Den gamle Mester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Den gamle Mester» kalla Jørgen Moe eiketreet som framleis står på prestegardsmarka i Krødsherad. Treet blei verna som naturminne i 1914.

Den gamle Mester er eit dikt av Jørgen Moe som handler om det store eiketreetKrødsherad prestegard. Moe budde på staden frå 1853 til 1863 som kapellan til Olberg kyrkje og dei andre annekskyrkjene i Sigdal soknekall.

Bedagede Mester ! o lær mig kun
At bore Rod i den Klippe,
Som giver den, ene trofaste Grund,
Og aldrigen Ham at slippe;
Og dernæst, som du med din Krones Top,
Daglig at hige og stunde op,
Og drikke fraoven Saften,
Lyset, Livet og Kraften!

Siste verset av diktet.

Diktet vart fyrst trykt i samlinga At hænge paa Juletræet. Nogle faa Digte (1855). Denne vart fire år seinare gjeven ut att under tittelen En liden Julegave. Gammelt og Nyt (1860), med ny, utvida utgåve i 1863.

Det er eiketreet sjølv som rettleier og viser det nausynte av å bygge på «den ene trofaste Grund». Moe forklarer i diktet at det er treet si ordning mellom rotsystem og topp som gjer det i stand til å stå imot stormar.

Den norske komponisten Gunnar Gjerstrøm (1891–1951) har sett melodi til diktet.

Naturvernforbundet kjempa for å få treet som inspirerte diktet freda som noko av det første det gjorde etter at det blei skipa i 1914.[1] Treet blei freda 3. desember 1914.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Den gamle Mester», naturvernforbundet.no (på norsk), arkivert frå originalen 31. oktober 2018, henta 18. mai 2019 
  2. «Naturvernforbundet 100 år 2014», naturvernforbundet.no (på norsk), arkivert frå originalen 18. mai 2019, henta 18. mai 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Den gamle MesterWikikilden (frie originaltekstar)