Den faste skilsdomstolen
![]() | |
Type | Internasjonal domstol |
---|---|
Skipa | 1899 |
Hovudkontor | Fredspalasset |
Nettside | pca-cpa.org |

Den faste skilsdomstolen (fransk Cour permanente d'arbitrage, engelsk Permanent Court of Arbitration) er ein internasjonal domstol for frivillig løysing av konfliktar mellom statar. Domstolen vart oppretta ved konvensjon i 1899 etter den første fredskonferansen i Haag. Traktaten vart revidert i 1907 etter den andre fredskonferansen i Haag.[1] Domstolen handsamar no òg saker som har mellomstatlege organisasjonar og private som partar.[2] I alt 115 statar er medlem av domstolen.[3] Domstolen held til i Fredspalasset i Haag i Nederland.
Etter skipinga i 1899 vart nordmannen Gregers Gram utnemnd til skilsdommer.[4] Sidan ein norsk-svensk grensekommisjon i 1897 ikkje vart samde om sjøgrensa ved Grisbådarna, der det var eit rikt hummerfiske, vart saka løyst ved skilsdom av Den faste skilsdomstolen, som fatta vedtaket sitt i 1909.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ History Arkivert 4. september 2007 på Wayback Machine., Permanent Court of Arbitration.
- ↑ About Us Arkivert 29. mars 2010 på Wayback Machine., Permanent Court of Arbitration.
- ↑ Member States Arkivert 21. mai 2013 på Wayback Machine., Permanent Court of Arbitration.
- ↑ Gregers Gram, regjeringen.no.
- Denne artikkelen bygger på «Den faste voldgiftsdomstolen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2018.