Den engelsk-spanske krigen (1727–29)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den engelsk-spanske krigen

Framtidig framstilling av omleiringa av Gibraltar i 1727
Dato 1727–29
Stad Spania og Panama
Resultat Sevillatraktaten (1729)
Status quo ante bellum
Partar
Flagget til Spania Det spanske imperiet Det britiske flagget
Den engelsk-spanske krigen (1727-29)
Porto Bello · Gibraltar  · 11. mars 1727

Den engelsk-spanske krigen 1727–1729 var ein avgrensa krig som fann stad mellom Storbritannia og Spania seint i 1720-åra, då britane mislukkast i ein blokade av Porto Bello og spanjolane mislukkast å erobre Gibraltar. Krigen enda med ein status quo ante bellum etter freden i Sevilla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Wien-traktaten (1725).

Under den spanske arvefølgjekrigen tapte Spania Gibraltar til ein engelsk-nederlandsk flåte og då krigen var over i 1714, vart Spania tvungen til å akspetere tapet av Gibraitar i freden i Utrecht. Trass i dette hadde Spania langvarige planar om å ta attende både Gibraltar og øya Menorca frå britane.

Etter Wien-traktaten i 1725 hadde Spania støtte frå Austerrike og meinte at tida var inne på å prøve og ta attende Gibraltar. Som ein reaksjon signerte britane Hannover-traktaten med Frankrike og Preussen.

Somme historikarar meiner at krigen byrja i 1726, fordi spaninga mellom Storbritannia og Spania alt var særs spent på den tida. Ein britisk flåte vart send til Spansk Vestindia for å forstyrre den spanske skipstransporten, utan å faktisk starte ein krig.

Handlingar[endre | endre wikiteksten]

Porto Bello[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå blokaden av Porto Bello.

Storbritannia hadde prøvd å nytte sjømakta si tidleg i striden ved å blokere Porto Bello i Panama, men forsøket viste seg å bli katastrofalt. 4000 mann mista livet av sjukdom. Hovudmålet med blokadne var å hindre spanske galeonar å segle til Spania, men blokaden mislukkast og britane trekte seg attende.

Omleiringa av Gibraltar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omleiring av Gibraltar (1727).

Den 11. februar 1727 starta Spania, leia av Marquis de las Torres og sjefsingeniør i det spanske kongelege ingeniørkorpset markisen av Verboom, omleiringa av byen (Den trettande omleiringa av Gibraltar). Forskjellige kjelder oppgjev dei spanske styrkane til mellom 12 000 og 25 000 mann, medan dei britiske forsvarane var 1500 i starten av omleiringa, og opp til kring 5000 mann etter kvart, ført inn til sjøs av ein flåte kommandert av Charles Wager.

Etter ei fire månader lang omleiring, med fleire mislukka og dyrekjøpte forsøk, gav spanjolane opp og trekte seg attende 12. juni. Spania hadde mista over 1400 mann, medan britane hadde tapt kring 300 mann.

Spanjolane hadde venta materiell hjelp frå austerrikarane, slik det var lova med Wien-traktaten, men dette kom for seint fram. Austerrikarane vart utmanøvrert av britiske diplomatar, som hadde inngått ein avtale med dei i løyndom, for å hindre at dei blanda seg inn i krigen.

Fred[endre | endre wikiteksten]

Det fann ikkje stad fleire handlingar, og det vart erklært våpenkvile i februar 1728, og ein førebuande avtale kom i stand i mars med El Pardo-konvensjonen og kongressen i Soissons. Den endelege fredsavtalen, som stadfesta status quo, vart underskriven i 1729 med freden i Sevilla. Mange av dei uteståande sakene mellom dei to statane var uløyste, og eit tiår seinare braut krigen om øyra til Jenkins ut mellom dei. Storbritannia kom ut av konflikten med ein særs sterk allianse med Austerrike, som varte fram til 1756.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]