Den latinamerikanske bløminga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den latinamerikanske bløminga på 1960-talet står for eit kulturelt oppsving, spesielt innan litteraturen, som følgje av den økonomiske veksten i Latin-Amerika i etterkrigsåra.

Ein ny generasjon forfattarar, med representantar som Gabriel García Marquez, Carlos Fuentes, Mario Vargas Llosa og Julio Cortázar, fekk internasjonal merksemd, og bøkene deira vart selde i store opplag.

Det kanskje aller mest kjende verket frå den latinamerikanske bløminga er García Marquez sin roman Cien años de soledad ('Hundre års einsemd') frå 1967, utgjeven på norsk i 1970 under tittelen Hundre års ensomhet, omsett av Kjell Risvik. Boka bidrog til at latinamerikansk litteratur vart verdskjend, og ho introduserte sjangeren magisk realisme. Boka vart den mest selde romanen på spansk i moderne historie, etter Don Quixote.

Også eldre forfattarar fekk ny merksemd som følgje av den latinamerikanske bløminga, blant dei Miguel Angel Asturias som fekk nobelprisen i litteratur 1967.