Det europeiske kol- og stålfellesskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over EKSF med medlemmene som grunnla fellesskapet. Algerie var den gongen ein del av Frankrike.

Det europeiske kol- og stålfellesskapet (EKSF) eller Kol- og stålunionen var ein internasjonal organisasjon med seks statar. Organisasjonen tente til å sameine Vest-Europa under den kalde krigen og la grunnlaget for europeisk demokrati med samhøyr mellom nasjonalstatane og utvikla seg seinare til Den europeiske unionen. EKSF var den første organisasjonen som baserte seg på prinsippa om overnasjonalitet.

EKSF vart føreslått av den franske utanriksministeren Robert Schuman den 9. mai 1950 som ein måte å førebygge krig mellom Frankrike og Tyskland. Han erklærte det som sitt mål å «gjere krig ikkje berre utenkjeleg, men rett og slett umogeleg».[1] Middelet til dette, det første overnasjonale samfunnet i Europa, vart formelt grunnlagt i 1951 med EKSF-traktaten, signert ikkje berre av Frankrike og Vest-Tyskland, men også av Italia og dei tre Benelux]-landa: Belgia, Nederland og Luxembourg. Mellom desse landa skulle fellesskapet gje grunnlaget for ein felles marknad for kol og stål. EKSF vart styrt av ei «høgare styresmakt», kontrollert av institusjonar som representerer regjeringar, nasjonale parlamentsmedlemmer og ei uavhengig dømmande makt.

EKSF fekk to liknande fellesskap i 1957, som det delte medlemslanda og nokre av institusjonane sine med. I 1969 vart alle institusjonane slått saman med Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF, som seinare vart ein del av EU), men det heldt på sin eigen identitet. EKSF-traktaten gjekk ut i 2002, og av di det ikkje var noko ønske om å fornye traktaten, vart aktivitetane og ressursane i fellesskapet overtekne av Det europeiske fellesskapet (EF). EKSF hadde medan det var verksamt greidd å skape ein felles marknad, men hindra ikkje nedgang i kol- og stålindustrien i Europa. Det danna òg grunnlaget for EU slik det er i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Erklæringa av 9. mai 1950». Arkivert frå originalen Desember 8, 2008. Henta November 26, 2008.