias (Eliya). Illustrasjon frå A Residence of Eight Years in Persia Among the Nestorians, with Notes of the Mohammedans av Justin Perkins (Andover, 1843).
Arabisk diatessaron
Utbreiing i mellomalderen
Psalterium funne i Turfan, som no er i Folkerepublikken Kina

Opphav i antikken[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja i Austen utvikla seg i dei arameisktalande områda i Mesopotamia, austom den romerske austgrensa (dagens Irak, søraustlege Tyrkia, austlege Syria og vestlege Iran). Ifølgje tradisjonen blei kyrkja grunnlagd gjennom misjoneringa til tre av Jesus sine disiplar: apostelen Tomas (Mar Toma), Taddeus (arameisk Mar Addai; usikkert om Taddeus av Edessa eller Judas Taddeus er meint), og apostelen Bartolomeus (Mar Bar Tulmay). Til dels blir òg apostelen Peter knytt til kyrkja sidan han skal ha talt til forsamlinga i Babylon.

Dei kristne i Mesopotamia sokna opphavleg til patriarkatet Antiokia. Den persiske metropolitten fekk etter kvart tittelen katolikos, ein tittek som viste til ein avløysar av patriarken av Antiokia i eit område som låg utanfor Romarriket. Metropolitten /katolikosen sitt sete låg i hovudstaden Selevkia-Ktesifon.

Den dominerande religionen i Persarriket under Sasanide-dynastiet var zoroastrismen, men den kristne minoriteten i Mesopotamia blei tolerert. Sidan Persar- og Romarriket var fiendtlige statar, blei likevel situasjonen til dei kristne forverra då romarane gjorde kristendomen til statsreligion i 380. Persarane mistenkte dei kristne for å vera lojale mot den romerske fienden. Det kan vera ein av grunnene til at kyrkja i Austen kutta banda til den antiokenske morkyrkje ved å erklæra seg for sjølvstendig i 424 og utropa sin katolikos til patriark.

Kyrkja har aldri akseptert den såkalla nestorianske læra om Jesu to personar. Men kyrkja i Austen nekta å lyda konsilet i Efesos si avgjerd frå 431 om å ekskommunisera patriark Nestorios av Konstantinopel – fordi dei meinte at kritikken mot Nestorios var konstruert.

Seinare tids forsking har stadfesta dette synet: Nestorianismen, slik han blei fordømd på Efesos-konsilet, var for ein stor del ein teologisk stråmann. Nokre av representantane til kyrkja, til dømes Barsauma av Nisibis (400–495), såg seg rett nok politisk tent med å fronta deler av læra til Nestorios. Detta auka aksepten for kyrkja i Austen hjå dei persiske makthavarane, sidan det samtidig førte til fordømming av og større avstand til kyrkja i Romarriket.

Det er altså ikkje historisk korrekt at splittinga mellom kyrkja i Austen og kyrkja i Romarriket skjedde på grunn av eller på eller etter konsilet i Efesos. Kyrkja i Austen hadde heller ikkje vore representert på dei tidlegare romerske konsila (Nikea i 325 og Konstantinopel i 381), men vedtok å aksepterte avgjerdene deira på kyrkja sin eigen synoden i Selevkia-Ktesifon i 410. Brotet fann stad allereie i 424 og hadde dermed lite med konsilet og Nestorios å gjera. Fordømminga av den romerske kyrkja byrja rett nok først etter 431.

Viktige lærde som var del av og/eller påverka kyrkja i Austen var Afrahat (270–350), Efraim Syraren (306–373), Teodor av Mopsvestia (350–428), Narsai av Nisibis (410–502) og Babai den store (551–628). Dei assyriske kristne utvikla ein stor teologisk, filosofisk og vitskapleg aktivitet, som m.a. bestod i å vidareformidla, oversedja, tolka og vidareutvikla viktige skrifter på desse områda.

Assyriske kristne var m.a. representert ved skulen i Edessa/Nisibis og akademiet i Gundishapur, som var nokre av dei viktigaste forskings- og lærestadene i samtida. Dei assyriske kristne var rekna som kunnskapsrike, og fungerte delvis som rådgjevarar i viktige posisjonar hjå såvel arabiske som mongolske herskarar. Det er deira forteneste at kunnskapen om filosofane i antikken (Aristoteles med fleire) blei verna: Kunnskapen var gått tapt i Europa i løpet av 600-talet, men blei gjeninnført 600 år seinare frå den arabiske verda – som hadde lært om han gjennom omsetjingane til assyrarane.

Blømings- og nedgangstid (mellomalderen)[endre | endre wikiteksten]

Islamiseringa av Mesopotamia på 600-talet førte ikkje til noka vesentleg endring: Kyrkja i Austen blei verande eit tolerert mindretal, men måtte akseptera nokre innskrenkingar og høgare skattar. Likevel opplevde ho frå 600- til 1300-talet ei usedvanleg blømingstid, då ho omfatta opptil 27 metropolitansete og over to hundre bispedøme mellom Middelhavet i vest og Gulehavet i aust, Mongolia i nord og Sumatra i sør. Langs heile silkevegen låg assyriske bispesete (t.d. i Samarkand, Tasjkent, Bukhara, Kashgar). Sjølv om kyrkja utgjorde ein religiøs minoritet i heile utbreiingsområdet sitt, hadde ho fleire millionar tilhengarar.

Innskrifta på Xi'anstelen frå 781 i den dåverande kinesiske hovudstaden Chang'an skildrar t.d. korleis biskop Alopen i 635 førte kristendomen frå Persia til Kina under keisar Tang Taizong.

Nedgangstiden byrja i 1368, då den første keisaren av Ming-dynastiet utviste dei kristne frå Kina. Under mongolherskaren Timur Lenk blei dei utsette for blodige forfølgingar. Dei gjenverande kristne assyrarane trekte seg tilbake til eit lite område mellom Amid (dagens Diyarbakır i Tyrkia), Urmiasjøen (i dagens Iran) og Kirkuk (i dagens Irak), med tyngdepunkt i Hakkâri-fjella og rundt Mosul. Katolikos-patriarken blei no òg det politiske overhovudet for assyrarane, og tittelen blei i løpet av 1400-talet arveleg, dvs. gjekk frå onkel til nevø. Motstand mot arvefølgja og skiftande alliansar med den katolske kyrkja førte til splitting av kyrkja i opptil tre konkurrerande linjer: låglandspatriarkatet (1552–1804), fjellpatriarkatet (1552–no) og det kaldeiske patriarkatet av Babylon (1681–no).

Isolert frå det assyriske kjerneområdet overlevde kyrkja i Austen òg blant dei såkalla tomaskristne langs den indiske Malabarkysten, der katolske misjonærar på 1500-talet blei overraska over å treffa på kristne. Desse blei dels innlemma i den katolske kyrkja, men heldt på den assyriske ritusen (sjå den syro-malabariske kyrkja); dels gjekk dei over til den vestsyriske ritusen og underla seg den syrisk-ortodokse patriarken av Antiokia (sjå den syrisk-ortodokse kyrkja av Malankara). Ei delgruppe av den syro-malabariske kyrkje tok likevel opp igjen kontakten med kyrkja i Austen på 1800-talet og har sidan utgjort eit eige erkebispedøme.

Forfølging og diaspora (1900-talet)[endre | endre wikiteksten]

Mar Dinkha IV, katolikos-patriark av den assyriske kyrkja i Austen
Foto: Ron Roberson, 2008

Under første verdskrigen blei om lag 100 000 assyriske kristne drepne i ungtyrkarane sitt folkemord på armenarane og assyrarane, blant desse nesten alle biskopane i kyrkja. Mange av dei overlevande flykta til Irak, der forfølginga likevel heldt fram etter utløpet av det britiske mandatet i 1933. Igjen måtte mange assyrarar flykta, no hovudsakleg til USA, der òg katolikos-patriark Shimun XXIII utvandra.

Shimun XXIII innførte i 1964 ei reform som m.a. innebar innføringa av den julianske kalenderen, forkorting av fastetiden og enkelte liturgiske endringar. I Irak og India var det likevel motstand mot det som blei oppfatta som «vestleggjering», og metropolitten av India, Thomas Darmo, oppretta i 1964 ei konkurrerande kyrkje, den gamle kyrkja i Austen. Fire år seinare lét han seg utnemna til katolikos-patriark for denne. Andre kritikkpunkt omfatta arvelegheiten av katolikosembetet og at patriarken ikkje hadde returnert til Irak. Ingen av usemjene rører ved eigentlege trusspørsmål.

Den valde etterfølgjaren til Shimun, katolikos-patriark Dinkha IV, har prøvd å gjenforeina kyrkja. Han lukkast med å forsonast med metropolitten av India, Aprem Mooken. Thomas Darmo sin etterfølgjar som katolikos-patriark av den gamle kyrkja i Austen, Addai II, som har ei viss støtte framfor alt i Irak, har likevel så langt nekta å vera med på ei gjenforeining.

Shimun XXIII og Dinkha IV etablerte gode relasjonar til andre kyrkjer, særleg den katolske (inkludert den kaldeiske), men òg den syrisk-ortodokse. I 1997 oppheva Dinkha og den syrisk-ortodokse patriarken av Antiokia dei gjensidige bannlysingane, som kyrkjene deira hadde uttalt 1500 år tidlegare.

Karakteristikkar[endre | endre wikiteksten]

Kristologien til kyrkja i Austen lærer at Jesus sin menneskelege og guddommelege natur eksisterer ved sida av kvarandre, sameint i same person. Maria blir omtalt som Jesu mor, men ikkje som Guds mor. Dette har av dei efesiske kyrkjene blitt tolka som utslag av nestorianisme, men kyrkja i Austen har aldri hevda av Jesus var to personar eller to uforeinlige naturar.

Gudstenestene blir tradisjonelt haldne på arameisk. Liturgien blei utforma av misjonærane Addai og Mari på 200-talet og dessutan av Teodor av Mopsuestia (350–428). Apokatastasis er ein del av liturgien. Under gudstenesta nyttar ein røykjelse.

Kvar sundag feirar ein nattverd (qurbana). Eit særtrekk er at ein del av nattverdsbrødet alltid blir blanda inn i den nye deigen. Denne tradisjonen skal gå heilt attende til Jesus og apostlane sitt påskemåltid.

Kyrkja i Austen praktiserer apostolisk suksesjon. Biskopar, men ikkje prestar, må leva i sølibat. Òg munkar levde i sølibat, men klostera til kyrkja finst ikkje lenger. Biskopane levde fram til 1900-talet reint vegetarisk. Mødrer av potensielle biskopar åt difor ikkje kjøt under graviditeten. Kvinner som blei fødde etter slike vegetariske graviditetar hadde delvis framståande politiske roller i samfunnet.

Bispedøme[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja til Guds mor i Moskva

Kyrkja i Austen er delt i erkebispedøme og bispedømme. På grunn av splittinga i kyrkja er nokre byar sete for konkurrerande biskopar:

Den assyriske kyrkja i Austen[endre | endre wikiteksten]

Den gamle kyrkja i Austen[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Nestorian". Encyclopædia Britannica. Läst 19 april 2010.
  2. «CNEWA United States - The Assyrian Church of the East». Cnewa.org. Arkivert frå originalen 23 juli 2012. Henta 12. juni 2012. 
  3. Arentzen (2015). Ortodoxa och österländska kyrkor i Sverige. Stockholm: SST:s skriftserie.