Den norsk-russiske grensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Noreg sine riksgrenser ██ Svenskegrensa██ Finskegrensa██ Russergrensa

Den norsk-russiske grensa er riksgrensa mellom Noreg og Russland. Ho strekkjer seg 196 kilometer frå Treriksrøysa i Pasvikdalen, der Finland, Noreg og Russland møtest, til Grense Jakobselv. To tredelar av grensa går langs elvar og vassdrag, i hovudsak Pasvikelva og Jakobselva. Grenselanda Noreg og Russland har om lag 230 operative soldater kvar langs grensa. 396 grensemerke merkjer grensa. Av desse er det tre som markerar grensa utover i Barentshavet.

På norsk side blir grenseavtalen følgd opp med grenseovervaking (Garnisonen i Sør-Varanger), grensekontroll (Østfinnmark politidistrikt) og Grensekommissariatet for den norsk-russiske grense. Dei held tilsyn med avtaleverket og har jamnleg kontakt med russarane. Det er berre ein grensekontroll, og den er i Storskog.

Russland hadde 14 grensestasjoner langs grensa frem til 2006. I 2007 vart 7 av desse lagt ned. Myndigheitene i Noreg og Russland held seg til grensekonvensjonen av 1826. Den skal mellom anna sikre at begge har tilgang til grensevassdraga heile vegen.

I 2016 sette norske myndigheiter opp eit 200 meter langt ståltrådgjerde langs grensa ved Storskog.[1]

I 2016 vart det gjort ein avtale om at den russiske grensekontrollen ikkje tillét folk å krysse grensa hvis dei ikkje hadde rett visum til Noreg. Dette tyder at dei ikkje kan søke om asyl fordi dei aldri når Noreg. I tvilstilfelle har det norske grensepolitiet lov til å sjå pass medan eigaren må vente ved den russiske stasjonen.[2]

Kartet i 1826

Grenseoppgangar[endre | endre wikiteksten]

Den rosa fargen viser landområde som Noreg vart tildelt i 1826.
Grensestolpe ved Grense Jakobselv

Grensa mellom Noreg og Russland vart gått opp og justert i 1826 og 1846.[3] I 1847 vart det inngått avtale om grenseoppgangar kvart 25. år, og det vart gjennomført slike i 1871 og 1896. Etter fyrste verdskrigen var det Finland og ikkje Russland som grensa til Noreg, og det vart gjennomført ein grenseoppgang mellom Noreg og Finland i 1925. Etter at Sovjetunionen vart norsk granne, vart det gjennomført ein grenseoppgang i 1947. I 1949 blei det underteikna ein overeinskomst om forskjellige forhold ved grensa, inkludert byggjing av vasskraftverk i Pasvikelva.[3] I 2009 blei det avtalt mellom Noreg og Russland å føreta ein ny grenseoppgang.[4] Òg den delen av grensa som går over land vart gått over og mælt på ny. Grenseoppgangen vart avslutta med ei markering i 2013.[5]

Den nye grensa trong ikkje å få anerkjenning av andre land enn Noreg og Russland. Utenriksdepartementet kom likevel med presiseringa at oppdraget er å «kontrollere at grensen går der vi har avtalt at den skal gå».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uklokt at Norge bygger høyt gjerde mot Russland (NRK 2.9.2016)
  2. Storskog: Nye «sykkelasylsøkere» på vei?
  3. 3,0 3,1 Johanson.
  4. Noreg og Russland einige om ny grenseoppgång. Utenriksdepartementet (23. oktober 2009)
  5. Fyrste grenseoppgang mellom Noreg og Russland siden 1947. Nationen (22. oktober 2012)