Den estiske raudekrossordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den estiske raudekrossordenen

Den estiske raudekrossordenen (estisk: Eesti Punase Risti teenetemärk) er ein estisk orden. Han vart innstifta i 1920 av Raudekrossen i Estland som ei privat utmerking, men vart offisielt anerkjend av estiske styresmakter 6. august 1920. Han vart reformert i 1926 og vart då ein fortenstorden til lønning av humanitær innsats, samt for redningsdåd. Den esitske raudekrossordenen rangerer som den sjette og siste av ordenane i Estland. Ordenen vart ikkje tildelt i dei åra då Estland var innlemma i Sovjetunionen. Han vart gjenoppteken i 1995, etter at Estland på ny hadde vorte sjølvstendig. Ordenen vart sist revidert ved lov i 2007. Presidenten er stormeister for Den estiske raudekrossordenen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den estiske raudekrossordenen har av fem klassar, 1.-5. klasse. I tillegg er ein medalje er tilknytt Den estiske raudekrossordenen.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for Den estiske raudekrossordenen er ein raud kross med kvite kantar av emalje på gull. Mellom krossarmane er det plassert gullstrålar. Midtmedaljongen er ein gullfarga «E» på raud botn med ei bord i fargane kvit, svart og blå. På baksida står årstalet «1919» og innskrifta «INTER ARMA CARITAS». Krossen er opphengd i bandet i eit ledd med eit eit fyrtårn som sender ut strålar. Ordensteikna for dei ulike klassane er identiske, men vert borne i utforma band. Ordensstjerna er i sølv og har åtte taggar. Ein variant av ordensteiknet, med det estiske rikvåpenet i midten, er plassert på ordensstjerna. Ordensbandet er blått med blå og kvite striper. Dette er fargane i det estiske flagget.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Tildeling av ordenen skjer ved presidenten. I perioden 1995 til 2008 er Den estiske raudekrossordenen tildelt 615 personar, medaljen ikkje medrekna. Av desse var 19 tildelingar den fyrste klassen i ordenen. Overrekkingar av ordenen skjer vanlegvis på den estiske nasjonaldagen 24. februar, men kan i særskilde tilfelle også finne stad på andre datoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • (en): «Estonia» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, andre bind, Buckingham: Burke's Peerage, 2006, s. 1108–1110.