Den heilage Nikolas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russisk ikon frå 1677 av heilage Nikolas.

Den heilage Nikolas eller Sankt Nikolaus er ein helgen kjend både i austleg og vestleg kristendom. Kulten kring han bygger på biskopen Nikolas frå Myra i Vesle-Asia, som levde på 300-talet. Lite er kjend om livet hans, men det finst ei rekkje soger og skikkar knytt til det. Festdagen til heilage Nikolas, kjend som nilsmesse eller nikolausdagen, er den 6. desember.

Veggmåleri av heilage Nikolas i Stubbekøbing kyrkje i GuldborgsundSjælland.

Best kjend i moderne tid er tilknyttinga hans til jul: Heilage Nikolas er modell både for nederlandske Sinterklaas og den amerikanske julenissen, Santa Claus. Han er også vernehelgen for ei rekkje stader, som Hellas, Russland og Sicilia, og for fleire ulike grupper menneske, som barn, brurer, reisande, sjøfolk, pantelånarar, tjuvar og uskuldig dømte.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Nikolas av Myra kan ha blitt fødd rundt 280, kanskje i hamnebyen Patara i Lykia i dagens tyrkiske provins Antalya. Han var biskop i Myra som seinare heitte Kale og i dag er småbyen Demre.

Dødsdatoen hans er kjend som 6. desember, og fall truleg mellom 345 og 351, sjølv om også 342, 343 og 352 er oppgjevne som dødsår. Til forskjell frå mange andre tidlege helgenar døydde ikkje Nikolas på grueleg vis som martyr, men fredeleg av alderdom.

Livet til heilage Nikolas. Polsk ikon frå rundt 1600.

Soger[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei få kjende haldepunkta, finst det ei rekkje soger om heilage Nikolas. Nokre av dei er komne til gjennom samanblanding med andre helgenar.

Han skal ha vore son av Eufemios, ein god og velgjerande rikmann, og Anna, syster av den dåverande biskopen av Myra, også kalla Nikolas. Allereie få barndommen skal guten ha vore særs from — ei soge fortel at han reiste seg og løfta augo mot himmelen før han tok sitt første bad, for å reinsa sjela før kroppen; ei anna at han berre dia éin gong, om kvelden, på fastedagar.

Onkelen vigsla den unge Nikolas til prest då han var nitten år, og sette han seinare inn som abbed. Foreldra døydde av pest og den unge presten blei arvingen til ein stor formue. Han brukte det nok ikkje på seg sjølv men delte det i det stille ut til dei fattige, alt utan at det skulle bli merksemd på han sjølv.

I år 300 blei Nikolas folkevald til biskop av Myra. Bispedømet var i dårleg tilstand, men han klarte å forvandle det med fromleik, energi og mirakel. Rundt år 310, under ei av dei mange kristenforfølgingane på 200 -og 300-talet, skal Nikolas ha blitt fengsla og torturert

Skildring av korleis heilage Nikolas hjelpte «dei tre jomfruene». Måleri i Vatikanet frå rundt 1437.

Dei tre jomfruene[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjente soga om Nikolas i dag er nok den om dei tre jomfruene: Faren til dei tre jentene hadde mista formuen sin og hadde ikkje råd til medgift for dei. Faren var så desperat at han ville selje jentene til prostitusjon. Den unge presten fekk høyre om det og i det løynde midt i natta kasta ein sekk med gull gjennom vindauget til jentene. Kort tid etterpå var den første jenta godt gift. Nikolaus gjentok det heile for den andre jenta, men då tredje gongen la faren seg på lur for å kunne takke velgjeraren til familien. Ei variant av legenda fortel at han difor kasta pengesekken gjennom skorsteinen for å ikkje bli oppdaga. Den tredje jenta hadde hengt opp strømpene sine ved glørne for at dei skulle tørke og i ein av dei fall pengegåva.

Hjelp for skipbrotne[endre | endre wikiteksten]

Nikolas skal ha redda fleire frå skipbrot. Det blir fortald at han på veg mellom Myra og Alexandria redda ein sjømann som fall ned frå masta under ein storm. Ei anna soge seier at han under ei pilegrimsreise til Jerusalem kom ut for uvêr. Sjøfolka bad om at han måtte be til «himmelguden» sin. Etter at Nikolas bad ei kort bøn stilna stormen.

Biskop Nikolas fyller skip med korn. Måleri av Ambrogio Lorenzetti frå 1332.

Ved eit anna høve skal sjømenn i havsnød ha påkalla hjelp frå Nikolas. Det dukka opp ein mann på skipet som hjelpte dei med seglinga og fekk stilla stormen. Då dei kom til kyrkja for å gje takk til Gud, møtte dei Nikolas og kjende han igjen som hjelparen.

Hjelp til sveltande[endre | endre wikiteksten]

Under ei hungersnaud ankra eit skip fylt med korn opp i hamna. Ettersom kornet høyrde til keisaren, våga ikkje sjøfolka gje noko til sveltande. Dei blei overtalte til å gjera det likevel av Nikolas, som lova at dei likevel skulle koma fullasta fram. Kornet varte særs lenge, og var til og med nok til at ein kunne så åkrane med det.

Hjelp for uskuldig dømte[endre | endre wikiteksten]

Biskop Nikolas reddar tre uskuldige frå døden. Måleri av Ilja Repin frå 1888.

«Praxis de stratelatis» eller «Stratelat-legenda» er den eldste kjende underforteljinga om Nikolas, og handlar om korleis han fekk frigjeve fleire uskuldig dødsdømte. Den eldste nedskrivne versjonen me kjenner av forteljinga er frå mellom 460 og 580.

I denne soga fekk han først sett fri tre soldatar som skulle halshoggast. Dei var blitt uskuldig dømt på grunn av muter til guvernøren, og Nikolas talte mot guvernøren til denne angra offentleg og sette dei fri.

Nikolas vekker dei tre uheldige studentane til liv igjen. Måleri av Gerard David frå rundt 1500-1510.

Tre romerske embetsmenn som hadde gjesta Nikolas var med på hendinga. Dei var på veg til Frygia for å slå ned eit opprør, men med læra til Nikolas oppnådde dei dette utan barbariske metodar. Då dei kom tilbake til Konstantinopel snudde lukka. Falske skuldingar gjorde at dei blei kasta i fengsel og dømde til døden. Dei bad til Gud om å hjelpa dei gjennom Nikolas. Same natta viste biskopen seg for både keisar Konstantin og prefekten Ablavius, som stod bak skuldingane, og truga dei til å setta fri dei uskuldige.

Hjelp for reisande studentar[endre | endre wikiteksten]

Ei soge som er oppstått seinare fortel at Nikolas redda tre studentar som var ute på reise. Dei blei drepne av ein grisk vertshushaldar og kona hans, som ville ta pengane deira. Kroppane blei partert og gøymd i ei stor syltetønne.

Nikolas, forkledd som tiggar, kom til vertshuset og tvinga ekteparet til å tilstå kva dei hadde gjort. Så reiste han dei tre studentane frå dei døde.

Helgen[endre | endre wikiteksten]

Freske av heilage Nikolas i det russiske Ferapontovklosteret.

Nikolas blei truleg dyrka i nærmiljøet frå han døydde. På 400-talet blei det bygd ein basilika over gravstaden hans. Denne blei øydelagd under jordskjelvet i 529, og gjenreist under keisar Justinian I, då det også blei laga eit kloster på staden. Under Justinian blei det også bygd ein basilika til Nikolas i Konstantinopel. Helgenkulten spreidde seg frå gresk kristendom til slaviske land, der han blei svært populær. På 700-talet blei han teken som vernehelgen for Russland, og på slutten av 800-talet var han etter Jomfru Maria den viktigaste av alle austkyrkjelege helgenar.

Frå 900-talet breidde dyrkinga seg også i Vest-Europa, i det tysk-romerske riket truleg fordi keisar Otto si kone Theophania var gresk. Heilage Bernhard oppretta eit kloster tileigna han i Alpane.

I Italia feira ein festdagen hans frå 1000-talet. På denne tida var Myra kome under tyrkisk muslimsk seldsjukkstyre. Italienarane meinte relikvia etter biskopen stod i fare , og både Bari og Venezia la planar om å ta over vernet av dei. Eit følgje frå Bari nådde Myra i 1087, og stal leivningane frå dei ortodokse munkane som vakta dei. Dei kom til Bari den 9. mai same året, og dagen er sidan blitt feira som «translasjons-» eller overføringsdag. Helgenen er sidan også kjend som Nikolas av Bari, særleg i Italia.

I tillegg til Russland har Nikolas vore vald til vernehelgen for områda Hellas, Sicilia, Lorraine, Puglia og det tidlegare kongeriket Napoli, byane Amsterdam, Bari, Moskva, Fribourg i Sveits, Kampen i Nederland, Kérkyra i Hellas, Portsmouth, Barranquilla i Colombia og Beit Jala på Vestbreidda.

Av yrkesgrupper er Nikolas rekna for å verna apotekarar, bakarar, bøkkerar og tønnebindarar, diktarar, juristar, folk som driv med handel og transport av mat, drikke og tøy, pantelånarar, parfymemakarar, tjuvar og sjøfolk.

Han er også vernehelgen for småbarn, skolebarn og i fleire land også studentar, ugifte ungjenter og brurer, fangar, pilegrimar, reisande, sigøynarar og brannvesen. Nikolas kan påkallast for å verna mot forlis, falske skuldingar, fengsling, ran, tjuveri, for å få tilbake stole gods og for gode ekteskap.

Ukrainsk julefrimerke med heilage Nikolas som gåvegjevar.

Jul[endre | endre wikiteksten]

Biskop Nikolas blei med gåvene sin seinare opphavet til julenissen og i mange land kjem julenissen framleis i kvit bispedrakt og raud kappe. I Nederland får barn gåver lagt oppi skorne sine 6. desember, Sinterklaas-dagen. I engelsktalande land får barn ofte julestrømper fylte med smågåver juledags morgon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den heilage Nikolas