Den fransk-nederlandske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den fransk-nederlandske krigen

Storminga av Coevorden
Dato 1672-1678
Stad Dei sameinte Nederlanda
Resultat Nijmegentaktaten, Westminstertraktaten
Partar
Nederland 1581-1795 Dei sameinte Nederlanda
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Det tysk-romerske riket
Det spanske riket 1506-1701 Det spanske riket
Brandenburg
Frankrike
England
Bispedømet Münster
Erkebispedømet Köln

Den fransk-nederlandske krigen (16721678) var ein krig mellom Frankrike, Münster, Köln og England på den eine sida mot Dei sameinte Nederlanda.Nederlendingane fekk etter kvart støtte frå Det tysk-romerske riket, Brandenburg og Spania. Krigen enda med Nijmegentraktaten der Frankrike fekk kontroll over Franche-Comté (frå Spania).

Frankrike leia ein koalisjon i lag med bispedømet Münster og England. Ludvig XIV vart fornærma då nederlendingane avslo eit samarbeid mot å øydeleggje Spansk Nederland.

Sidan den nederlandsk hæren hadde vore forsømd sidan 1648, hadde franskmennene ingen problem med å marsjere rett forbi Maastricht og inn i hjarte av republikken, der dei tok Utrecht. Ein meiner at prins Vilhelm III av Orange då tok livet av den nederlandske politikaren Johan de Witt og vart utnemnd til statthaldar. Sidan franskmennene hadde lova bort dei store byane i Holland til engelskmennene hadde dei ikkje hast med å erobre desse, men prøvde å presse 16 millionar gylden frå nederlendingane i byte mot fred. Dette skandaløse kravet førte til kraftigare nederlandsk motstand og forhandlingane gav dei tid til å oversvømme landsbygda ved å øydeleggje dika og blokkere franskmennene sin frammarsj. Biskopen av Münster la ei omleiring rundt Groningen, men det var mislukka. Eit forsøk på å invadere republikken til sjøs vart slått tilbake av admiral Michiel de Ruyter i fire strategiske sigrar mot ein kombinert engelsk.fransk flåte (desse hendingane vert vanlegvis kalla den tredje engelsk-nederlandske krigen). England forlét krigen i 1674.

Nederlendingane hadde då alt fått støtte frå fyrsten av Brandenburg, keisaren og Karl II av Spania. Trass i dette klarte Ludvig å slå omleiring rundt Maastricht i 1673, men vart tvungen til å gje opp planane om å erobre Nederlanda og heller drive ein forsiktig krig rundt den franske grensa.

I 1678 klarte han å bryte koalisjonen til motstandarane sine og fekk tak i store område etter Nijmegentraktaten, mellom anna Franche-Comté og fleire område i Dei sørlege Nederlanda frå Spania. Nederlendingane hadde likevel klart å hindre ønsket om to store kongelege dynasti på denne tida, Huset Stuart og Huset Bourbon. Krigen markerte byrjinga på ei endelaus rivalisering mellom Vilhelm III (som seinare fekk trona i England) og Ludvig XIV, som kjempa mot kvarandre i ei rekkje krigar i åra som følgde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]