Biogeografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den biogeografiske regionen)
Kart over dei biogeografiske regionane. ██ Nearktisk region ██ Palearktisk region ██ Afrotropisk region ██ Indomalayisk region ██ Australsk region ██ Neotropisk region

Biogeografi er læra om den geografiske spreiinga til ulike organismar, og om prosessane som ligg bak ho. Mønstra av artsdistribusjon på dette nivået kan vanlegvis forklarast gjennom ein kombinasjon av historiske faktorar som artsdanning, utrydding, kontinentaldrift, istider, endring av elveløp osb., i kombinasjon med økologiske faktorar i miljøet.

Biogeografien kan delast opp i mellom anna dyregeografi og plantegeografi.

Biogeografiske regionar[endre | endre wikiteksten]

Den biogeografiske verda er delt inn i seks regionar:

Stundom vert òg Antarktis og Oseania rekna som biogeografiske regionar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Biogeografien som vitskap oppstod på 1800-talet og vart grunnlagd av oppdagaren Alexander von Humboldt, som utførte eit omfattande botanisk kartleggingsarbeid på reisene sine. Alfred Russel Wallace kartla spreiinga av fauna og flora i Indonesia på 1850-talet og nytta observasjonane sine som indisium for ei utviklingslære han kom fram til uavhengig av Charles Darwin (men på om lag same tida).

Biogeografien som vitskap var likevel reint deskriptiv fram til Robert MacArthur og Edward O. Wilson publiserte The Theory of Island Biogeography i 1967, kor dei utvikla ei rekkje teoriar for å måla forventa artsrikdom i gitte miljø. Mellom faktorane dei nytta i utrekningane sine var habitatområde, innvandringsrate og utryddingsrate. Arbeidet deira førte til ein straum av forsking på øybiogeografi.

Med molekylærbiologien sitt inntog oppstod ei ny grein av biogeografi; fylogeografien. Denne utviklinga gjorde det mogleg for vitskapsfolk å testa teoriane sine om opphavet og utryddinga til bestandar, mellom anna endemiske øy-artar. Der klassiske biogeografar var i stand til å spekulera på kvar artane på Hawaii-øyane kom frå, kan fylogeografar nytta DNA og finna ut om dei er nærast i slekt med tilsvarande artar i Asia eller i Nord-Amerika.