Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flagget til ICAO

Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart, engelsk International Civil Aviation Organization (ICAO) er SN sin organisasjon for luftfart. ICAO utarbeider standardar og råd til framgangsmåtar for sikker luftfart mellom statar på alle fagområda innan luftfarten. Han bidreg òg på andre måtar til å utvikla internasjonal luftfart på ein sikker og effektiv måte.

ICAO har hovudkvarter i Quartier international de Montreal i Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I november 1944 vart 55 land og styresmakter invitert til ein luftfartskonferanse i Chicago. Vertskapet var den amerikanske regjeringa, i samarbeid med allierte land. 54 land møtte til konferansen, der Chicago-konvensjonen om sivil luftfart vart underteikna av 52 land den 7. desember 1947. Dette var starten for ICAO, som vart offisielt oppretta i 1947 etter at konvensjonen var ratifisert av ei tilstrekkeleg mengd land. Noreg ratifiserte konvensjonen den 5. mai 1947.