Den haitiske grunnlova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den haitiske grunnlova (fransk: Constitution d’Haïti) viser vanlegvis til den grunnlova som er i bruk i Haiti i dag. Denne vart forma etter tilsvarande i USA og Frankrike, og ratifisert i mars 1987. Ho gjekk heilt ut av bruk frå juni 1988 til mars 1989, og kom ikkje i fullstendig bruk att før i oktober 1994.

I alt 23 grunnlover har vorte kunngjorde gjennom den haitiske historia, og den fyrste av dei vart kunngjord etter det kortliva styret til dåverande guvernørgeneral Toussaint L’Ouverture, som hadde vorte leiar for dei revolusjonære styrkane i den haitiske revolusjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]