Den franske revolusjonshæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den franske revolusjonshæren (Armée révolutionnaire française) var militærstyrkane som kjempa for Frankrike under Dei franske revolusjonskrigane frå 1792 til 1802. Styrkane var kjenneteikna av ein revolusjonær glød, store tal og dårleg utstyr. Sjølv om hæren opplevde fleire overveldande nederlag, klarte han å fordriva fiendtlege styrkar frå fransk jord og gjekk så inn i mange naboområde og etablerte franske «systerrepublikkar». Leiande generalar i hæren var Jourdan, Bonaparte, Masséna og Moreau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]