Den granadiske konføderasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Confederación Granadina
Den granadiske konføderasjonen

1858–1863
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Den granadiske konføderasjonen
Plasseringa til Den granadiske konføderasjonen
Hovudstad Santa Fe de Bogotá
Språk Spansk
Styreform Forbundsrepublikk
Historie
 - Oppretta 1858
 - Opphøyrde 1863
Valuta Peso

Den granadiske konføderasjonen (Confederación Granadina) var ein kortlivd forbundsrepublikk skipa i 1858 etter konstitusjonelle endringar i Republikken Ny-Granada. Konføderasjonen bestod av det som seinare kom til å bli landa Colombia og Panama. Han blei erstatta av Dei sameinte colombiske statane etter konstitusjonelle endringar i 1863.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den kortlivde granadiske konføderasjonen var markert av opposisjon frå Colombias konservative parti og Colombias liberale parti, som enda i borgarkrig. Det var òg ein periode av fiendskap mot den katolske kyrkja, og sterk regionalisme.

Det granadiske konføderasjonen blei skipa gjennom grunnlova frå 1853 i Republikken Ny-Granada, som gav meir sjølvstyre til provinsane. Talet på provinsar blei fordobla til 35 stykke under Manuel María Mallarino (1855–1857), alle med kvar sin provinskonstitusjon.[1]

Grunnlova av 1858[endre | endre wikiteksten]

Under konservative Mariano Ospina Rodríguez vedtok kongressen i Colombia ein ny grunnlov den 22, mai 1858.[2] Under denne grunnloven blei namnet Den granadinske konføderasjonen nytta, og konføderasjonen bestod av åtte statar.

Meir makt og representasjon blei gjeve til provinsane. Kvar stat kunne ha si eiga lovegjevande forsamling og velja sin eigen president.

Visepresidentsystemet blei avskaffa, og erstatta med ein person utnemnd av kongressen i Colombia.

Presidenten og senatorane kunne veljast til fireårsperiodar, og medlemmer av representanthuset til toårsperiodar.

Konstitusjonen oppgav òg korleis makt og ansvar var fordelt mellom delstatane og sentralregjeringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]