Den norske ambassaden i Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Noregs ambassade i Moskva.

Den norske ambassaden i Moskva ligg i Povarskaja-gata 7 i Moskva sentrum. Leidulv Namtvedt er norsk ambassadør til Russland.

Kvart år er 30 000 russarar innom ambassaden for å søkja om visum. Detta gjer ambassaden til den norske utenriksstasjonen som handterer flest visumsøknader.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Noreg etablerte i 1924 ein legasjon i Sovjetunionen og Andreas Tostrup Urbye vart første minister. Frå 1927 til 1929 jobba òg den russisktalende Vidkun Quisling her, då legasjonen hadde fått merarbeidet med å representera britiske interesser.[1] Under andre verdskrig oppgraderte dei allierte stormaktene statusen til #den diplomatiske representasjonane i mindre land og i 1942 vart den norske legasjonen omgjort til ambassade.

Ambassadebygninga[endre | endre wikiteksten]

Noreg overtok ambassadebygningen i Moskva tidleg på 1940-talet, og disponerer bygården mot at Russland får disponera Drammensveien 74 i Oslo. I 2009 stod ambassadebygningen klår igjen etter tre og eit halvt år med oppussing. I prosessen vart blant annan fasaden ut mot Povarskaja totalrenovert.

Sendemenn og ambassadørar[endre | endre wikiteksten]

Knut Hauge helsar på Dmitrij Medvedev den 27. februar i 2009.
  • 1906–1918 Nikolai Prebensen stasjonert i St. Petersburg fram til den russiske revolusjonen[2]
  • 1924–1939 Andreas Tostrup Urbye, vart Noregs første sendemann til det nye Sovjet
  • 1939–1941 Einar Maseng, sendemann/ambassadør
  • 1942–1946 Rolf Andvord, ambassadør, òg sendemann til Teheran
  • 1946–1949 Hans Christian Berg, òg sendemann til Teheran
  • 1949–1951 Carsten Jacob Helgeby (døydde seint i 1951, Lars Jorstad var avløysar)
  • 1951–1953 Jens Schive
  • 1954–1958 Erik Braadland
  • 1958–1961 Oscar Christian Gundersen
  • 1961–1965 Frithjof Halvdan Jacobsen
  • 1966–1970 Ivar Lunde
  • 1970–1974 Frithjof Halvdan Jacobsen
  • 1975–1979 Petter Grev
  • 1979–1985 Dagfinn Stenseth
  • 1985–1990 Olav Bucher-Johannessen
  • 1990–1994 Dagfinn Stenseth
  • 1994–1999 Per Tresselt
  • 2000–2008 Øyvind Nordsletta
  • 2008–2013 Knut Hauge (diplomat)
  • 2013– Leidulv Namtvedt

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei uunnværlige flinke
  2. Detaljar frå denne tida er gjeven i

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]