Den irske sjølvstendekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den irske sjølvstendekrigen, også kalla den anglo-irske krigen, varte frå januar 1919 til juli 1921. Han vart ført av den opphavlege irske republikanske armeen IRA («Old IRA») som ein geriljakrig mot dei britiske styresmaktene i Irland. Sjølvstendet var proklamert to gonger, først under Påskeopprøret i 1916, så etter den store valsigeren til nasjonalistpartiet Sinn Féin i 1918, da dei fleste av dei valde parlamentsmedlemmene ikkje drog til London, men møttest som det første irske parlamentet, First Dáil. IRA vart skipa med mandat frå Dáil til å forsvare republikken mot åtak leidde frå det britiske hovudkvarteret i Irland, Dublin Castle.

IRA førte under leiing av Michael Collins ein klassisk gerlijakrig mot militært overlegne britiske styrkar og kollaboratørar (samarbeidsfolk), mellom dei det irske politiet. Collins hadde lært av Påskeopprøret, og skjønte at dei ikkje hadde ein sjanse i konvensjonell strid.

Britiske styrkar fór i denne situasjonen brutalt fram mot sivilfolket, med øydelegging av eigedom, vilkårlege arrestasjonar og uprovoserte nedskytingar av menneske. Dette styrkte berre antipatien mot dei i fleirtalet av den irske befolkninga, og auka støtta for IRA.

Etter kvart som stadig fleire trekte seg frå politiet, sette britane inn Black and Tans og Auxiliaries, hjelpestyrkar rekrutterte blant skotske og engelske krigsveteranar. Desse var enda meir brutale enn dei regulære britiske styrkane og politiet, og vart svært ill-gjetne i det irske folket. Det var slike Auxiliaries som i november 1920 fór med panserkøyretøy til Croke Park fotballstadion og skaut inn i folkemengda som hemn for at Michael Collins' spesialavdeling i IRA, «The Squad», hadde likvidert 19 leiande britiske agentar (kalla «The Kairo Gang»). 14 tilfeldige uvæpna sivile vart drepne og 65 såra. Seinare same dagen vart òg 3 republikanske fangar skotne «under fluktforsøk».

Det var i Cork-området IRA først bruka sine «flying columns», det vil seie lett utstyrte avdelingar på 100 mann som la seg i bakhald for britiske avdelingar, for så å gøyme seg i landskapet etterpå, eit landskap dei kjende mykje betre enn britane. Dette er klassisk geriljataktikk. Britiske styresmakter svarte med å innføre krigsrett i heile Munster-provinsen.

Tapa vart stadig større på begge sider, og det kom til slutt til våpenstillstand.

I tillegg til krigen med våpen, vart det ført ein propagandakrig mellom partane. Britane prøvde systematisk å framstille IRA som fiendtleg mot protestantar, for å få støtte for dei harde tiltaka sine frå protestantane, sjølv om dei fleste kollaboratørane IRA drap var katolikkar. I eit londonmagasin kom det i 1921 ein artikkelserie med tittelen «Irland og den nye terroren». Det viste seg seinare at forfattaren høyrde til Auxiliaries og skreiv på oppdrag frå «Dublin Castle Propaganda Department».

Motparten gav ut undergrunnsavisa Irish Bulletin som offisielt organ for den irske republikken, med detaljerte skildringar av brutale overgrep frå britisk side, overgrep som ikkje vart prenta av dei britiske og legale irske avisene.

Krigen enda 11. juli 1921 med ei våpenkvile, etter at konflikten var kommen i ein slags uavgjort-situasjon. Dei planlagde fredsforhandlingane vart forseinka da den britiske regjeringa kravde at IRA først måtte levere frå seg våpna sine. Da dette kravet til slutt vart gitt opp, kunne fredsforhandlingane førast fram til Den anglo-irske avtalen, som vart ratifisert (godkjend) av Dáil i desember 1921. Denne innebar noko nær sjølvstende for 26 av dei 32 irske fylka, medan dei 6 siste (Nord-Irland) vart verande i Det sameinte kongedømmet. Den irske fristaten vart sidan til Republikken Irland, medan konflikten mellom nasjonalistar og unionistar har halde fram i Nord-Irland til denne dag.