Den norske Creditbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygningen frå 1926 i Kirkegata 21 i Oslo som hysa hovudkontoret til Den norske Creditbank.

Den norske Creditbank (DnC) var ein norsk forretningsbank som vart skipa 1. oktober 1857 med hovudkontor i Oslo (Christiania), og etter ymse fusjonar danna mykje av grunnlaget for den noverande finansinstitusjonen DNB ASA.

På 1960- og 1970-talet kjøpte eller slo Den norske Creditbank seg saman med mange lokale og regionale banker i Noreg, inklusive Odda By- og Bygdebank (1964), Porsgrunds Ørebank (1964), Røkens Bank (1964), Oplandske Kreditbank (1966), Horten og Omegns Privatbank (1970), Privatbanken i Sandefjord (1970), Østfold Privatbank (1970), Finnmarkens Privatbank (1973), Haugesunds Forretningsbank (1973) og Opplandsbanken (1980). I april 1990 vart Den norske Creditbank og Bergen Bank slegne saman som Den norske Bank, som seinare vart til DNB ASA.

Bygningen som hysa hovudkontoret til Den norske Creditbank vart oppført 1923–26 etter teikningar av arkitekt Kristian Biong saman med arkitektane Carl Michalsen, Einar Smith og Eystein Michalsen. Kristian Biong fekk i 1928 Houens fonds diplom for denne bygningen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Einar Lie: Den norske Creditbank 1982-1990. En storbank i vekst og krise. Universitetsforlaget 1998. ISBN 82-00-12754-0