Den gamle mannen og havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den gamle mannen og havet
The Old Man and the Sea

Forfattar(ar)Ernest Hemingway
Språkangloamerikansk
Blei til1958, 1952
Sjangerkortroman
ForlagCharles Scribner's Sons
Spencer Tracy og guten

Den gamle mannen og havet (engelsk The Old Man and the Sea) er ein roman av den amerikanske forfattaren Ernest Hemingway, utgjeven i 1952. Romanen vart skriven på Cuba året før, og vart ein stor suksess med ein gong han kom ut. Boka kom ut etter ei litterær nedgangstid for forfattaren, mellom 1940 og 1952, og var det litterære verket som avgjorde at Hemingway fekk Nobelprisen i litteratur i 1954.[1] Romanen var det siste store verket han gav ut medan han levde, på trass av at planen var at romanen skulle vera første boka i ein serie kalla The Sea Book.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den gamle mannen og havet handlar om fiskaren Santiago, som etter 84 dagar utan fiskelukke avgjer at no skal han få fisk, uansett kva dette vil kosta. Om han ikkje klarer dette, må han byrja å innsjå at han er for gammal og må overlata fisking til dei yngre menn. Dette er ikkje eit godt liv for ein fiskar. Alle i landsbyen har mista trua på han, utanom ein gut som kjem til å verta særs viktig for ham. I det siste og 85. forsøket får han sitt livs fangst, den største fisken han nokon gong har fått. I timar kjemper han med å få fisken heim, samstundes som han må hindra at fangsten blir eten av haiar.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart romanen fyrste gong utgjeve i 1952 på Gyldendal Norsk Forlag omsett av Leo Strøm.[2] Romanen vart gjeven ut same året som den engelske originalutgåva.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Nobel Prize in Literature 1954», Nobelprize.org.
  2. Hemingway, Ernest (1899-1961) (1952). Den gamle mannen og havet. Gyldendal.