Den internasjonale jentedagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Girls at a 2014 International Day of the Girl Child Event.
Jenter ved ei markering av den internasjonale jentedagen i 2014.

Den internasjonale jentedagen er ein SN-dag som blir markert den 11. oktober for å setja situasjonen til jenter, spesielt i fattige land, på dagsordenen. Merkedagen blei innført i 2011 av Generalforsamlinga til SN. Den fyrste markeringa var 11. oktober 2012.

Markeringa blei innført etter initiativ frå Plan International og kampanjen «Because I am a girl». Canada var formell forslagsstillar bak resolusjonen som blei fremma for Generalforsamlinga.

Markeringa av dagen skal støtta fleire moglegheiter for jenter og auka merksemd om kjønnsforskjellar som gjer at jenter fleire stader i verda får færre moglegheiter på grunn av kjønnet sitt. Ulikskapen kan visa seg innan område som tilgang på utdanning, næring, juridiske rettar, helsetenester og vern mot diskriminering, vald og tvangsekteskap.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «As Malala Recovers, U.N. Marks International Day of the Girl Child». Los Angeles Times. 11 October 2012. Henta 11 October 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale jentedagen