Den dag kjem aldri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Den dag kjem aldri» er eit dikt av A.O. Vinje. Diktet blei første gong prenta i tidsskriftet Dølen. Diktet inngår i A. O. Vinjes diktsamling Storegut frå 1866, i den bolken som heiter «Det syng for Storegut».

Det er laga etter mønster av nystevet, og kan karakteriserast som ei nystev-vise, og alle nystevmelodiar er brukelege. Oftast høyrer ein den nystevtonen som det til vanleg er nytta på «Å Ola, Ola, min eigen onge».

Komponisten Klaus Egge har laga ein mykje brukt korsats av songen der han nyttar ein annan av dei tradisjonell nystevtonana. Folketonesongarar bruker gjerne denne teksten, og han er å finne på fleire CD-ar.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Sistelinja i kvart vers blir teken opp att.

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart eg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]