Den etiopiske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den etiopiske kalenderen (amharisk የኢትዮጵያ ዘመን አቆጣጠር ye'Ītyōṗṗyā zemen āḳoṭaṭer) er den viktigaste kalendren i bruk i Etiopia. Kalenderen deler året inn i 12 månader à 30 dagar. I tillegg har han ein ekstra kort månad kalla ppagume på berre fem dagar til vanleg, men seks dagar i år som er skotår.

Den etiopiske kalenderen har som den julianske kalenderen skotår kvart fjerde år utan unntak. Han er basert på den koptiske kalenderen, som igjen er basert på den gamle egyptiske kalenderen, men med eit anna utgangspunkt og derfor andre årstal.

Nyårsdag (1. meskerem) i den etiopiske kalenderen fell normalt på same dag som 11. september i den gregorianske kalenderen. Rett etter skotår fell den etiopiske nyårsdagen på den 12. september i den gregorianske kalenderen. Mellom 11. (12.) september og 31. desember ligg årstalet i den etiopiske kalenderen sju år etter den gregorianske. Ettersom den etiopiske kalenderen tar utgangspunkt i året for Kristi fødsel, stammer denne skilnaden frå ei revidering av Jesu fødselsår som vart vedtatt i Konstantinopel og som spreidde seg til heile det kristne Europa på 600-talet. Etiopiarane heldt fast på det tidlegare årstalet. År 2000 etter etiopisk kalender begynte altså den 12. september 2007 etter gregoriansk kalender. År 2008 begynte den 12. september 2015 etter gregoriansk tidsrekning.

Månader[endre | endre wikiteksten]

Ge'ez, amharisk og tigrinya (tigrinya-endingar i parentes) Koptisk Gregoriansk startdato Startdato i år etter
skotår
Mäskäräm (መስከረም) Tut (thout) 11. september 12. september
Ṭəqəmt(i) (ጥቅምት) Babah (paopi) 11. oktober 12. oktober
Ḫədar (ኅዳር) Hatur (Hathor) 10. november 11. november
Taḫśaś ( ታኅሣሥ) Kiyahk (koiak) 10. desember 11. desember
Ṭərr(i) (ጥር) Tubah (tobi) 9. januar 10. januar
Yäkatit (Tn. Läkatit) (የካቲት) Amshir (meshir) 8. februar 9. februar
Mägabit (መጋቢት) Baramhat (paremhat) 10. mars 10. mars
Miyazya (ሚያዝያ) Baramundah (paremoude) 9. april 9. april
Gənbot (ግንቦት) Bashans (pashons) 9. mai 9. mai
Säne (ሰኔ) Ba'unah (paoni) 8. juni 8. juni
Ḥamle (ሐምሌ) Abib (epip) 8. juli 8. juli
Nähase (ነሐሴ) Misra (mesori) 7. august 7. august
Ṗagʷəmen/Ṗagume (ጳጐሜን/ጳጉሜ) Nasi (pi kogi enavot) 6. september 6. september

Desse datoane gjeld mellem mars 1900 og februar 2100, fordi den etiopiske kalenderen har desse år som skotår, medan den gregorianske ikke har det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]