Hopp til innhald

Den estiske regjeringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den estiske regjeringa representerer den utøvande makta i Republikken Estland. Regjeringa utøver makta si med utgangspunkt i den estiske grunnlova og lovverket elles. Politisk sett utgår regjeringa frå nasjonalforsamlinga og er avhengig av parlamentarisk støtte derifrå. Regjeringa vert leidd av ein statsminister. Ho har sidan 2007 vore samansett av 13 statsrådar som leier kvart sitt departement.

Regjeringsmakta i grunnlova

[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje § 87 i grunnlova er regjeringa ansvarleg for:

  • utøvinga av innanriks- og utanrikspolitikken i staten
  • leiing og samordning av dei ulike delane av statsapparatet
  • å setje i verk lover og vedtak som er fatta av parlamentet og presidenten
  • å førebu lovframlegg og leggje fram internasjonale traktatar for parlamentet for ratifikasjon
  • å førebu statsbudsjett og leggje det fram for parlamentet, setje i verk budsjettvedtaket frå parlamentet og rapportere om bruken av staten sine midlar
  • å vedta forskrifter og instruksjonar på grunnlag av lovene
  • å ta vare på forholda til andre statar
  • å vedta innføring av unntakstilstand i heile eller delar av landet i tilfelle naturkatastrofe eller for å hindre spreiing av smittsam sjukdom
  • å utøve andre plikter i samsvar med grunnlova og lovverket

Regjeringsdanningar

[endre | endre wikiteksten]

Dei regjeringane Estland har hatt sidan landet igjen vart sjølvstendig i 1991, har alle vore koalisjonsregjeringar. Estland har sidan 1991 hatt tolv regjeringar.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Jørn Holm-Hansen: «Fakta om Estland», i Elisabeth Bakke (red.): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989, 2. utgåve, Oslo: Det Norske Samlaget, 2006, s. 39–56.