Den australske plata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den australske plata
jordskorpeplate
Del av Den indoaustralske plata
Australian plate.PNG
AustralianPlate.png
Wikimedia Commons: Australian tectonic plate

Den australske plata er ei jordskorpeplate på den sørlege og austlege halvkula.

Plata var opphavleg ein del av det historiske kontinentet Gondwana, og var knytt saman med Den indiske plata og Den antarktiske kontinentalplata for inntil omlag 100 millionar år sidan, då Indiaplata lausna og byrja å røra seg mot nord. Australiaplata og Antarktisplata byrja å rifte for 85 millionar år sidan, og skilde heilt lag for omlag 45 millionar år sidan.[1] Australiaplata smelta seinare saman med Indiaplata under Indiahavet, og danna Den indoaustralske kontinentalplata. Nylege studium tyder likevel på at desse to platene igjen kan ha blitt delt frå kvarandre for minst 3 millionar år sidan.[2]

Den australske plata inkluderer kontinentet Australia med Tasmania, og i tillegg delar av Ny-Guinea, New Zealand og havbotn i Indiahavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den nordaustlege sida er ei kompleks, men stort sett konvergerande grense med Stillehavsplata. Stillehavsplata subdukterer under Australiaplata, noko som dannar Tongagropa og Kermadecdjupna og dei parallelle øybogane Tonga- og Kermadecøyane. Subduksjonen har òg løfta dei austlege delane av Nordøya på New Zealand, som høyrer til Australiaplata.

Det stort sett undersjøiske kontinentet Zealandia, som strekkjer seg frå Ny-Caledonia i nord til New Zealand sine subantarktiske øyar i sør, blir no rive sund langs ei transformforkasting som ein kan sjå langs Sørøya i New Zealand.

Sør for New Zealand skjer ein overgang frå transformforkastning til konvergerande grense, kalla Macquarierifta, der Australiaplata byrjar å subduktere under Stillehavsplata langs Puysegur-gropa. I framhaldet sørvestover frå denne gropa ligg Macquarieryggen.

Den sørlege sidan av Australiaplata er ei divergerande grense med Den antarktiske kontinentalplata, kalla Den søraustlege indiske ryggen.

Den subdukterande grensa gjennom Indonesia er ikkje parallell med den biogeografiske Wallace-linja som skil den stadeigne asiatiske faunaen frå den australske. Dei austlege øyane i Indonesia ligg ikkje på Australiaplata, men har australasiatisk fauna og flora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gathering Gondwana: New Look at an Ancient Puzzle». Live Science. 
  2. «The January 26, 2001 Bhuj Earthquake and the Diffuse Western Boundary of the Indian Plate» (PDF). American Geophysical Union. 2002. Henta 28. januar 2018.