Den gylne halvmånen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over regionar med heroinproduksjon.

Den gylne halvmånen er namnet på eitt av dei to av dei viktigaste ulovlege produksjonsområda for opium i Asia. Det andre er Det gylne triangelet, og ligg i området mellom Sentral-, Sør- og Vest-Asia. Området overlappar tre land, Afghanistan, Iran og Pakistan, der fjellområda definerer halvmåneforma.

Estimat for heroinproduksjon av SNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) dei siste ti åra syner store endringar i området. I 1991 var Afghanistan den viktigaste opiumprodusenten og dyrka i alt 1 782 tonn. Landet gjekk då forbi Myanmar, som tidlegare hadde vore den fremste opiumprodusenten. Forholda for herionproduksjon var blitt dårlegare i Myanmar både på grunn av vekstvilkåra og strengar politikk.[1] Afghansk heroinproduksjon auka på same tid, men fall i 2001 etter at Taliban utløyste ein fatwa mot heroinproduksjon.[1] Afghanistan produserer i dag over 90 % av ikkje-medisinsk opium i verda.[1][2] I tillegg til opiat, er Afghanistan òg den største produsenten i verda av hasj.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Interpol: Drugs Sub-Directorate: Heroin». Interpol. 2007. Henta 5. mars 2021. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen den 2012-03-25. Henta 28. april 2012. 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen den 2013-05-30. Henta 5. mars 2021. 
  4. «UN: Afghanistan is leading hashish producer». Fox News. 31. mars 2010.