Den nikenske truvedkjenninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ikon som skal vise keisar Konstantin saman med fire av kyrkjefedrane på kyrkjemøtet i Nikea i år 325. Framfor seg held dei opp den nikenske truvedkjenninga.

Den nikenske truvedkjenninga er ei truvedkjenning frå oldkyrkja som vert brukt ved dåp i Den ortodokse kyrkja og som vert sungen eller lesen i messa i Den katolske kyrkja og ved nattverdgudstenesta i Den anglikanske kyrkja, og i Den guddomlege liturgien i Den ortodokse kyrkja.

I Den norske kyrkja høyrer den nikenske truvedkjenninga saman med den apostoliske truvedkjenninga og Den athanasianske truvedkjenninga til dei sentrale vedkjenningsskriftene. Etter den gamle liturgien song dei den nikenske truvedkjenninga på versemål i Luther sin salme Vi troe allesammen paa een Gud, nr 9 i Kingos salmebok, i Norsk Salmebok nr 230: Vi trur på Gud, vår Fader god, omsett av Bernt Støylen. I 1889 vart vedkjenningssalmen avløyst av den apostoliske truvedkjenninga. Høgmesseliturgien tillèt likevel at den nikenske truvedkjenninga vert brukt ved særlege høve, og den vert normalt brukt på høgtidsgudstenester i Dnk, men vert også brukt på enkelte andre gudstenester.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den nikenske truvedkjenninga, Symbolum Nicaenum eller Symbolum Nicaeno-Constantinopolitanum skal ha blitt vedteken på kyrkjemøtet i Nikea i 325 som eit svar på striden med presten Arius i Alexandria. Møtet var samankalla av keisar Konstantin for å få ro i den nyleg etablerte kyrkja. Til møtet kom det prestar og biskopar frå heile Romarriket, mest frå den austlege delen, og den dåverande paven var ikkje tilstades. Møtet sat samla frå mai til september 325, og vedkjenninga vart der vedteken, mest sansynleg grunna i ei dåpsvedkjenning frå austkyrkja.[1] Med somme endringar vart Nicenum vedteken på nytt på kyrkjemøtet i Konstantinopel i 381. I vestkyrkja la dei etter kvart til leddet Filióque i det tredje avsnittet, noko som førte til strid med austkyrkja.

Denne truvedkjenninga gjekk òg under namnet Patrem, av di kyrkjelyden svara med leddet Patrem omnipoténtum etter at liturgen hadde innleia med orda Credo in unum Deum.

Norsk tekst[endre | endre wikiteksten]

Vi trur på ein Gud, den allmektige Far,
som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.
Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus,
Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.
Ved han er alt skapt.
For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen,
og ved Den Heilage Ande og av Maria møy
vart han menneske av kjøt og blod.
Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,
leid og vart gravlagd,
oppstod tredje dagen etter skriftene
og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen,
skal komme att i herlegdom og døma levande og døde,
og hans rike skal vera utan ende.
Vi trur på Den Heilage Ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen [og Sonen],
som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen,
og som har tala gjennom profetane.
Vi trur på ei, heilag, katolsk og apostolisk kyrkje.
Vi vedkjennest ein dåp til forlating for syndene
og ser fram til oppstoda av dei døde
og eit liv i den kommande verda.
Amen.

Latinsk tekst[endre | endre wikiteksten]

Credo in unum Deum, Patrem omnipoténtem,
factórem cæli et terræ, visibílium ómnium et invisibílium.
Et in unum Dóminum Jesum Christum,
Fílium Dei unigénitum. Et ex Patre natum ante ómnia sæcula.
Deum de Deo, Lumen de Lúmine, Deum verum de Deo vero.
Genitum non factum, consubstantiálem Patri:
per quem ómnia facta sunt.
Qui propter nos hómines et propter nostram salútem descéndit de cælis.
Et incarnátus est de Spíritu Sancto ex María Vírgine:
Et homo factus est.
Crucifixus étiam pro nobis sub Póntio Piláto,
passus et sepúltus est.
Et resurréxit tértia die, secúndum Scriptúras.
Et ascéndit in cælum: sedet ad déxteram Patris.
Et íterum ventúrus est cum glória, iudicáre vivos et mórtuos:
cuius regni non erit finis.
Et in Spíritum Sanctum,
Dóminum et vivificántem:
qui ex Patre [Filióque] procédit.
Qui cum Patre et Fílio simul adorátur et conglorificátur:
qui locútus est per Prophétas.
Et unam, sanctam, cathólicam et apostólicam Ecclésiam.
Confiteor unum baptísma in remissiónem peccatórum.
Et expécto resurrectiónem mortuórum.
Et vitam ventúri sæculi.
Amen.

Tekstgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Den norske teksten er henta frå Norsk Salmebok, den latinske er henta frå Den katolske kyrkja si salmebok Lov Herren. I Den ortodokse kyrkja har dei ikkje med det ordet Filióque i det tredje avsnittet.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. For ei kort framstilling av korleis vedkjenninga vart til, sjå Brynjar Haraldsø, Kirke og misjon gjennom 2000 år, Lunde forlag, 2001. Side 41.