Den indiske monsunstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den indiske monsunstraumen er ein sesongavhengig havstraum i dei tropiske områda nord i Indiahavet. Om vinteren renn det øvre vasslaget vestover frå Indonesia til Arabiahavet. Om sommaren snur retninga til straumen og han renn austover, heilt frå Somalia og inn i Bengalbukta. Desse variasjonane er knytt til monsunvinden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]