Den estiske grunnlova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den estiske grunnlova (Eesti Vabariigi põhiseadus) vart vedteken i folkeavstemming 28. juni 1992 og tredde i kraft 3. juli same år. Ho er, med endringar, basert på Estland si grunnlov frå 1938. Den fyrste grunnlova i Estland vart innført i 1920 og erstatta av ei ny i 1933 og 1938. Den noverande grunnlova er såleis den fjerde i landet.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Grunnlova inneheld eit preambel og 15 kapittel. Kapittel 1 omfattar grunnleggjande prinsipper om sjølvstendet, suvereniteten og folkestyret i landet. Kapittel 2 definerer grunnleggjande fridomar, borgarrettar og -plikter. Kapittel 3 definerer folket. Kapittel 4 omhandlar nasjonalforsamlinga, Riigikogu, kapittel 5 presidentmakta og kapittel 6 den utøvande makta, regjeringsmakta. Kapittel 7 omhandlar lover, kapittel 8 statsfinansar og budsjett. Kapittel 9 omhandlar utanriksrelasjonar og inngåing av internasjonale traktatar. Kapittel 10 omhandlar det estiske forsvaret. Kapittel 11 tek for seg riksrevisjonen, kapittel 12 justiskanslaren og kapittel 13 rettsvesenet. I kapittel 14 er kommunalforvaltninga regulert. Kapittel 15 omhandlar grunnlovsendring.

Grunnlova har til saman 168 paragrafar.

Grunnlovsendring[endre | endre wikiteksten]

Den estiske grunnlova kan endrast etter vedtak i Riigikogu, nasjonalforsamlinga i Estland. Det er kravd eit fleirtal på minst tre femdelar for at ei endring skal gå gjennom, og ho må i tillegg stadfestast i ei folkeavstemming eller med eit nytt vedtak i nasjonalforsamlinga i den påfølgjande perioden, også dette med fleirtal på minst tre femdelar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jørn Holm-Hansen: «Fakta om Estland», i Elisabeth Bakke (red.): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989, 2. utgåve, Oslo: Det Norske Samlaget, 2006, s. 39–56.