Den eurasiatiske steppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steppe i Kasakhstan

Den eurasiatiske steppa er eit enromt steppeområde i Eurasia i biomet tempererte grassletter, savannar og krattskogar. Ho strekkjer seg frå Romania gjennom Ukraina til Sibir med ein stor enklave hovudsakleg i Ungarn kalla Puszta.[1] Steppa har knytt saman Europa, Sentral-Asia, Kina, Sør-Asia og Midtausten økonomisk, politisk og kulturelt, mest av alt med Silkevegen i antikken og mellomalderen og Den eurasiatiske landbrua i moderne tid.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Dyr: Det ser ut til å vere lite informasjon om dei økologiske tilhøva på steppa før nomadane byrja å temme dyr. Dei viktigaste dyra dei fødde var sauer og geiter, samt noko kveg. Kamelar vart nytta i dei tørrare områda for transport så langt vest som Astrakhan. Det var noko jakoksar langs kanten av Tibet. Hesten vart nytta til transport og krigføring.

Hesten vart først temma på dei russiske og kasakhstanske steppene ei stund før 3000 fvt., men det tok lang tid for hestebogeskyttaren vart utvikla og ein kjenner ikkje heilt til korleis det gjekk føre seg.

Økoregionar[endre | endre wikiteksten]

World Wildlife Fund deler Den eurasiatiske steppa opp i fleire økoregionar som er fråskild av høgd, klima, nedbørsgmengder og andre eigenskapar, samt kva dyr og planter som held til i økosystema.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Canada's vegetation: a world perspective - Geoffrey A. J. Scott - Google Knihy». Books.google.sk. Henta 7. september 2012. 
  2. Természettudományj Múzeum (Ungarn) (1969). «Annales historico-naturales Musei Nationalis Hungarici».