Den masoviske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvane Vistula og Narew møter einannan på den masoviske sletta

Den masoviske sletta (polsk Nizina Mazowiecka) er ei stort geografisk område sentralt i Polen, som hovudsakleg dekkjer den historiske regionen Masovia. Det ligg i dalane til dei tre store elvane Wisła, Bug og Narew. Sjølv om ho er relativt tett folkesett og urbanisert har Den masoviske sletta fleire store skogar som ein gong var ein del av den tett urskogen som dekte det meste av Polen; Kampinosskogen, Kurpieskogen, Den kvite skogen, Kozieniceskogen og Den grøne skogen.

Tektonisk er Den masoviske sletta eit stabilt og trygt område, eit område som består av fleire lag av sedimentære bergartar og sand. Området var dekt av is under den siste istida. Sidan isen stoppa her i dette området er det store skilnader mellom dei sørlege og nordlege delane av sletta. I nord finn ein vide opne sletter, medan ein i sør finn meir kupert terreng. I sør finn ein òg fleire raviner danna under tidlegare istider.

Sidan jordsmonnet i området stort sett er dårleg, er mykje av jordbruket fokusert på fruktproduksjon.

Elvenettverket i området er omfattande og av elvar finn ein mellom anna Wisła, Narew, Bug, Pilica, Wieprz og Wkra. Alle desse har kjeldene sine utanfor regionen.

Klimaet på Den masoviske sletta er temperert kontinentalt med middeltemperaturar om sommaren omkring 18 til 18,5 °C. Nedbørsmengdene er av dei lågaste i Polen og stig som regel ikkje over 500 mm i året i dei sentral delane og 600 mm i grenseområda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.