Den flygande hurtigruta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Short S-25 Sandringham 4. Det var denne flytypen som trafikkerte Den flygande hurtigruta.
Foto: Bill Wordsworth

Den flygande hurtigruta var det populære namnet på DNL sine flygingar med Short Sandringham-sjøfly til Nord-Noreg frå sommaren 1947. Ruta gjekk frå sjøflyhamna ved Fornebu til Tromsø, via Trondheim (Hommelvik), Harstad og Bodø.

Byrjing[endre | endre wikiteksten]

Ruta blei offisielt opna 2. juni 1947 då sjefsflygaren John Strandrud og kaptein Hesselberg tok av frå sjøflyhamna på Fornebu. Det første flyet var fullt av autoritetspersonar, som samferdsleministeren Nils Langhelle og sjefen for Luftforsvaret, general Bjarne Øen.[1]

Avslutting[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire problem med sandringhamflya på ruta, mellom dei Kvitbjørn-ulukka i 1947 og Bukken Bruse-ulukka i 1948, opphøyrde sandringhamruta hausten 1951.[2] På den tida var flypassen i Bodø, på Bodøhalvøya, klar til å ta imot større landfly som Skymaster. Etter kvart blei dei to gjenverande sandrignhamflya fasa ut. LN-LAI «Jutulen» blei leigd ut til eit fransk selskap i Nigeria. Flyet sokk ved fortøyingsbøyen sin den 16. november 1952, og det andre, LN-LMK «Polarbjørn», blei seld til Argentina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Den flyvende hurtigrute» åpnet». Aftenposten aften: 1. 2. juni 1947. 
  2. Svanberg, Erling (1990). Langs vei og lei i Nordland: samferdsel i Nordland gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune. s. 660. ISBN 8274160215. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]