International Telecommunication Union

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
International Telecommunication Union

Skipa17. mai 1865, 1865
HovudkontorGenève
Nettstadhttps://www.itu.int Sjå dette på Wikidata
Monument i Berne, Sveits. Teksten som høyrer til monumentet: «Union Télégraphique Internationale fondée à Paris en 1865 sur l'initiative du gouvernement français. Érigé par décision de l'Union Télégraphique prise à la conférence internationale de Lisbonne en 1908.» (På norsk: «Internasjonal telekommunikasjonssameining skipa i Paris i 1865 etter initiativ frå den franske regjeringa. [Dette monumentet] vart reist etter vedtak i telegrafsameininga ved den internasjonale konferansen i Lisboa i 1908.»)

International Telecommunication Union, ITU, dvs. Den internasjonale teleunionen.

ITU er eit SN-organ skipa 17. mai 1865 for global standardisering innan telekommunikasjon med formelt ansvar for å lage verdsstandardar innanfor telekommunikasjonsområdet. ITU arrangerer også dei fireårlige Telecom-messene.

Organisasjonen hadde per juli 2005 632 medlemmer frå heile verda, og Noreg har vore med sidan starten. Hovudkvarteret held til i Genève i Sveits der også mange av møta vert halden.

ITU er delt i fleire hovuddelar:

  • ITU-T (International Telecommunication Union - Telecommunication Standardisation),
  • ITU-R (International Telecommunicaion Union - Radiocommunication),
  • ITU-D (International Telecommunicaion Union - Telecom Development) og
  • Telecom Exhibitions and Forum (som arrangerer Telecom-messene).

ETSI (Europa) og ANSI (Nord-Amerika) er regionale organisasjonar som samarbeider med ITU, dei fleste store aktørar er medlemmer både i ITU og sin regionale organisasjon.

ITU-T[endre | endre wikiteksten]

ITU-T er den delen av ITU som har ansvaret for standardisering innanfor telekommunikasjonsområdet, og lager og gjev ut fleire seriar med såkalla recommendations (tilrådingar) som i praksis er standardar som skildrar korleis tenester, nett o.a. skal byggast opp.

Pr. juli 2005 er talet med aktive standardar om lag 2900. Eit eksempel på ein mykje brukt standard er ITU-T Rec. G.711, som beskriver formatet for ein PCM talekanal som vert nytta over hele verda i digitale telefoninett og ISDN.

Formelt sett er ikkje desse dokumenta standardar som skal følgjast av alle medlemmer, men fordi dei er mykje gjennomarbeidet og utvikla av grupper der medlemmer frå heile verda er med, og sikrar interoperabilitet verda over; er dei fleste av dei i praksis å oppfatte som standardar. Mange av standardane opnar for regionale tilpassingar i regi av dei formelle standardiseringsorganisasjonane som til dømes ETSI og ANSI.

Bidrag til arbeidet, som går føre seg i 13 ulike studiegrupper med ei lang rekkje undergrupper, kjem frå teleoperatørar, utstyrsprodusentar og forskings- og utviklingsmiljø verda over, og kjem også formelt frå dei regionale standardiseringsorganisasjonane. I tillegg mottar gruppene bidrag frå andre store organisasjonar som ikkje har formelt standardiseringsansvar, som f.eks. IETF og IEEE, og det er nært samarbeid med andre globale organisasjonar som ISO og IEC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]