Den heroiske alderen for antarktisutforsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit høgdepunkt under den heroiske tidsalder for antarktisutforsking: Roald Amundsen og mennene hans heisar det norske flagget på Sørpolen i desember 1911.

Den heroiske alderen for antarktiskutforsking skildrar ein epoke som strekte seg frå slutten av 1800-talet til tidleg 1920-talet.[1] Gjennom denne 25-årsperioden vart det antarktiske kontinentet fokuset for ein internasjonal innsats som resulterte i vitskapleg og geografisk utforsking, og seksten store ekspedisjonar vart sett i gang frå åtte ulike land.[2] Felles for desse ekspedisjonane var avgrensinga på tilgjengelege ressursar før framsteg i transport- og kommunikasjonsteknologien revolusjonerte arbeidet under utforskinga.[3][4] Dette tydde at kvar ekspedisjon vart ei bragd av uthald som testa dei personlege fysiske og mentale grensene, og nokre gonger utover. Det «heroiske» merket, tilkjent seinare, anerkjende motgangen som måtte overvinnast av desse pionerane. Mange overlevde ikkje denne røynsla, og 17 medlemmar omkom i løpet av denne perioden.

I løpet av desse ekspedisjonane vart både den geografiske og magnetiske Sørpolen nådd.[5] Det å vere først til Sørpolen var eit primært mål i nokre av ekspedisjonane, og var den einaste grunngjevinga for Roald Amundsen sitt vågestykke. Men dette var ikkje det einaste aspektet av polarforsking på denne tida; andre ekspedisjonar jobba med definerte mål i ulike område av kontinentet. Som eit resultat av all denne aktiviteten vart store delar av kystlinja til kontinentet oppdaga og kartlagt, og store delar av innhaldet vart utforska. Ekspedisjonane genererte òg store mengder vitskaplege data og prøver over eit breitt spekter av vitskaplege område. Eksaminasjonen og analysane heldt dei vitskaplege miljøa i verda oppteke i fleire tiår.[6]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sir John Murray

Den opphavlege drivkrafta for den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking kom frå eit foredrag i Royal Geographical Society i London i 1893. Foredraget vart halde av professor John Murray frå Challengerekspedisjonen, som hadde seglt til antarktiske farvatn i 1872–76, og han foreslo at ein ny antarktisk ekspedisjon burde organiserast for å «løyse dei uteståande geografiske spurnadane som framleis låg i sør».[7] I august 1895 vedtok den sjette internasjonale geografiske kongressen i London ein generell resolusjon, og oppfordra vitskaplege samfunn over heile verda til å promotere «saka» antarktiske ekspedisjonar «på den måten som synest dei mest effektive».[8] Slikt arbeid ville «bringe tillegg til nesten alle greiner av vitskapen».[8] Kongressen hadde vorte adressert av nordmannen Carsten Borchgrevink som nyleg hadde returnert frå ein kvalfangstekspedisjon, og der han hadde vore ein av dei første til å setje føtene på det antarktiske fastlandet. Gjennom denne adresseringen skisserte Borchgrevink planar for ein fullskala banebrytande antarktisk ekspedisjon, som skulle vere basert i Cape Adare.[9]

Den heroiske tidsalderen vart likevel sett i gang av ein ekspedisjon lansert av den belgiske geografiske samskipnaden i 1897, og Borchgrevink følgde eitt år seinare med ein privat sponsa ekspedisjon..[10][11]

Nemninga «heroisk tidsalder» kom seinare; omgrepet er ikkje brukt i nokre av dei tidlege ekspedisjonane sine utreiingar eller memoarar, heller ikkje i biografiar om polare skikkelsar som dukka opp i 1920- og 1930-åra. Det er ikkje klårt når omgrepet vart oppfunnen eller teke i bruk generelt; det vart brukt i mars 1956 av den britiske oppdagingsreisande Duncan Cares, som skreiv i The Times. Då han skildra den første kryssinga av Sør-Georgia i 1916, skreiv han om «tre menn frå den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, med 50 fot med tau mellom seg, og ei snekkers skarøks».[12]

Ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, 1897–1922[endre | endre wikiteksten]

Merknader

  1. Samandraga i tabellen inkluderer ikkje det vitskaplege arbeidet som vart utført av desse ekspedisjonane, som kvar førte tilbake funn og prøver over eit breitt spekter av fagområda.
  2. Tabellen inkluderer ikkje dei mange kvalfangstekspedisjonane som fann stad i denne perioden, eller subantarktiske ekspedisjonar som til dømes den til Carl Chun i 1898–99, som ikkje passerte den antarktiske sirkelen.[13]

Den avbrotne Cope-ekspedisjonen i 1920–22, som kollapsa gjennom manglande finansiering, er òg utelate, sjølv om to menn var vart sett i land frå ein norsk kvalfangar og var eit år på den antarktiske halvøya.[14]

  1. † syner til at leiaren omkom under ekspedisjonen.
Tidspunkt Land Ekspedisjonsnamn Skip Leiar Oppsummering Referansar
1897–99 Flagget til Belgia
Belgia
Belgica-ekspedisjonen «Belgica» Adrien de Gerlache
Adrien de Gerlache
Dette var den første ekspedisjonen som overvintra innanfor den antarktiske sirkelen, etter at skipet sette seg fast i Bellingshausenhavet. Ekspedisjonen samla dei første årlege syklusane av antarktiske observasjonar. Dei nådde òg 71°30'S, og oppdaga Gerlachesundet. [15][16][17]
1898–1900 Det britiske flagget
Storbritannia
Southern Cross-ekspedisjonen «Southern Cross» Carsten Borchgrevink
Carsten Borchgrevink
Den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske fastlandet (Cape Adare) og den første til å ta i bruk hundar og sledar. Ekspedisjonen utførte den første klatringa av Great Ice Barrier,[18] og sette ein Farthest South-rekord ved 78°30'S. Den magnetiske Sørpolen vart òg kalkulert. [19][20][21]
1901–04 Det britiske flagget
Storbritannia
Discovery-ekspedisjonen «Discovery»
«Morning» (frigjeringsskip)
«Terra Nova» (frigjeringsskip)
Robert Falcon Scott
Robert Falcon Scott
Gjennomførte den første oppstiginga av dei vestlege fjella i Victoria Land, og oppdaga polarplatået. Den sørlege ferda setje ein ny Farthest South-rekord ved 82°17'S.[22] Mange andre geografiske eigenskapar vart kartlagt og namngjevne. Dette var den første av mange ekspedisjonar med base i McMurdo Sound. [23][24][25]
1901–03 Flagget til Tyskland
Tyskland
Gauss-ekspedisjonen «Gauss» Erich von Drygalski
Erich von Drygalski
Den første ekspedisjonen til å undersøkja det austlege Antarktis. Dei oppdaga kysten av Keisar Wilhelm II Land, og Gaussberg. Skipet til ekspedisjonen vart fanga i isen og hindra meir omfattande undersøkingar. [26][27][28]
1901–03 Flagget til Sverige
Sverige
Den svenske antarktisekspedisjonen «Antarctic» Otto Nordenskjöld
Otto Nordenskjöld
Denne ekspedisjonen arbeidde i dei austlege kystområda av Graham Land. Dei vart liggjande vêrfast på Snow Hill Island og Paulet Island i Weddellhavet etter senkinga av skipa til ekspedisjonen. Dei vart redda av det argentinske marinefartøyet «Uruguay». [29][30][31]
1902–04 Det britiske flagget
Storbritannia
Scotia-ekspedisjonen «Scotia» William Speirs Bruce
William Speirs Bruce
Den permanente vêrstasjonen Orcadas i Sør-Orknøyane vart etablert. Wedellhavet vart passert til 74°01'S, og kysten av Coats Land vart oppdaga ved å definere dei austlege grensene til sjøen. [32][33]
1903–05 Flagget til Frankrike
Frankrike
Charcots første ekspedisjon «Français» Jean-Baptiste Charcot
Jean-Baptiste Charcot
Opphavleg meint som ein frigjeringsekspedisjon for den stranda gruppa til Nordenskjöld. Det viktigaste arbeidet ved denne ekspedisjonen var kartlegging og grafisk framstilling av øyar og den vestlege kysten av Graham Land, på Den antarktiske halvøya. Ein del av kysten vart utforska og oppkalt Loubetkysten etter Frankrikes president. [34][35][36]
1907–09 Det britiske flagget
Storbritannia
Nimrod-ekspedisjonen «Nimrod» Ernest Shackleton
Ernest Shackleton
Den første ekspedisjonen leia av Shackleton. Basert i McMurdo Sound vart dette ein pioner for Beardmorebreruta til Sørpolen. Den sørlege reisa nådde 88°23'S, ein ny «Farthest South»-rekord 97 nautiske mil frå Sørpolen. Den nordlege gruppa nådde lokaliseringa til den magnetiske Sørpolen. [37][38][39]
1908–10 Flagget til Frankrike
Frankrike
Charcots andre ekspedisjon «Pourquoi-Pas?» Jean-Baptiste Charcot
Jean-Baptiste Charcot
Denne ekspedisjonen fortsette arbeidet til den tidlegare franske ekspedisjonen med ei generell utforsking av Bellinghausenhavet og oppdaginga av øyar og andre førekomstar, inkludert Marguerite Bay, Charcot Island, Renaud Island, Mikkelsen Bay og Rothschild Island. [34][36][40]
1910–12 Flagget til Japan
Japan
Den japanske antarktisekspedisjonen «Kainan Maru» Nobu Shirase
Nobu Shirase
Den første ikkje-europeiske ekspedisjonen gjennomførte ei utforsking av kysten ved King Edward VII Land, og undersøkte den austlege delen av Rossbarrieren. Gruppa nådde 80°5'S. [41][42]
1910–12 Flagget til Noreg
Noreg
Fram-ekspedisjonen «Fram» Roald Amundsen
Roald Amundsen
Først til Sørpolen: Amundsen sette opp leir på Rossbarrieren, ved Hvalbukta. Han oppdaga ei ny rute til polarplatået, via Axel Heibergbreen. Ei gruppe på fem, leia av Amundsen, nådde Sørpolen via denne ruta 14. desember 1911. [43][44][45]
1910–13 Det britiske flagget
Storbritannia
Terra Nova-ekspedisjonen «Terra Nova» Robert Falcon Scott
Robert Falcon Scott
Scotts siste ekspedisjonen hadde, som den første ekspedisjonen, base i McMurdo Sound. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen via Beardmoreruta 17. januar 1912, 33 dagar etter Amundsen. Alle fem døydde på heimvegen på grunn av ein kombinasjon av svolt og kulde. [46][47][48]
1911–13 Flagget til Tyskland
Tyskland
Den andre tyske antarktisekspedisjonen «Deutschland» Wilhelm Filchner
Wilhelm Filchner
Målet var den første kryssinga av Antarktis. Ekspedisjonen gjorde den sørlegaste passeringen av Weddellhavet til dags dato, og nådde 77°45'S. Dei oppdaga Luitpoldkysten, Filchner-Ronneisen og Vahselbukta. Dei klarte å etablere ein landbase for å førebu den transkontinentale marsjen, og etter ei lang drift i pakkisen ved Weddellhavet returnerte dei til Sør-Georgia. [31][49][50]
1911–14 Flagget til Australia
Australia
Den australasiatiske antarktisekspedisjonen «Aurora» Douglas Mawson
Douglas Mawson
Ekspedisjonen konsentrerte seg om strekninga av den antarktiske kysten mellom Cape Adare og Gauss Mountain, og gjennomførte kartlegging og undersøkingar på kyst- og innlandsterritorium. Funn inkluderte Samveldebukta, Ninnisbreen, Mertzbreen og Queen Mary Land. [51][52][53]
1914–17 Det britiske flagget
Storbritannia
Endurance-ekspedisjonen «Endurance»
Ernest Shackleton
Ernest Shackleton
Endå eit transkontinentalt kryssingsforsøk. Dei mislukkast i å setje i land kystgruppa ved Weddellhavet etter at «Endurance» vart fanga og knust i isen. Ekspedisjonen redda seg sjølv etter ei rekkje operasjonar, mellom anna ei lang drift på eit isflak, Shackleton si ferd i open livbåt, og den første kryssinga av Sør-Georgia. [54][55]
1914–17 Det britiske flagget
Storbritannia
Rosshavsgruppa
Til støtte for Endurance-ekspedisjonen
«Aurora» Aeneas Mackintosh
Aeneas Mackintosh
Målet var å leggje opp depot over Rossbarrieren for å forsyne gruppa som kryssa frå Weddellhavet. Alle naudsynte depot vart lagt ut, men i prosessen omkom tre menn, mellom dei leiaren Mackintosh. [56]
1921–22 Det britiske flagget
Storbritannia
Shackleton–Rowett-ekspedisjonen «Quest» Ernest Shackleton
Ernest Shackleton
Vagt definerte mål inkluderte kartlegging av kysten, ei mogleg kontinental jordomsegling, etterforsking av sub-antarktiske øyar, og oseanografisk arbeid. Etter Shackleton døydde 5. januar 1922 fullførte «Quest» eit forkorta program før dei reiste heimover. [57][58]

Dødsfall på ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen[endre | endre wikiteksten]

Minst tjue menn døydde under antarktiske ekspedisjonar i løpet av den heroiske tidsalderen. Av desse døydde fire av sjukdomar som ikkje var relatert til deira antarktiske ekspedisjonar, og to døydde etter ulukker på New Zealand. Dei attverande omkom under tenesta på eller nær det antarktiske kontinentet.

Ekspedisjon Namn Land Dødsdato Dødsstad Årsak Referansar
Belgica-ekspedisjonen Carl August Wiencke  Noreg 22. januar 1898 Bransfieldstredet Drukning [59]
Émile Danco  Belgia 5. juni 1899 Bellingshausenhavet Hjartesvikt, truleg av skjørbuk [60]
Southern Cross-ekspedisjonen Nicolai Hanson  Noreg 14. oktober 1899 Kapp Adare, Antarktis Tarminfeksjon [61]
Discovery-ekspedisjonen Charles Bonnor  Storbritannia 2. desember 1901 Lyttelton Harbour, New Zealand Fall ned frå skipsmasta. [62][63]
George Vince  Storbritannia 11. mars 1902 Ross Island, Antarktis Gled over isstup
Den svenske antarktisekspedisjonen Ole Christian Wennersgaard  Noreg 7. juni 1903 Pauletøya Hjertefeil [64]
Scotia-ekspedisjonen Allan Ramsey  Storbritannia 6. august 1903 Sør-Orknøyane Hjerteinfarkt [65]
Terra Nova-ekspedisjonen Edgar Evans  Storbritannia 18. februar 1912 Beardmorebreen, Antarktis Kulde og svolt [66][67]
[68][69]
[70]
Lawrence Oats  Storbritannia 17. mars 1912 Rossbarrieren, Antarktis Kulde og svolt
Robert Falcon Scott  Storbritannia 29. mars 1912 Rossbarrieren, Antarktis Kulde og svolt
Edward Wilson  Storbritannia 29. mars 1912 Rossbarrieren, Antarktis Kulde og svolt
Henry Bowers  Storbritannia 29. mars 1912 Rossbarrieren, Antarktis Kulde og svolt
Robert Brissenden  Storbritannia 17. august 1912 Admiralty Bay, New Zealand Drukning
Den andre tyske antarktisekspedisjonen Richard Vahsel  Tyskland Tyskland 8. august 1912 Weddellhavet Syfilis [50][71][72]
Den australasiatiske antarktisekspedisjonen Belgrave Ninnis  Storbritannia 14. desember 1912 King George V Land, Antarktis Fall ned i ein sprekk [73]
Xavier Mertz  Sveits 7. januar 1913 King George V Land, Antarktis Matforgifting
Endurance-ekspedisjonen
(Rosshavsgruppen)
Arnold Spencer-Smith  Storbritannia 9. mars 1916 Rossbarrieren, Antarktis Kulde og skjørbuk [74][75]
Aeneas Mackintosh  Storbritannia 8. mai 1916 McMurdo Sound, Antarktis Fall gjennom sjøisen
Victor Hayward  Storbritannia 8. mai 1916 McMurdo Sound, Antarktis Fall gjennom sjøisen
Shackleton–Rowett-ekspedisjonen Ernest Shackleton  Storbritannia 5. januar 1922 Sør-Georgia Hjarteinfarkt [76]

Ytterlegare fire menn døydde kort tid etter at dei kom attende frå Antarktis (dette inkluderer ikkje dei som døde i aktiv teneste under første verdskrigen):

  • Herluf Kløvstad, ekspedisjonslege på Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900, døde av tyfoidfeber 28. desember 1900.[77]
  • Jorgen Petersen, styrmann på «Southern Cross», døde i 1900 på vei tilbake i skipet frå Australia.[78]
  • Bertram Armytage, eit medlem av Nimrod-ekspedisjonen i 1907–09, skaut seg sjølv 12. mars 1910.[79]
  • Hjalmar Johansen, eit medlem av Amundsens ekspedisjon i 1910–12, skaut seg sjølv 9. januar 1913.[80]

Slutten på den heroiske tidsalderen[endre | endre wikiteksten]

Der finst ulike synspunkt på når den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking enda. Shackletons Endurance-ekspedisjon er nokre gonger referert til som den siste ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen.[81][82] Andre krønikeskrivarar forlengar tidsalderen til datoen Shackleton døydde, 5. januar 1922, og behandlar Shackleton-Rowett-ekspedisjonen eller «Quest»-ekspedisjonen, som Shackleton døydde under, som det siste kapittelet i tidsalderen.[1] I følgje Margerey og James Fissher, Shackletons biografar: «Viss det var mogleg å trekkje ein klår skillelinje mellom det som har vorte kalla den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking og den mekaniske alderen, kunne Shackleton-Rowett-ekspedisjonen tene like godt som eit punkt som nokre ved å trekkje ei slik linje.»[3] Ein journalist som inspiserte skipet før ho seglte rapporterte «Gadgets! Gadgets! Gadgets overalt!».[3] Dette inkluderte trådlaus kommunikasjon, ei elektrisk oppvarma utkikkstønnne og ein «odograf» som kunne spore skipet og registrere fart.[3]

« Den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking var 'heroisk' fordi han var anakronistisk før han byrja, måla deira var abstrakt som ein påle, dei sentrale figurane var romantiske, mandige og feilaktige, dramaa som utspelga seg var moralske (for det tydde ikkje berre kva som vart gjort men korleis det vart utført), og ideala var nasjonal ære. Det eit tidleg testområde for dei nye nasjonane som Noreg og Australia, og det var staden for Europas største gisp før det sleit seg ut i den store krigen. »

—Tom Griffiths, Slicing the Silence: Voyaging to Antarctica

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Antarctic History - The Heroic Age of Antarctic Exploration». Cool Antarctica. Henta 28. mars 2013. 
  2. Barczewski, s. 19. (Barczewski nemner eit tal på 14 ekspedisjonar)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Fisher, s. 449
  4. Huntford, s. 691 – «før maskinar tok over»
  5. Pearys krav om å ha nådd Nordpolen i 1909 vart allment akseptert på den tida – sjå Amundsen, s. 42 og Barczewski, s. 61–62. Det vart seinare gjenstand for tvistar – sjå Berton, s. 614–625.
  6. Døme: Dei vitskaplege resultata frå Scotia-ekspedisjonen, 1902–04, vart framleis publisert i 1920 (Speak, s. 100). 25 utgåver med resultat frå Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13, hadde vorte publisert innan 1925.(«British Antarctic Expedition 1910–13» (på engelsk). Oxford Dictionary of National Biography. Henta 28. mars 2013. )
  7. Crane, s. 75
  8. 8,0 8,1 Borchgrevink, Carsten (1901). «First on the Antarctic Continent» (på engelsk). George Newnes Ltd. Henta 28. mars 2013.  s. 9–10
  9. Borchgrevink, Carsten (1901). «First on the Antarctic Continent» (på engelsk). George Newnes Ltd. Henta 28. mars 2013.  s. 4–5
  10. Jones, s. 59
  11. Nokre historier reknar Discovery-ekspedisjonen, som seglte ut i 1901, som den første reelle ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen. Sjå «Mountaineering and Polar Collection – Antarctica» (på engelsk). National Library of Scotland. Henta 28. mars 2013. 
  12. Carse, sitert av M. og J. Fisher, s. 389
  13. «Carl Chun Collection» (på engelsk). Archive Hub. Henta 28. mars 2013. 
  14. «John Lachlan Cope's Expedition to Graham Land 1920–22» (på engelsk). Scott Polar Research Institute. Henta 28. mars 2013. 
  15. «Antarctic Explorers - Adrien de Gerlache» (på engelsk). South-pole.com. Henta 28. mars 2013. 
  16. «Adrien de Gerlache, Belgica: Belgian Antarctic Expedition 1897–99». Cool Antarctica. Arkivert frå originalen 9. oktober 2010. Henta 28. mars 2013. 
  17. Huntford (Last Place on Earth) s. 64–75
  18. Great Ice Barrier vart seinare formelt kjent som Rossbarrieren. Det gamle namnet har vorte brukt i denne tabellen, i tråd nomenklaturen for den heroiske tidsalderen.
  19. «The Forgotten Expedition» (på engelsk). Antarctic Heritage Trust. Henta 28. mars 2013. 
  20. «Borchgrevink, Carsten Egeberg (1864–1934)» (på engelsk). Australian Dictionary of Biography Online Edition. Henta 28. mars 2013. 
  21. Preston, s. 14
  22. Moderne kalkulasjonar av posisjonen, basert på fotografi, indikerte å ha nådd breiddegrad var 82°11'. Crane, s. 214–15 og Fiennes, s. 98.
  23. Preston, s. 57–79
  24. Crane, s. 253 (map); s. 294–95 (kart)
  25. Fiennes, s. 89
  26. «Erich von Drygalski 1865–1949». South-pole.com. Henta 23 September 2008. 
  27. «German National Antarctic Expedition 1901-03». Cool Antarctica. Arkivert frå originalen 28. mai 2012. Henta 23 September 2008. 
  28. Crane, s. 307
  29. Goodlad, James A. «Scotland and the Antarctic, Section II: Antarctic Exploration». Royal Scottish Geographical Society. Henta 23 September 2008. 
  30. «Otto Nordenskjöld 1869–1928». South-pole.com. Henta 23 September 2008. 
  31. 31,0 31,1 Barczewski, s. 90
  32. «Scotland and the Antarctic, Section 5: The Voyage of the Scotia». Glasgow Digital Library. Henta 23 September 2008. 
  33. Speak, s. 82–95
  34. 34,0 34,1 Mills, William James. «Exploring Polar Frontiers». ABC-CLIO. Henta 23 September 2008.  s. 135–139
  35. «Jean-Baptiste Charcot». South-pole.com. Henta 28. mars 2013. (Francais voyage)
  36. 36,0 36,1 «Jean-Baptiste Charcot, 1867–1936: Biographical Notes». Cool Antarctica. Henta 28. mars 2013. 
  37. «Scotland and the Antarctic, Section 3: Scott, Shackleton and Amundsen». Glasgow Digital Library. Henta 28. mars 2013. 
  38. Riffenburgh, s. 309–12 (summary of achievements)
  39. Huntford (Shackleton biography) p. 242 (map)
  40. «Jean-Baptiste Charcot». South-pole.com. Henta 28. mars 2013. (Pourquoispas? voyage)
  41. Amundsen, Roald (1976). The South Pole, Vol II. London: C Hurst & Co. ISBN 0-903983-47-8. 
  42. «Nobu Shirase, 1861–1946». South-pole.com. Henta 28. mars 2013. 
  43. Amundsen, Vol I pp. 184–95; Vol II, s. 120–134
  44. Huntford (Last Place on Earth), s.446–74
  45. «Roald Amundsen». Norwegian Embassy (UK). Henta 25 September 2008. 
  46. Scott's Last Expedition Vol I pp. 543–46, s. 580–95
  47. Preston, s. 184–205
  48. «Explorer and leader: Captain Scott». National Maritime Museum. Henta 27 September 2008. 
  49. Huntford (Shackleton biography), s. 366–68
  50. 50,0 50,1 «Wilhem Filchner, 1877–1957». South-pole.com. Henta 28 September 2008. 
  51. Mills, s. 129 et seq.
  52. «Mawson, Sir Douglas 1882–1958». Australian Dictionary of Biography. Henta 28 September 2008. 
  53. «Douglas Mawson». Cool Antarctica. Arkivert frå originalen 17. mai 2012. Henta 28. september 2008. 
  54. Shackleton, s. 63–85
  55. Alexander, s. 143–53
  56. Tyler-Lewis, s. 193–197
  57. Huntford (Shackleton), s. 684
  58. Fisher, s. 483
  59. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 16018
  60. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 3304
  61. «The Southern Cross Expedition». University of Canterbury, New Zealand. Arkivert frå originalen 6. april 2017. Henta 10 August 2008.  ("First Burial on the Continent" section)
  62. Crane, s. 137–38
  63. Crane, s. 165–66
  64. Jeff Rubin (2005). Antarctica (på engelsk). Lonely Planet. s. 265. ISBN 1740590945. 
  65. Speak, s. 88–89
  66. Scott, s. 572–73
  67. Scott, s. 592
  68. Preston, s. 203–05
  69. Huxley, s. 345–46
  70. Huxley, s. 389
  71. Riffenburgh, Beau (2006). «Encyclopedia of the Antarctic». Routledge. Henta 12. desember 2008.  s. 454
  72. Headland, Robert K. (1989). «Studies in Polar Research: Chronological List of Antarctic Explorations and Related Historical Events». Cambridge: Cambridge University Press. Henta 9. november 2008.  s. 252
  73. «Two of Antarctic Expedition Killed». New York Times. 26 February 1913. Henta 4. desember 2008. 
  74. Tyler-Lewis, s. 191
  75. Tyler-wis, s. 196–97; s. 240
  76. Alexander, s. 192–93
  77. Vogt, David (2008). Vår glemte polarhelt - Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900. Oslo: Aschehoug. s. 213. ISBN 978-82-03-29138-8. 
  78. «Norway's Forgotten Explorer». Antarctic Heritage Trust. Henta 10. august 2008. [daud lenkje]
  79. Riffenburgh, s. 304
  80. Huntford (Last Place on Earth), s. 529
  81. Alexander, s. 4–5
  82. «Scotland and the Antarctic, Part 3» (på engelsk). Glasgow Digital Library. Henta 28. mars 2013. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Nettkjelder[endre | endre wikiteksten]