Den lange marsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Den lange marsjen.

Den lange marsjen (kinesisk 长征, pinyin Chángzhēng) frå oktober 1934 til oktober 1935 var den omfattande militære retretten under den kinesiske borgarkrigen som den kinesiske kommunistiske hæren utførte ut av provinsen Jiangxi for å koma unna dei overlegne styrkane til Kuomintang. Retretten førte etter fleire omvegar til det nordlege Shaanxi.

Kommunistane var blitt omringa i sin kinesiske sovjetrepublikk av styrkane til Chiang Kai-shek. Dei braut ut mot vest i byrjinga av oktober 1934. Den reelle militære leiaren for retretten var i byrjinga den tyske militære rådgjevaren Otto Braun, som hjelpte kommunistene på oppdrag frå Moskva). Han blei etterkvart dytta til sides til fordel for Zhou Enlai og Mao Zedong.

Den lange marsjen kryssa eit særs vanskeleig terreng i vestlege Kina. Etter 370 dagar og ein marsj på ca. 9 000 km[1] ende dei overlevande opp i dei nordlege delane av provinsen Shaanxi. Her kunne kommunistane omgruppera og byggja seg opp att. Marsjen markerte byrjinga på Mao si stiging til toppen som leiar for kommunistiske Kina. Den lange marsjen er blitt eit viktig symbol for Kina, også mange år seinare.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1934 hadde kommunisthæren etablert seg i Jiangxi og skipa ein kommunistisk bastion der. Dei blei raskt fullstendig omringa av langt sterkare Kuomintang-styrkar og deira allierte støttetroppar. Det var ikkje mogleg for kommunistane å stoppa den metodiske framrykkinga som dei betre trena og væpna motstandarane føretok.

Dei første utbrota frå fella blei leia av He Long, Xiao Ke, Xu Xiangqian og Fang Zhimin. Det første skjedde med mindre einingar i juni og var leia av Fang Zhimin. Xiao Te følgde i august.

I oktober kom dei siste 130 000 - soldater og sivile - seg ut frå Kuomintang sitt jerngrep med fire lag blokkhusbefestningar og drog vestover, inn i provinsen Guizhou.

Zunyikonferansen[endre | endre wikiteksten]

Etter nokre månader med utmattande marsj mot vest, drive framover av Kuomintangstyrkar, kom dei leiande kommunistane saman til Zunyikonferansen den 6. januar 1935. Det tre dagar lange møtet ende med eit gjennombrot for Mao Zedong. Han kom inn i sentralkomiteen, og gjennom ein av sine næraste leia han i røynda også den militære framrykkinga. Då marsjen fortsette frå Zunyi den 19. januar, hadde Mao ved alliansebygging og manøvrering fått ein heilt dominerande leiarposisjon i partiet, sjølv om han ikkje var formelt vald til leiar for kommunistpartiet.

Til Sichuan[endre | endre wikiteksten]

Då marsjen fortsette, gjekk han berre nølande nordover og inn i Sichuan. Deretter rykka kommunistane tilbake til Guizhou. Dette gjentok seg endå ein gong. Etter dette gjekk marsjen sørover og inn i Yunnan, før han på nytt gjekk nordover og inn i Sichuan. Det finst ulike framstillingar av kva som motiverte val av rute.

Ein versjon var at hærleiinga ønskeat å trenga inn i provinsen Sichuan for å kunna slå seg saman der med ein annan og sterkare kommunistisk styrke under leiing av Zhang Guotao. Denne styrken var ikkje berre talmessig sterkare, men var også betre forsynt – sovjetiske styrkar stod nemlig i Austturkestan (Xinjiang) og sytte for forsyningar til Zhang Guotao. Etter denne versjonen, som er framstillinga i den maoistiske historieskrivinga, var Kuomintang-styrkame rett og slett for sterke, og #retretten til Guizhou kom av nederlaget kommunistane blei påført rett etter at dei var gått inn i Sichuan.

Ein annan versjon, framlagd av Jung Chang, hevdar at Mao ikkje ønska å sameina sine krefter med dei til Xhang Guotao før han hadde sikret seg ei sterkar leiarstilling. Ho meiner at dei to store militære nederlaga som kommunistene leid, først ved den første inntrenginga i Sichuan og deretter i Guizhou, nærast var planlagde av Mao for å vinna tid for denne maktkonsolideringsprosessen.

Frå Sichuan til Shaanxi[endre | endre wikiteksten]

Det var først i mai at Mao sine styrkar rykka inn i Sichuan. Dei to kommunisthærane kunne no sameina krefter. Det#i tok ei avgjerd om å rykka nordover, nærare område som var kontrollert av Sovjetunionen. Etter opprhavleg å ha blitt einige om framrykking langs to aksar, med Mao si gruppe i den austlege og terrengmessig svært vanskelege, blei dette omgjort kort tid etter at framrykkinga tok til. Begge styrkar skulle følgja den austlege, bestemte Mao, og Mao sin styrke låg i tet.

Under denne framrykkinga blei marsjdeltakarane angripne både av kuomintangstyrkar og av lokale krigsherrar. I oktober var dei fremme i Yan'an i det nordlege Shaanxi.

Mao si stilling[endre | endre wikiteksten]

Den lange marsjen hadde som følgje at Mao blei ein sjølvsagt leiar for det kinesiske kommunistpartiet. Tidleg under marsjen var Mao sjuk, med ein feber på 41 grader. Under delar av marsjen blei han difor boren i ein spesialbygd berestol. Mange andre deltkarar på marsjen blei også leiande skikkelsar i kommunistpartiet, mellom anna Liu Shaoqi, Zhu De, Lin Biao og Deng Xiaoping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Chang, Jung & Halliday, Jon (2005). Mao: The Unknown Story. Alfred A. Knopf. s. 814 pages. ISBN 0-679-42271-4. 
  • Griffith, Samuel B. (translator) (2005). Yu Chi Chan (On Guerrilla Warfare) by Mao Tse-tung (1937). Dover Books on History. s. 128 pages. ISBN 0-486-44376-0. 
  • Jocelyn, Ed & McEwen, Andrew (mars 2006). The Long March. Constable and Robinson. s. 320 pages. ISBN 1-84529-255-3. 
  • Kampen, Thomas (2000). Mao Zedong, Zhou Enlai and the Evolution of the Chinese Communist Leadership. Nordic Institute of Asian Studies. s. 66–83. ISBN 87-87062-76-3. 
  • King, Dean (2010). Unbound: A True Story of War, Love, and Survival. Little, Brown and Company. s. 432 pages. ISBN 978-0-316-16708-6. 
  • Bosshardt, Rudolf Alfred (1975). The Guiding hand: Captivity and Answered Prayer in China. Hodder and Stoughton. s. 192 pages. ISBN 978-0340175453. 
  • Salisbury, Harrison Evans (1985). The Long March : The Untold Story. Harper & Row, New York. s. 419 pages. ISBN 0-06-039044-1. 
  • Shuyun, Sun (2008). The Long March: The True History of Communist China's Founding Myth. Anchor. s. 304. ISBN 0-307-27831-X. 
  • Snow, Edgar (1968). Red Star Over China (Revised utg.). Grove Press. s. 534 pages. ISBN 0-8021-5093-4. 
  • Whitson, William W. (1973). The Chinese High Command : A History of Communist Military Politics 1927–71. Praeger. ISBN 0-333-15053-8. 
  • Wilson, Dick (1971). The Long March 1935: The Epic of Chinese Communism's Survival. Penguin Press. s. 283 pages. ISBN 0-14-006113-4. 
  • Yang, Benjamin (1990). From Revolution to Politics: Chinese Communists on the Long March. Westview Press. s. 240 pages. ISBN 0-8133-7672-6. 
  • Young, Helen Prager (2000). Choosing Revolution: Chinese Women Soldiers on the Long March. University of Illinois Press, pp. 282 pages. ISBN 978-0-252-07456-1
  1. Zhang, Chunhou. Vaughan, C. Edwin. [2002] (2002). Mao Zedong as Poet and Revolutionary Leader: Social and Historical Perspectives. Lexington books. ISBN 0-7391-0406-3. pg 65.
  2. Jørgen Lohne (22.oktober 2016), «Hans brutale vanstyre kostet titalls millioner liv. Nå står kinesere i kø for å hylle Den lange marsjen, som sikret ham makten», Aftenpostenn, https://www.aftenposten.no/verden/i/KA88X/Hans-brutale-vanstyre-kostet-titalls-millioner-liv-Na-star-kinesere-i-ko-for-a-hylle-Den-lange-marsjen_-som-sikret-ham-makten